Frå 1. januar 2020 har NRK éin redaksjon i heile Vestland fylke: NRK Vestland.
Vi er eitt av ti distriktskontor i NRK, med hovudkontor i Bergen og Førde. Vi har i tillegg kontor med lokalreporterar i Nordfjord, Sogndal, Odda og Stord.
Kvar dag gjev vi deg eit breitt tilbod frå NRK Vestland, med lokale morgon- og ettermiddagssendingar på radio for dei gamle sendeområda Hordaland og Sogn og Fjordane. Kvar kveld samlar vi dei viktigaste sakene og historiene i Vestlandsrevyen klokka 19.45.
På nett finn du eit oppdatert nyheitstilbod på nrk.no/vestland. I tillegg kan du besøke og oss sidene våre på sosiale medium; Facebook og Instagram.
Publikum er det viktigaste for oss – og vi vil gjerne høyre frå deg!
Tips oss gjerne om saker du meiner vi bør ta tak i, spørsmål eller innspel til jobben vi gjer i Vestland fylke på radio, tv, nett og sosiale medium. Har du spennande bilete eller video så ikkje nøl med å ta kontakt!
Slik når du oss
På e-post: vestland@nrk.no
Telefon Bergen: 55275770
Telefon Førde: 57724242