Hopp til innhold

Ap tapar stort over heile landet – her gruste dei Senterpartiet

ODDA (NRK): Det var knytt stor spaning til om Ap eller Sp skulle ta makta i den nye Hardanger-kommunen. Ap knuser all motstand og er berre få mandat frå å kunna regjera åleine.

Skåling på Arbeiderpartiet si valvake i Ullensvang, Roald Aga Haug

SKÅL: Arbeidarpartiet i Ullensvang gjer eit brakval. Her feirar toppkandidat Roald Aga Haug og resten av Ap-leiren med Hardanger-sider på Litterahuset i Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

Medan Arbeidarpartiet går mot sitt dårlegaste val i noregshistoria, går Senterpartiet fram over heile landet.

Ei av dei mest interessante slagmarkene på kommunekartet har mellom partia stått inst i Hardanger.

Fornøyd Roald Aga Haug når forhåndsstemmene er talt i Ullensvang kommune

GLEDE: Det var god stemning på partia si samla valvake i Odda måndag kveld.

Foto: Tale Hauso / NRK

Industribyen vann over bygdene

Dei to landbrukskommunane Jondal og Ullensvang herad har tradisjonelt sett vore sterkt Senterparti-dominerte. Samstundes har Arbeidarpartiet stått fjellstøtt i industrikommunen Odda, med jamne valresultat langt opp på 40-talet.

Korleis ville det slå ut i den nye storkommunen?

I ei fersk meiningsmåling i august låg Senterpartiet med ordførarkandidat Lajla-Margrethe Lindskog-Lund an til å ta over makta på rådhuset i kommunesenteret Odda.

Men etter at tre fjerdedeler av røystene var talde, låg Ap ei stund an til å få reint fleirtal i Hardanger-kommunen. Når alle stemmene er talde, landar partiet på 41,7 prosent.

Ei stund låg Ap an til 47 prosent.

– Det er overraskande bra. Eg har måtta dobbeltsjekka eit par gongar, men eg ventar at talet går litt ned, seier Roald Aga Haug frå valvalka på Sentralbadet Litteraturhus i Odda.

Partioppslutning i Ullensvang

41,4 %
2573 røyster
28,4 %
1766 røyster
12,1 %
753 røyster
5,9 %
368 røyster
2,9 %
181 røyster
2,6 %
163 røyster
2,6 %
162 røyster
2,1 %
132 røyster
1,8 %
114 røyster

– Får læra av Ap til neste gong

– Me har drive valkamp. Kanskje har dette blitt ein ordførarkamp lokalt. Det har nok slått ut bra for vår del, seier den sitjande Odda-ordføraren.

Han gjekk opp mot ein politisk uerfaren toppkandidat frå Senterpartiet. Etter at mangeårig Ullensvang-ordførar Solfrid Borge ikkje tok attval, valde det nystifta lokallaget å satsa på Lajla-Margrethe Lindskog-Lund.

Det enda med 28,5 prosent.

– Eg trur Arbeidarpartiet har gjort ein knallinnsats i slutten. Me får læra av dei og prøva å slå dei om fire år, seier Sp-toppen.

Lajla-Margrethe Lindskog-Lund og Solfrid Borge i Ullensvang Sp

SP-TOPPAR: Toppkandidat Lajla-Margrethe Lindskog-Lund uttalar til NRK at ho ikkje er skuffa, men må konstatera at partiet blir nest størst i Ullensvang. På valvaka var også sitjande Ullensvang-ordførar Solfrid Borge.

Foto: Tale Hauso / NRK

Partiet ligg an til å gjera sitt dårlegaste val nokonsinne, men i desse kommunane gjorde Ap brakval:

Kommunane der AP gjer det best

67,1 %
165 røyster
61,2 %
1781 røyster
60,1 %
298 røyster
59,3 %
432 røyster
58,0 %
422 røyster
56,6 %
295 røyster
54,1 %
604 røyster
53,6 %
404 røyster
53,5 %
1186 røyster
53,4 %
1540 røyster
53,2 %
476 røyster
53,1 %
1498 røyster
51,8 %
1084 røyster
51,7 %
253 røyster
51,4 %
874 røyster
50,3 %
462 røyster
49,8 %
2575 røyster
49,0 %
593 røyster
48,1 %
260 røyster
47,1 %
281 røyster

Opnar døra for Sp

No er det opp til Arbeidarpartiet å danna fleirtal i den nye storkommunen. Haug trur Ullensvang herad, tufta på reiseliv, fruktdyrking og industri, kan bli ein av landets mest spanande kommune.

Er du klar for å samla tre kommunar i éin?

– Det er eg, og det har eg vore i fleire år. Me bør kunne laga eit solid fleirtal i kommunestyret. Eg kan ikkje sjå noko anna enn at me må enda opp i ordførarstolen og få til eit konstruktivt samarbeid med andre.

Odda-ordføraren vil ikkje forskottera kven han ønskjer å jobba med.

– Me har peikt på både sentrum og raudgrøn side gjennom valkampen og har vore frustrerte over at andre parti ikkje har uttala kven dei skal samarbeida med.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon

Sp angrar ikkje på sentrumsrolle

– Trur du Sp har tapt på at dei ikkje har flagga kva side dei vil støtta?

– Politikk er politikk. Dei såg ikkje ut til å ta skade av det under målingane før valet, men no får me eit heilt anna resultat.

Lindskog-Lund angrar ikkje på at partiet valde side før valet. Senterpartiet opnar no for eit samarbeid med Arbeidarpartiet. I lag vil dei to partia åleine i så fall styra den nye kommunen med 24 av 33 mandat.

– Det blir spanande å sjå kva Arbeidarpartiet inviterer til. Det er opp til partiet, ikkje berre meg, om det blir aktuelt med eit samarbeid.