Det enda med eit brak i Toronto

Krigsflygaren førte 45 nordmenn halve jorda rundt, slik at dei kunne kjempa mot nazistane. Sjølv skulle Conrad Mohr aldri komma tilbake.

Han var flygaren, familiefaren og forretningsmannen som la ut på den lange flukta. Conrad Mohr reiste frå alt han hadde kjært for å sørga for at fleire titals unge norske menn kunne ta del i kampen mot okkupasjonsmakta.

Gjennom kameralinsa dokumenterte han det heile. Det gjer at me, 76 år seinare, kan vera med på den ufattelege, farlege og spektakulære ferda.

I videoen under får me helsa på han i eit ørlite glimt. I fargar og levande live. Kastar eit flyktig blikk mot eige kamera.

Conrad Mohr hadde to store mål: Å fly nazistane i senk, og å komma heim att.

Siste møtet

Ein liten gut på fanget til faren. Begge ler. Veit lite om at denne fridagen, den første maidagen i 1941, er siste gongen dei leikar i lag. Siste gongen dei ser kvarandre.

Guten tøysar med pipa faren har i munnvika. Mora er òg med. Det er ho som tar biletet. Dei fotograferer kvarandre, òg. Han og henne. I solveggen. Ein plass i Oslomarka.

Conrad Mohr saman med kona Eva og sonen Bill dagen før han flykta frå Noreg.

DAGEN FØR FAREN FORSVANN: Bill Mohr på fanget til faren Conrad 1. mai 1941. Under: Conrad Mohr og Eva Mohr same dag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Eit langt liv seinare: Du må sjå ei stund på bileta i albumet før du ser at det er to fotografi. Eit av han og eit av henne. Limt inntil kvarandre, så det skal sjå ut som eitt.

– Krigen endra alt. Ingenting vart det same, seier Bill Mohr der han sit i lenestolen på den skotske landsbygda.

Han var den vesle guten på biletet. Han som sat der utan å vita kor skjørt livet var. No har han levd eit langt liv, men eit heilt anna liv enn han var tiltenkt.

Bill Mohr ser på dagbøkene, loggbøkene og flysertifikata til faren Conrad Mohr
Foto: Sølve Rydland / NRK

Kledd i ein norsk strikkegenser, leitar han etter dei rette orda på morsmålet. Ein pertentleg bergensdialekt som nesten ikkje finst lenger.

– Me må forstå at det var krig og at det å kjempa for fedrelandet var viktigare enn alt anna, seier Bill medan han ser tankefullt bort frå dei gamle bileta og ut i den pent danderte hagen.

Det er 76 år sidan bilete av han og faren vart tatt. Dagen etter reiste faren. 27 år gammal gjekk Conrad Mohr til fots over svenskegrensa seint på kvelden. Drog frå alt han hadde kjært. Ofra alt. Rikdom. Familie. La ut på den mest spektakulære og eksotiske reisa ein kan tenka seg.

Conrad Mohr og det norske reisefølgjet på eseltur i India

EIT EVENTYR: Våren 1941 la Conrad Mohr ut på ei fascinerande reise. Her er han saman med fleire andre nordmenn på tur på eselryggen i traktene rundt Teheran i Iran.

Foto: Ukjend

Bill Mohr går til safen. Det er noko han vil visa oss. Om han berre greier å finna det. Han har ikkje sett den vesle skatten på fleire år. Det einaste som overlevde då alt anna vart offer for tyngdekraft og flammar.

Flyvraket mellom bjørkestammane

Krigsinnsatsen til Conrad Mohr starta allereie eitt år før han flykta til Sverige. Fire månadar før Bill vart født. Han var ein av dei som straks verva seg til teneste då sjokkmeldinga om det tyske åtaket kom. Dagen etter krigsutbrotet, kyssa han farvel til kona Eva og barnet i magen i Gabels gate i hovudstaden.

Han kjempa i Hæren på Hadeland. Då den første krigsmånaden gjekk mot slutten, hadde han enda opp heilt nord i Gudbrandsdalen. Der vart det dramatisk:

28. april 1940: Det var på tide å berga det som kunne bergast. Nitten dagar etter at krigen hadde starta, hadde britiske offiserar gitt opp Sør-Noreg. På det snødekte Lesjaskogvatnet fekk den unge bergensaren klar melding: «Gjer alt du kan for å få flymaskina til Troms». Austlandet var ei tapt sak.

Krigsdagane hadde gått hardt utover den vesle norske flystyrken. Det var behov for fleire som kunne kunsten å sveva over skogane. Conrad sa ikkje nei, om han vart spurd om noko som handla om fart og adrenalin. Med eit fem år gammalt sivilt flysertifikat i bagasjen, vart Conrad Mohr brått krigsflygar.

Det var tid for å flykta mot nord.

Norske fly oppstilt på Lesjaskogvatnet i aprildagane 1940.

MELLOMBELS FLYPLASS: Norske fly oppstilt på Lesjaskogvatnet i slutten av april 1940. Få dagar etter at biletet vart tatt, var det berre nokre få fly igjen.

Foto: Conrad Mohr

Dei var to om bord då småflyet – ein Tiger Moth med skiutrusting – sklei over det snødekte vatnet. Letta over grantrea. Såg ned på små innlandsgrender. Skigardar. Snødekte vatn. La kamphandlingane bak seg. Piloten, altså vår mann, sat framme. Mekanikaren i setet bak. Illevarslande drønn i det fjerne gav sikre prov på at fienden var nær.

Norsk Fokker ved Lesjaskogvatnet

LANDING: Eit norsk fly, ein Fokker, landar på Lesjaskogvatnet i aprildagane 1940.

Foto: Conrad Mohr

Det var ikkje berre tyskarane som skulle skapa trøbbel for Conrad Mohr denne siste sundagen i april.

Då dei to passerte vest for Dombås, merka 26-åringen at noko var alvorleg gale med flymaskina. Etter om lag 50 minutt i lufta, før dei har nådde Hjerkinn, stoppa motorduren. Flymaskina rasa mot bakken.

Eit forferdeleg brak. Kvistar og greiner som knakk. Flyet skrapa over knausar, glei over snø. Eit brak. Så vart det stille.

To menn kravla ut av flyvraket. Fillerista, men utruleg nok: Like heile. Conrad Mohr hadde vore heldig, men òg dyktig som greidde å naudlanda. Flyet som skulle ha vore på vengjene i retning Nord-Noreg låg klemt fast mellom tre bjørkestammar.

For å dokumentera det heile, lånte mekanikaren fotografiapparatet til Conrad Mohr:

Conrad Mohr etter flystyrt nord for Dombås. Mekanikaren tar biletet med Mohr sitt kamera.

FRAMFOR FLYVRAKET: Conrad Mohr vert fotografert sekund etter at flyet han førte styrta mellom Dombås og Hjerkinn. Mekanikaren Arne Ankersveen var passasjer og tok biletet.

Foto: Arne Ankersveen

Sjølv om Conrad Mohr hadde englevakt: Flystyrten mellom bjørkene på det norske innlandet, skulle berre verta ein forsmak på kva han hadde i vente.

Dei to havaristane tok beina fatt. Det hasta med å komma seg vekk frå tyskarane, som nærma seg.

Etter ei stund møtte dei ein gjeng med britiske soldatar på flukt vekk frå fronten. Dei hadde gått seg vill, og spurde om Conrad kunne hjelpa dei med å finna vegen. Det var ikkje særleg vellukka: Same dag var tyskarane over dei.

Korleis det eigentleg skjedde veit me ikkje. Conrad Mohr og resten av følgjet, vart uansett overmanna av tyskarane. Frakta som krigsfangar til fangeleiren på Trandum ved Gardermoen.

Ein ekte Mohr frå Bergen

Krigsfange. Conrad Mohr fekk nok ein rar smak i munnen, om han smakte på ordet. Han som var van med å gjera alt han ønskte. Klara alle utfordringar. No var han ikkje lenger ein fri mann. Kontrasten var stor til det livet bergensaren hadde levd i 26 år.

Eva og Conrad Mohr

UNGE OG LUKKELEGE: I 1939 gifta Conrad og Eva Mohr seg på Storetveit i Bergen.

Han vaks opp i den bergenske overklassen på godset på Storetveit i Fana. Bestefaren var forretningsmannen, legatskiparen og konsulen som vanka med keisar Wilhelm. Faren var godseigaren, ordføraren og stortingsmannen som fekk æra for at Bergen fekk sitt eige universitet.

Sjølv om det mest låg til rette for Conrad Mohr, var han den typen som verkeleg tok vare på dei sjansane han fekk. Tok utdanning i Tyskland, London og USA.

Dei siste åra hadde bergensaren gjort kometkarriere. Jobba som salssjef i den norske delen av den amerikanske oljegiganten Standard oil. Hadde knytt kontaktar der ute i verda. Først jobba han i Bergen. Deretter i Oslo. Spesialiserte seg på flydrivstoff. Han hadde òg møtt draumedama. I 1939 gifta dei seg. Han og Eva. Dei hadde verkeleg livet framfor seg. Sommaren 1940 venta dei sitt første barn. Han hadde òg skaffa seg ein bil dei fleste såg langt etter: Ein Riley.

No var doningen gøymd vekk. Tyskarane måtte ikkje få fingrane i gliset.

Men Conrad Mohr tok òg høg risiko. Oppsøkte farlege situasjonar. Tok flysertifikat som 21-åring. Vart premiert etter konkurransar på sjølvkonstruert motorsykkel, utfordra grensene til racerbilar. Var noko så sjeldan som skihopparen som representerte Sportsklubben Brann. Gjorde seg merka med dristige svev over amerikansk snø.

Conrad Mohr på motorsykkeltur før krigen

GLAD I FART: Conrad Mohr på motorsykkelen med startnummer på brystet.

Foto: Eva Mohr

Kanskje var det risikosøkjaren i han som gjorde at han no sat internert på Trandum. Også i fangeleiren var Conrad Mohr ein som fekk ting til å skje. Ein det ikkje var stille rundt. Snakka tysk og engelsk. Kunne kunsten å konversera. Vart eit bindeledd mellom medfangar og fangevaktarar. Men også her tok han sjansar. Den første 17. mai-feiringa i leiren førte til oppstand: Conrad og andre medfangar song den norske nasjonalsongen så det ljoma i veggane. Tyskarane tok det særs ille opp.

Likevel: Etter ei stund snakka bergensaren seg ut av fengselet på tysk. Argumenterte med at han var bondeson, og at det var bruk for han heime på garden på Storetveit.

Så snart han kunne, allereie i juni 1940, gjekk han tilbake til det vanlege livet i Oslo. Gjekk til kontoret kvar morgon. Jobba i oljeselskapet. Sommaren kom: Eva og Conrad vart foreldre til ein vilter og frisk gut. Men okkupasjonen gjorde Conrad rastlaus.

Det var ikkje likt den energiske bergensaren å sitta på kontoret medan andre kjempa for den viktige saka. Men kva skulle han bidra med?

Mohrs vesle raude

Våren 2017: Bill Mohr leitar vidare etter den vesle skatten han så gjerne vil visa oss. Men i huset på den skotske landsbygda finst det òg noko anna som kastar nytt lys over det faren valte å gjera under krigen:

Ein liten raud almanakk kjøpt i Sverige i 1941.

Dagboka til Conrad Mohr

DAGBOKA: Denne vesle boka gøymer detaljane om reisa Conrad Mohr la ut på.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Bill Mohr hadde hatt boka liggande i årevis. Han visste at faren hadde skrive dagbok under krigen, men aldri funne boka.

Denne våren gjekk han gjennom sakene til faren ein gong til. Var det noko som kunne gje svar på dei mange spørsmåla? I den vesle raude almanakken oppdaga han små nøkterne skildringar, om den elleville reisa han hadde høyrd så mykje frå, men likevel visste så lite om.

– Det må ha vore eit fantastisk eventyr, seier Bill i det han blar opp på ei tilfeldig side i den vesle raude boka.

Han les:

27. juni 1941: Båt Odessa - Istanbul går ikke. Får ordnet med spisebilletter til alle 45. Er nu leder for hele gruppen.

Dagboka til Conrad Mohr

Den lange reisa startar

Våren 1941 fann Conrad Mohr ut kva som skulle vert hans kall under krigen. Ei oppfordring hadde komme over eteren frå London: I ein radiotale hadde admiral Hjalmar Riiser-Larsen bede alle nordmenn med flysertifikat om å melda seg til teneste, ved den nyoppretta norske flybasen i Little Norway i Canada. Han og Eva vart samde om at han burde reisa. Det var ikkje noko smal sak å komma seg til Canada våren 1941. Conrad Mohr hadde ikkje tatt skrekken etter flystyrten nord for Dombås eit år tidlegare. Han ville ut i verda og slost for landet sitt.

Avgjerda hadde likevel ein stor kostnad: Han måtte reisa frå kona og sonen på ni månadar.

2. mai 1941 kryssa Conrad Mohr svenskegrensa. Flukta vart organisert av ein av kollegaane i oljeselskapet. Reisefølgjet var filmfotografen og regissøren Ulf Greeber. Dei gjekk til fots over grensa. Kor dei eigentleg gjekk er ei gåte. Ingen av namna Conrad noterte ned i almanakken er å finna på noko kart. Men dagen etter kom dei til Charlottenberg, der dei registrerte seg som flyktningar.

Conrad Mohr registrerte seg som flyktning etter å ha komme fram til Sverige

REGISTRERT: Etter å ha komme fram til Sverige, vart Conrad Mohr registrert som flyktning.

Foto: Arkivverket

Nokre dagar seinare hamna dei i den svenske hovudstaden, der dei møtte mange nordmenn. Dei andre norske såg straks at rikmannssonen frå Bergen hadde eineståande organisatoriske evner. Han visste kven han skulle kontakta. Kva han skulle seia. Når Conrad Mohr 18. juni sette seg på flyet på Bromma-flyplassen i retning Moskva, var han reiseleiar for elleve mann. I bagasjen hadde han sovjetisk, tyrkisk, syrisk og amerikansk visum. Samt pengar han hadde skrapa saman, mellom anna frå oljeselskapet.

Før turen gjekk vidare med tog sørover frå Moskva mot Svartehavet, selde nordmennene klede og saker dei ikkje lenger hadde bruk for. Dei trong pengar til å finansiera reisa dei skulle leggja ut på. Conrad Mohr kvitta seg med ei regnkappe og ei sportsjakke. Fortenesta står sirleg notert i almanakken:

19. juni 1941: Solgte regnjakke og sportsjakke for 260 rubler.

Dagboka til Conrad Mohr

Togar inn i verdskrigen

Fjerne drønn vekte dei gong på gong. Togpassasjerane som natt til 22. juni 1941 nærma seg Odessa. Toget stoppa stadig. Kontrollpostane låg merkeleg tett.

Conrad Mohr kom fram til jernbanestasjonen i Odessa dagen før. Venta på andre halvdel av det norske reisefølgjet som i alt talde 45 mann. Togturen var lang. Men alle dei norske var på ei mykje lengre reise. Dei skulle til Canada og Storbritannia. Den lange vegen. Den enormt lange vegen. Rundt ein krig. Allereie i morgontimane i byen ved Svartehavet forstod dei at vegen fram vart mykje lengre enn dei hadde tenkt.

Russiske soldatar i Odessa

GJER SEG KLARE FOR KAMP: Russiske troppar mobiliserer i Odessa sommaren 1941.

Foto: Ap

På jernbanestasjonen i den ukrainske byen, fekk dei melding om det dei færraste hadde trudd kunne skje: Tre millionar tyske og rumenske soldatar hadde i løpet av natta tatt seg inn i Sovjetunionen. Operasjon Barbarossa var eit faktum. Den tysk-sovjetiske krigen som skulle verta allment kjend som den mest bestialske i verdshistoria. I det resten av nordmennene steig ned på perrongen, hadde tyske fly allereie bomba flyplassen i svartehavsbyen.

Å venta på fienden

Det som eigentleg skulle ha vore eit kort stopp i den vakre byen ved Svartehavet, vart ein lang og nervepirrande pause. For kvar dag kom den tyske krigsmaskina nærmare byen der kvar tredje innbyggjar var jøde. Conrad og dei andre vart vitne til korleis russarane mobiliserte til krig. Gatene var fulle av marsjerande representantar for den raude armeen. På murar og lyktestolpar hang plakatar av Hitler og Mussolini framstilt som ynkelege dyr. Til og med barna lempa sandsekkar som skulle verta til barrikadar i gatene og avenyane.

Utdrag frå Conrad Mohr si dagbok

DAGBOKNOTAT FRÅ ODESSA: Conrad Mohr noterer korleis dei første krigsdagane i byen ved Svartehavet arta seg.

Planen til Conrad Mohr, og dei 44 han no hadde ansvar for, var å halda fram mot Istanbul, slik mange nordmenn hadde gjort før dei. Seinast eit par dagar tidlegare hadde 59 nordmenn komme igjennom. Tidsnok til å unngå den tyske krigsmaskina. Men den overraskande tyske innmarsjen, gjorde at det ikkje lenger var noko poeng å prøva å reisa sørover.

I eit telegram frå Moskva fekk Conrad streng beskjed om at dei ikkje fekk reisa frå Odessa. I dagboka skreiv han:

Får ikke russisk tilladelse til å reise før ordre fra Moskva.

Dagboka til Conrad Mohr

Conrad Mohr nytta seg av kontaktane i den internasjonale oljeverda. Standard Oil; den amerikanske oljegiganten som eigde selskapet der han jobba, hadde vore etablert lengre aust i Sovjetunionen. Frå dagens Aserbajdsjan vart det frakta store mengder olje til Svartehavet. Næringslivsmannen drog i dei trådane han hadde for handa. Sende telegram til aust og vest.

Etter nesten ein månad i Odessa dukka det opp eit skip i hamna ved Svartehavet. Conrad Mohr og resten av dei 45 utolmodige nordmennene hadde fått ein avtale om å få vera med. Under open himmel heilt framme på dekk fekk dei plass. Skipet var smekkfullt. Conrad var ein av få som visste kor dei skulle. Berre dagar seinare vart byen dei reiste frå omringa. Odessa med sine mange forsvarslause jødar, vart ståande att som eit av dei mest skrekkelege symbola på det russarane kallar Den store fedrelandskrigen.

Delar av det norske reisefølgjet. Conrad Mohr i kvit dress.

REISEFØLGJET: Conrad Mohr, framme i kvit dress, hadde ansvar for at 45 nordmenn skulle komma seg gjennom den eventyrlege reisa våren, sommaren og hausten 1941.

Foto: Ukjend / Frå Conrad Mohr sine bileter

Veggedyr, flatlus og lopper

Etter å ha kryssa Svartehavet gjekk dei i land i Novorossiysk. Byen der olja frå Baku og Kaukasus vart frakta til med tog, og skipa vidare. Om det var takka vera Mohr sine kontaktar i oljeverda, er ikkje lett å få stadfesta. Men nordmennene fekk vera med på eit av godstoga som hadde tømt oljetankane, og reiste tomt austover att. Forholda på toget var elendige. I dagboka noterte Conrad Mohr:

21. juli 1941: Tog på vei til Baku. Veggedyr, lus (flate) og lopper.

Dagboka til Conrad Mohr

Brått oppdaga dei at vognene dei sat i hadde vorte sett av på eit sidespor utanfor Groznyj. Med utsikt mot Kaukasus og Det kaspiske havet, så langt unna Canada eller London ein kunne vera, spreidde motløysa seg. Ti timar seinare. Som ut av ingenting, dukka eit anna lokomotiv opp. Kopla på vognene. Frakta dei vidare mot Baku. Ein del av reisefølgjet hadde, ifølgje dagboknotata til Conrad, vorte sjuke etter fire dagar i dei kummerlege vognene fulle av lopper og lus.

Medan andre kunne henta seg inn att på hotellet i Baku, besøkte Conrad Mohr det iranske konsulatet i byen. Der fekk han ordna med iranske visum til heile reisefølgjet. Telegraferte til den britiske legasjonen i Moskva, som prøvde å hjelpa. Så bar det vidare med ein mindre båt over Kaspihavet.

Conrad Mohr var letta og glad for at dei omsider var ute av det enorme russiske riket:

27. juli 1941: Båtreise bra, men fælt med blodtørstige veggedyr. Russland fælt! Men menneskene milde og fredelige.

Dagboka til Conrad Mohr

Conrad fekk æra for at dei greidde å komma ut av Sovjetunionen før den tyske krigsmaskina rulla over dei. Percy Armstrong var ein av dei som takka bergensaren:

«Vi valgte Conrad Mohr som leder og det var et lykkelig valg. [ ...] Uten han hadde det nok blitt vanskelig å komme ut av Russland forholdsvis hurtig. Han gjorde en glimrende jobb».

At nordmennene ikkje brukte lengre tid hadde alt å seia. Fem dagar etter at dei forlèt Baku, vart Odessa omringa av tyske og rumenske styrkar. Eit skrekkeleg blodbad følgde. I løpet av 1942 kom tyskarane heilt til Kaukasus.

Trass i at dei var ute av Sovjetunionen etter tre månadar på reisefot; Canada hadde aldri vore lenger unna.

Laster kart, vennligst vent...

OSLO TIL BAKU: Sjå reiseruta det norske reisefølgjet brukte for å komma seg fram til Baku. Trykk på pilane for å følgja reisa.

Vestlandsk superingeniør i Iran

På den andre sida av Kaspihavet, i den iranske hamnebyen Bandar-e Pahlavi, fekk det norske reisefølgjet seg ei stor overrasking. Ei heil kortesje med drosjebilar stod og venta. Overraskinga var stor, for dei fleste, då dei vart tatt i mot av ein nordmann i Teheran. Ikkje noko kva som helst nordmann. Ole Didrik Lærum var superingeniøren som bygde Flåmsbana. No bygde han jernbane og vegar i Iran. Nyleg hadde han vorte utnemnd til norsk generalkonsul i landet.

Conrad Mohr og fleire av dei andre nordmennene på besøk hjå ingeniøren Ole Didrik Lærum ved Teheran

HJÅ KONSULEN: Delar av det norske reisefølgjet saman med ingeniøren Ole Didrik Lærum utanfor Teheran i Iran.

Foto: Conrad Mohr

Tennisbanene og symjebassenget og eigedommen vossingen disponerte, vart eit etterlengta avbrekk for dei langvegsfarande. Conrad Mohr leika med sonen til Lærum i bassenget. Vart fotografert med guten på skuldrene. Det må ha vore spesielt for Mohr å leika med guten akkurat denne dagen. I dagboka noterte han:

29. juli 1941: Tok inn [...] hos ingeniör Lærum og frue. Deilig sted. Gutten min 1 år gammel.

Dagboka til Conrad Mohr
Conrad Mohr og resten av det norske reisefølgjet på besøk hjå Ole Didrik Lærum utanfor Teheran

VED BASSENGKANTEN: Conrad Mohr med sonen til Ole Didrik Lærum på skuldrene.

Foto: Ukjend

Sjølv om det var aldri så behageleg å vera gjestar hjå den norske konsulen i det persiske riket, måtte dei vidare. 7. august sette dei seg på ein buss i Teheran. Reiste sørover, mot Khorramshahr. Heilt på grensa mot Irak. Målet var Basra. Den irakiske hamnebyen på den andre sida av grensa.

Der dei mytiske elvane Eufrat og Tigris munna ut i Persiabukta, vart den irakiske grensa kryssa i det som mest minna om ein robåt.

Det tomme britiske troppeskipet «S/S Egra» stod klart i den irakiske hamnebyen. Etter å ha kryssa den enorme eurasiske landmassen, frå skogane på svenskegrensa til dei persiske slettene, venta havet.

Etter å ha segla ut Persiabukta sette dei kurs mot India. Varmen var nesten ikkje til å halda ut:

10. august 1941: Persiske gulf skrekkelig varmt. Ca 55°C.

Dagboka til Conrad Mohr
Gruppebilete av dei norske frivillige i Bombay 1941

HEILE GJENGEN: Så godt som alle dei 45 nordmennene i Bombay. Conrad Mohr er nummer tre frå venstre i andre rekkje nedanfrå. Etternamna på nordmennene: Bak frå venstre: Lund, Watvedt, Jacobsen, Armstrong, Karlsen, Bjørnaas, Halvorsen, Knutzen, Bjørnestad, Westby, Bjaalie, Hansen. Andre rekkje frå venstre: Hubred, Willard, Johannesen, Sandvik, Evensen, Karlsen, Koren, Kristoffersen, Søhr, Anker Jensen, Gram, Hauge. Tredje rekkje frå venstre: Jensen, Severinsen, Mohr (sersjant), Ramberg (fenrik), Skog (fenrik), Konsul Alsand, Blindheim (fenrik), Wahlund (sersjant), Smith (sersjant), Uri (sersjant), Lerfald, Bergby. Framme frå venstre: Myhre, Borch, Tilset, Torp, Lorentzen og Oldernes. Namna er basert på Percy Armstrong, Svein Blindheim, Conrad Mohr og Roy Watvedt sine rapportar.

Foto: Ukjend

15. august klappa skipet til kai i Bombay. Her vart det norske reisefølgjet samla i leiren Coloba Reinforcement Camp. Fekk kakiuniformer som likna på britane sine, våpen og militær trening. Mange måtte ha tid for å henta seg inn igjen etter den utmattande reisa.

Laster kart, vennligst vent...

BAKU TIL BOMBAY: Sjå korleis Conrad Mohr og dei 44 andre nordmennene kom seg frå Baku til Bombay. Trykk på pilane for å følgja reisa.

Conrad Mohr fekk vinklar på armen. Vart utnemnd til sersjant.

Conrad Mohr i India i 1941

EKSOTISK: Conrad Mohr poserer i uniform framfor eit lite opptog av indiske kvinner.

Foto: Ukjend / Privat

Det var dei som hadde erfaring som pilotar det hasta mest med å få vidare mot Europa og seinare Canada. 9. september fekk Conrad , og dei andre flygekunnige, vera med det haugesundsregistrerte skipet «Elisabeth Bakke».

Neste stopp: Afrika

Då skipet glei ut frå den indiske hamnebyen fekk Conrad Mohr og Roy Watvedt, ein annan norsk pilot, i oppdrag å bemanna kanonane på brua.

Sjølv om det var høgst turbulente tider på verdshava, og skipet gjekk for seg sjølve, og ikkje i ein konvoi, gjekk overfarten til Afrika fint føre seg. To veker seinare, i eit nytt kontinent, skimta Conrad Mohr den karakteristiske flate silhuetten av Table mountain i Cape Town.

Elisabeth Bakke framfor Table mountain i Cape Town.

FRAMME I SØR-AFRIKA: «Elisabeth Bakke» ved kai framfor Table mountain ved Cape Town i Sø-Afrika.

Foto: Conrad Mohr

I Sør-Afrika fekk nordmennene igjen nyta godt av kontaktane til Conrad Mohr. Det lokale kontoret til ei av dotterverksemdene til Standard oil stilte opp med bil, sjåfør og anna hjelp. Dermed fekk dei langvegsfarande sett seg rundt, men òg skaffa seg det dei måtte ha for den vidare reisa.

Etter tolv dagar Sør-Afrika, bar det ut på havet igjen 3. oktober.

Skipet i horisonten

Allereie dagen etter kom det illevarslande meldingar over radioen på skipet:

4. oktober 1941: Hørte over radioen at en amerikansk båt var torpedert [...] på vei til Cape Town omtrent på vår kurs.

Dagboka til Conrad Mohr

Like etter radiomeldinga, dukka eit mistenkjeleg skip opp i horisonten. Det framande skipet såg ut til å følgja etter dei. For full maskin greidde styrmannen å rista det av seg. Nok ein gong måtte reisefølgjet ta ein omveg: Dei heldt fram tvers over Sør-Atlanteren. Skimta eit fjerde kontinent, då dei følgde den søramerikanske kysten nordvestover.

12. oktober 1941: Kom under 30 miles fra den sydamerikanske kyst. Fulgte kysten til landets nordöstligste punkt mellem spissen og Amazonflodens utlöp.

Dagboka til Conrad Mohr

Så bar det nordover igjen. Frykt for tyske ubåtar gjorde at dei ei rekkje gongar måtte endra kurs då Storbritannia nærma seg. Planen om å legga til i Liverpool vart skrota, til fordel for Belfast.

Elisabeth Bakke på veg frå Bombay til Storbritannia

PÅ HAVET: Det haugeundsregistrerte skipet «Elisabeth Bakke» på veg frå Bombay til Storbritannia hausten 1941.

Foto: Conrad Mohr

Den siste natta hamna «Elisabeth Bakke» i eit ufyseleg uvêr.

27. oktober 1941: Et forferdelig vær om natten. Alt, stoler etc. slått om kull.

Dagboka til Conrad Mohr

Stormen gav seg ikkje før skipet la til kai i Belfast. Sjølv i britisk farvatn fanst det farar då turen gjekk vidare til siste stopp i Avounmouth ved Bristol 30. oktober: «Dobbel vakt på grunn av minefare», skreiv Mohr med raske bokstavar før han stilte seg opp ved kanonane på dekk.

Conrad Mohr vart verande i Storbritannia fram til 22. november. Då «S/S Pasteur» la frå kai i Greenoch i Skottland, retning Nord-Amerika, var skipet overfylt. Før han la seg til å sova i folkemylderet den første nervøse natta skreiv Conrad:

22. november 1941: 4200 mann er ombord og livbåter for 1500. Fryktelig fullt foran hvor vi ligger (4 i høiden) og spiser.

Dagboka til Conrad Mohr

«Jeg liker mig gløgg ihjel»

Etter tolv tronge netter på havet, la det smekkfulle skipet til kai i Halifax i Canada 2. desember 1942. Det femte kontinentet på reisa. To dagar seinare var vår mann framme ved målet for den lange reisa: Den norske flybasen Little Norway ved Toronto. Sju månadar etter at han basa gjennom kratt og skogar på svenskegrensa, var han framme.

Laster kart, vennligst vent...

SJÅ HEILE REISA: Sjå korleis Conrad og resten av følgjet kom seg frå Bombay til Toronto. Trykk på pilane for å følgja reisa.

Dei 45 som han hadde reist i lag med, var no spreidde for alle vindar. Nokon hadde gått inn i Kompani Linge, nokre gjorde motstandsarbeid frå Storbritannia, medan ei handfull var i Canada for å gjera seg klare for luftkrigen.

Straks vart Conrad Mohr kursa for å verta flyinstruktør. Endeleg meiningsfull aktivitet.

Conrad Mohr fotograferer norske fly frå lufta

LUFTIG: Conrad Mohr fotograferer norske fly frå lufta over Toronto i Canada.

Foto: Conrad Mohr

Ein kan trygt seia at 1941 hadde vore eit dramatisk år for bergensaren. I det siste dagboknotatet for året skreiv han kort og konsist:

15. desember 1941: Liker mig gløgg ihjel!

Dagboka til Conrad Mohr

Den aktive og muntre bergensaren vart straks ein viktig ressurs i den norske enklaven i Canada. I tillegg til å vera ein høgt verdsett flyinstruktør, tok han på seg jobben som fotografen i leiren. Han fanga òg livet i leiren på levande film. Fargefilm.

Situasjonane Conrad Mohr fanga, gjev eit heilt spesielt innblikk i dagleglivet i leiren. Mellom flyøktene tok dei unge nordmennene seg tid til skiturar, trening og musikk.

Norske soldatar hyggjar seg på rommet i Little Norway i Canada.

FOR FULL MUSIKK: Norske soldatar hyggjer seg på rommet under opphaldet i Little Norway.

Foto: Conrad Mohr

Prinsen og bjørnen

Fleire gongar kom det celebre gjestar til leiren. Kronprinsbarna, som var stasjonert i Canada, kom stadig vekk. Sjølvaste kronprins Olav kom òg. Conrad Mohr måtte sjølvsagt festa dei kongelege gjestane til filmrullen. Det mest fascinerande filmklippet viser den vesle prinsen Harald som skulle helsa på maskoten i leiren; ein kraftkar av ein canadisk bjørnunge.

Bileta Conrad Mohr tok i Canada viser òg prov på baksida av medaljen. Mange nordmenn, til slutt 22 i talet, kom aldri tilbake frå Little Norway. Her har Conrad Mohr vore ute og dokumentert ei av dei mange stygge ulukkene. Dessverre for Conrad Mohr: Det skulle ikkje verta den siste.

Norsk flyvrak i Canada under krigen

NORSK HALEROR: Eit fly dekorert med dei norske fargane har styrta i Canada.

Foto: Conrad Mohr

Videoopptaka flyinstruktøren tok under øvingane viser at mange av dei rekruttane hadde mykje å læra om flygekunsten før dei var klare til å møta Wehrmacht og Luftwaffe:

Takka vêra Mohr og dei andre instruktørane, vart det flygarar av dei norske amatørane. Ei av dei siste øvingane, før elevane vart sendt vidare, var blindflyging – å fly utan å sjå.

Conrad fortalde at instruktørane ikkje var særleg populære, då pilotspirene fekk ei presenning drege over cockpiten før dei skulle i lufta.

Den etterlengta meldinga

Stadig fleire av elevane Conrad hadde trent opp vart sende til Island eller Storbritannia for å ta del i dei skarpe oppdraga. Bergensaren var utolmodig, men leiinga i leiren vegra seg mot å senda vekk den dyktige instruktøren. I tillegg var veslebroren Wilhelm Mohr allereie ein sentral del av jagarflyskvadronane i England. «Han fremholdt for meg gang på gang hvor bakvendt det var at han som den eldste fremdeles ikke hadde fått nogen chanse på ordentlig tjeneste», skreiv sjefen i leiren Ole Reistad.

Forsvaret ville rett og slett ikkje risikera at to frå same familie skulle mista livet i kamphandlingane. «Jeg har hele tiden prövet å berolige ham med at tjenesten også her må utföres – hvis ikke det hele skal stoppe opp», var tilbakemeldinga frå Reistad.

Det var berre dagar igjen. No skulle Conrad Mohr få oppnå begge ønskedraumane sine. Han fekk den etterlengta meldinga frå Ole Reistad personleg. Namnet hans stod på lista over dei neste som skulle få reisa til London. Han skulle få ta del i kampen mot nazistane. Men viktigast av alt: Eva og sonen Bill hadde greidd å flykta over grensa til Sverige og var på veg til London. Endeleg skulle han få sjå dei igjen.

Modellflyet

I ledige stunder i Canada hadde Conrad sete konsentrert over eit viktig prosjekt. Med balsa, lim og måling hadde han laga eit modellfly. Ingenting vart gjort tilfeldig. Arbeidsteikningane vart følgd til punkt og prikke.

Conrad Mohr byggjer modellfly i Little Norway i Canada

SONEN I TANKANE: Conrad Mohr konsentrerer seg om å byggja eit modellfly under opphaldet i Little Norway. Kanskje var flyet tenkt som ei gåve til sonen Bill?

Foto: Ukjend

– Kanskje det skulle verta ei gåve til meg, seier Bill når han ser på bilete av faren i arbeid. Med pipa i munnvika.

Ein siste flytur før avreise

Conrad Mohr skulle berre ein siste tur til i lufta. Ein siste flytur før avreisa. Han hadde bestemt seg for å få det maksimale ut av jagarflyet, ei Curtiss-maskin. Det var noko han ville testa. Elevane hans kunne ikkje gjera det same, utan at han hadde prøvd det sjølv.

Flymaskina Conrad Mohr styrta med. Ein Curtiss 75-A8

ULUKKESFLY: Flyet Conrad Mohr flaug med under den siste flyturen i Canada.

Foto: Conrad Mohr

Etter ein ellevill tur over Toronto, var det klart for punktum finale. Conrad gav beskjed over radioen: Rapporterte at han skulle setja flyet i det som på fagterminologien vert kalla ein «power dive»: Eit stup der ein både nyttar tyngdekraft og motorkraft. Full pinne. Han skulle dra det enno litt lenger: Gav melding om at han skulle opp på 3000 meters høgde. Han gjorde som varsla. Steig til vêrs, forsvann langt der oppe, og lét flyet stupa mot bakken. For full maskin.

Ole Reistad skriv: «Hvad som fra dette øieblikk skjedde er ikkje helt klart, men det synest som han har satt flyet i en dive som annonsert, og at det ikkje lykkedes å få flyet ut av denne».

Med all kraft, og utan at flyet på noko tidspunkt vart retta opp att, dundra Conrad Mohr i bakken. Smellet kunne høyrast overalt i den norske leiren og på flyplassen.

«Conrad Mohr ble drept umiddelbart ved anslaget, som var usedvanlig voldsomt», skriv Reistad i brevet til familien.

«Et av våre beste kort»

Ulukka var eit uvanleg hardt slag for det vesle norske samfunnet i Canada. Sjefen sjølv, la ingenting i mellom då han beskreiv bergensaren. «Jeg tror neppe det er noget uhell som har gjort et så trist og forstemmende inntrykk, som da jeg plutselig denne mandag morgen fikk beskjed om at han var gått i bakken med sin Curtiss og drept på stedet. Vi regnet han som et av våre beste kort i det som skulle komme», skreiv Reistad etter den tragiske ulukka. Han gjekk langt i å forklara hendinga med ein mogeleg feil på flyet.

Conrad Mohr gjer seg klar for ei flyøkt i Little Norway i Canada

KLAR FOR Å FLY: Conrad Mohr i full pilotmundur i Little Norway i Canada.

Foto: Ukjend

Reistad var òg framsynt nok til å forstå at bileta og videoopptaka til Mohr ville leva vidare, og gje eit unikt bilete av livet til alle dei unge norske gutane, som i dei mest dramatiske åra i nyare norsk historie levde saman i Canada.

«Jeg kan forsikre om at hans innsats i Little Norway og i Flygevåpenet aldri vil bli glemt. Han har skaffet sig en plass i disse virksomheter som vil leve så lenge det er noget norsk flygevåpen».

Faksimile Poughkeepsie Journal 10. mars 1945

MINNE OM SKIHOPPAREN: Avisa Poghkeepsie Journal i staten New York fanga opp skjebnen til Conrad Mohr. Dei hadde ikkje gløymd den bergenske skihopparen.

Det var ikkje stort som var att etter styrten, og brannen som følgde. Gifteringen som bergensaren hadde på fingeren var ikkje å finna i vrakrestane.

Men som eit lite mirakel: Ein liten gjenstand hadde overlevd den kraftige kollisjonen, og vart pakka inn og sendt til Europa.

To små bilete

– Here it is, her er han, bryt Bill Mohr triumferande ut, der han står bøygd over safen i heimen på den skotske landsbygda.

Han har leita ei god stund, og hadde komme fram til den aller siste boksen. Den han var sikker på at inneheldt heilt andre ting. Rakk å verta nervøs; for at noko av det kjæraste han har hatt skulle vera borte. Men no gøymer han det i neven.

Med lett skjelvande hand viser han det fram. Det første som kjem til syne er eit tynt gullkjede. I enden heng ein liten medaljong. Inngraveringa er ikkje å ta feil av: Ein «E» for Eva. Ein «C» for Conrad.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå at den fekk hard medfart, seier Bill, medan han forsøker å opna den lett deformerte medaljongen.

Store hender fiklar nokre sekund med den ørsmå hempa. Men så gir opningsmekanismen etter. Innsida kjem til syne. To gulna bilete. Eit på kvar side av medaljongen. Sjølv om bileta har falma, er medaljongen som ein tidskapsel. Som om tida har stått stille.

På bileta på innsidene ser me ei kvinne og eit lite barn. Eva og Bill. Dei var med på heile den lange reisa. Med opp i skyene.

Bill vert med eitt stille. Dei kvikke auga vert blanke. Mannen på 76 år tek seg nokre sekund for å henta seg inn igjen.

Han slår automatisk over til engelsk. Språket han meistrar best, etter alle desse åra.

– It is so emotional. Det er fint og tenkja på at han tenkte på oss, slik me tenkte på han, seier Bill etter ei lita stund.

Bill Mohr med medaljongen faren hadde på seg då han døydde

DET EINASTE SOM OVERLEVDE STYRTEN: Bill Mohr viser fram medaljongen faren hadde rundt halsen under den fatale flystyrten i Toronto. Bileta viser Bill og mora Eva.

Foto: John Nøstdal / NRK

– Eg har ikkje vore bitter

Det er takka vera albuma og samtalane med mora, at Bill Mohr har eit minne om faren. Han var alt for liten til å hugsa noko den dagen i marka utanfor den norske hovudstaden, for så mange år sidan. Den gongen han var i lag med faren for aller siste gong.

Conrad Mohr tok store sjansar. Han sette seg sjølv i fare. Ja, han sette til og med familien der heime i fare, slik at dei òg måtte flykta. Sjølv om han var optimistisk til beinet, må han ha hatt i bakhovudet at han kanskje aldri kom heim igjen.

Avgjerdene han tok under den lange reisa, førte til at mange som seinare vart store krigsheltar kunne ta del i kampen mot nazistane. Men og at Bill måtte veksa opp utan ein far.

– Eg har ikkje vore bitter. Det var ein heilt spesiell situasjon. Det var krig, og alle måtte gjera ein innsats. Eg er svært stolt over det far min gjorde.

Han lukkar medaljongen varsamt. Danderer gullkjedet fint, og gøymer det i handa.

Bill Mohr studerer album

SISTE LEIKESTUND: Bill Mohr viser fram albumet mora laga til han. Dagen etter at bileta vart tatt flykta Conrad Mohr frå Noreg.

Foto: Sølve Rydland / NRK