Lajla-Margrethe vil bryta Sp-forbanninga i industrikommunen

ULLENSVANG (NRK): I den knallraude industribastionen Odda kan Senterpartiet ta makta for aller første gong. Partiet trugar Ap over heile landet.

Lajla-Margrethe Lindskog-Lund, ordførerkandidat for Ullensvang Sp

KAN BLI ORDFØRAR: Lajla-Margrethe Lindskog-Lund er Senterpartiets førstekandidat i Ullensvang.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Aldri før har ein Sp-ordførar sete med makta i industribyen Odda i Hardanger. No kan ei kommunesamanslåing og den sterke Senterparti-vinden senda partiet inn i ordførarstolen i nye Ullensvang kommune.

– Senterpartiet har ikkje stått sterkt i Odda, men no blir me ein maktfaktor å rekna med. Kanskje oddingane ser at me kan vera med å påverka, me òg, seier Lajla-Margrethe Lindskog-Lund, ordførarkandidat for Senterpartiet.

Samstundes som målingar over heile landet viser eit parti i frammarsj, ligg Senterpartiet an til å gjere eit kanonval i nye Ullensvang kommune, ein samanslåing av kommunane Odda, Jondal og Ullensvang herad.

Ei fersk meiningsmåling gjort av Respons Analyse AS på vegne Hardanger Folkeblad viser at Senterpartiet er størst med ein oppslutnad på 33 prosent. Arbeidarpartiet ligg like under 31 prosent.

Odda i Hardanger

KAN BLI GRØNN: Odda kommune har vore ei raud kjempe på kommunekartet. No kan den nye Hardanger-kommunen Ullensvang kommune kle rådhuset i Odda i grønt.

Foto: Willy Haraldsen / Samfoto

Jordbruk møter industri

Tradisjonelt har Arbeidarpartiet fått mellom 40 og 50 prosent av stemmene i industrikommunen Odda, og mista ordførarvervet berre éin gong sidan 1960-talet – sjølv om dei var største parti.

No får den sitjande Ap-ordføraren reell kamp om å bli størst. Med Jondal og Ullensvang herad kjem to kommunar med sterke landbrukstradisjonar inn i maktdiskusjonen.

– Eg trur ikkje nødvendigvis det er bra at noko parti har over femti prosent i nokon kommunar. Det kan vera sunt at det no ikkje blir sjølvsagt kven som sit med makta til ei kvar tid, seier ordførar i Odda kommune, Roald Aga Haug (Ap).

Han er ordførar i ein av kommunane i Noreg med sterkast tradisjonar til arbeidarrørsla og fagforeiningane. Då Haug tok over ordførarklubba i 2015, gjorde han det med støtte frå 43,9 prosent av innbyggarane.

Men no er han altså ordførarkandidat i nye Ullensvang kommune.

Roald Aga Haug

FÅR REEL KAMP: Roald Aga Haug (Ap) er i dag ordførar i Odda kommune.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Valthriller

Senterpartiet står fjellstøtt og har fått mellom 40 og 50 prosent oppslutnad i både Jondal og Ullensvang ved dei siste lokalvala. Dei to minste kommunane i samanslåinga utgjer om lag ein tredel av det samla innbyggartalet i den nye kommunen.

Dermed ligg det an til ein valthriller før nøkkelen til kommunehuset i industribyen skal delast ut.

Om dei to partia vel å samarbeida, ligg dei an til å få eit overveldande fleirtal i kommunestyret i den nye kommunen.

Men det er eit spørsmål 37-åringen frå Jondal nektar å svara på.

– Det må me koma tilbake til etter valet, sa Lajla-Margrethe Lindskog-Lund i NRK sin valdebatt i Kinsarvik.

På frammarsj over heile landet

Og der er ikkje berre i Hardanger Senterpartiet kan kome til å gjere eit brakval.

Aldri før har partiet gjort det sterkare i Nord-Noreg. Ei fersk meiningsmåling viser at kvar fjerde veljar der vil stemma på Senterpartiet. Oppslutnaden er dobbelt så høg som på landsbasis.

– Eg trur det handlar om den arrogansen folk opplever, at ein tar lettare på beredskapen i nord enn i sør, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum om oppgangen.

Også i dei store landbrukskommunane i innlandet og i fjordkommunane på Vestlandet er Senterpartiet tradisjonelt sterke.

Færre ordførarar frå Arbeidarpartiet

Etter kommunevalet for fire år sidan fekk Arbeidarpartiet 201 ordførarar. Senterpartiet landa på 98 og Høyre fekk 74 ordførarar.

I fjor spådde TV 2 sin talknusar Terje Sørensen at Arbeidarpartiet stod i fare for å mista 50 ordførarar til Sp. Partiet har på fleire målingar oppnådd sin høgaste oppslutnad i kommuneval nokon gong

Det einaste sikre i Hardanger, er at her misser Senterpartiet uansett to ordførarar. Jondal og gamle Ullensvang herad opphøyrer 1. januar.