– Første responsen då eg blei utfordra til å stille som ordførarkandidat var jo: nei, no spør de feil person.
Året er 2019. Det er kommuneval i Sokndal heilt sør i Rogaland. KrF stiller med Jonas Andersen Sayed på topp. 21-åringen skal bli den yngste ordføraren i landet nokosinne.
– Eg tenkte jo heilt fram til valdagen at dette var gøy, og vi prøvde, men veljarane ville ikkje stemme på ein 21-åring. Men det gjorde dei, og då var det berre å hoppe i det.
Jonas Andersen Sayed (KrF) blei vald til ordførar i Sokndal kommune i 2019.
Foto: Torkel Anstensrud Schibevaag / NRKFekk lyst til å engasjere seg
Heller ikkje Bjørn Prytz trudde at han kom til å bli ordførar. Han hadde vore pensjonist i sju år, og enkemann i fire, og tenkte at det kunne vere spanande å engasjere seg i lokalpolitikken i heimkommunen Herøy i Møre og Romsdal.
Så kom telefonen frå Arbeidarpartiet. Dei spurde om han ville toppe lista. Bjørn Prytz humrar godt når han ser tilbake. Litt spøkefullt blei det nemleg sagt at han kunne kjenne seg trygg. For Arbeidarpartiet kom aldri til å få ordføraren i Herøy.
Men slik skulle det ikkje gå. Etter at veljarane hadde sagt sitt og politikarane hadde forhandla seg ferdig var det 74-åringen som sat igjen som ordførar.
– Eg var vel den einaste då som var etande blant dei som sat i koalisjonen. Eg hadde ikkje noko lik i lasten, rett og slett fordi eg ikkje hadde vore politikar.
Bjørn Prytz (Ap) blei vald til ordførar i Herøy kommune i 2019.
Foto: Arne Flatin / NRKLokalpolitikarane blir eldre
NRK har kartlagd alle ordførarane i landet. Snittalderen var 50,8 år etter valet i 2019. Jonas Andersen Sayed er utypisk, men det er også Bjørn Prytz. Berre tre av ordførarane i landet var over 70 år, og berre åtte av dei var under 30 år.
– Snittalderen har heldt seg stabilt på kring 51 år. Men generelt blir lokalpolitikaren eldre og eldre. I 2003 var snittet på 47 år og den har vakse til nærare 49 år, seier valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda.
NRK forklarer
Sjekk kven som er dei 10 eldste og 10 yngste ordførarane i landet
Dette var dei 10 yngste ordførarane etter valet i 2019
Jonas Andersen Sayed (KrF), Sokndal kommune, 21 år
Lars Fjeldstad (Sp), Osterøy kommune, 26 år.
Sara Hamre Sekkingstad (Sp), Alver kommune, 26 år.
Stian Olafsen (Ap), Vestre Toten kommune, 26 år.
Kåre Martin Kleppe (H), Tysnes kommune, 26 år.
Viel Jaren Heitmann (Sp), Rollag kommune, 26 år
Ingrid Waagen (Sp), Tingvoll kommune, 27 år.
Marte Larsen Tønseth (Sp), Løten kommune, 28 år
Arve Hitterdal (Framtida Holtålen), Holtålen kommune, 30 år.
Linda Døsen Stubsveen (Ap), Rendalen kommune, 30 år.
Dette var dei 10 eldste ordførarane etter valet i 2019
Bjørn Prytz (Ap), Herøy kommune, 74 år.
Anne-Kari Holm (Ap), Halden kommune, 74 år.
Paul Asphaug (Sp), Hemnes kommune, 73 år.
Stein Aam (Sp), Ørsta kommune, 69 år.
Stanley Wirak (Ap), Sandnes kommune, 69 år.
Britt Helstad (Ap), Bindal kommune, 68 år.
Gunda Johansen (AP), Balsfjord kommune, 67 år
Knut Martin Glesne (Nye bygdelista), Krødsherad kommune, 67 år.
Gudbrand Kvaal (Sp), Aurskog-Høland kommune, 66 år.
Sammy Olsen (Sp), Bømlo kommune, 66 år.
Ein krevjande jobb
Å vere ordførar er ein krevjande jobb. Du er ordførar heile døgnet. Og fallhøgda kan vere stor.
21-åringen som blei ordførar i 2019 måtte hoppe ut i det utan særleg erfaring. Han hadde høge skuldrer, men no kjenner han på seg at han kan han senke skuldrene.
– Eg har stort sett fått positive tilbakemeldingar. Eg trur folk opplever at eg er lyttande. Og når eg seier at vil vere grundig og sette meg inn sakene før eg tek eit tydeleg standpunkt så er det noko folk respekterer.
Landets yngste ordførar vil gjerne halde fram. Men landets eldste ordførar meiner at nok er nok. Det blir ikkje noko attval neste år. Bjørn Prytz merkar at alderen har sett sine spor.
– Eg merkar jo godt at eg nærmar meg 80. Når dagane blir lange så kjenner du både på hovudet og på kroppen at du ikkje er nokon ungdom lenger.