Hopp til innhold

Våre kritikarar sine favorittbøker frå 2022

Her er 24 bøker som kan bli ditt neste leseeventyr – eller leggjast til på julegåvelista.

Juletre med bøker

Det nærmar seg eit nytt år, og det er tid for å oppsummere 2022 innen litteraturen. Kva var dei beste leseopplevingane?

Her er våre bokkritikarar sine tre favorittar frå året som gjekk.

Marta Norheim
Marta Norheims favoritter

«Moskoviaden» av Jurij Andrukhovitsj

Ein ukrainsk forfattarspire hamnar på fylla i Moskva ein formiddag og endar, etter mykje vodka og mange rundkast, i ein dekadent underjordisk orgie. Folka bak orgien vil samle det heilage og evige Russland på ny, det vil seie: Ekspandere vestover.

Romanen frå 1993 er absurd, overdådig og skremmande aktuell.

Les bokmeldinga her

«Egne barn» av Trude Marstein

Trude Marstein tek samlivsromanen til eit nytt nivå når ho samlar gamle og nye kjærastar pluss diverse barn til dugnad i ferieparadiset.

Forfattaren held trykket like under eksplosjonspunktet lenge, og lesaren sit på nåler. Kven elskar kvarandre og kven tyr barna til?

Ein uhyre presis samtidsdiagnose.

Les bokmeldinga her

«Evigheten i et siv» av Irene Vallejo

Var utviklinga av skriftspråk eigentleg slutten på moroa og starten på standardisering, pugging og uforståelege tekstar?

Forfattaren forstår spørsmålet, men leverer likevel ei krønike full av tankevekkjande kuriositetar og fornøyelege fakta om dei første 5000 åra med skriftkultur.

Sjølv bokskeptikaren Sokrates ville hatt glede av boka til Irene Vallejo.

Les bokmeldinga her

Anne Cathrine Straume
Anne Cathrine Straumes favoritter

«Hjem» av Marilynne Robinson

I ei tid der vi ofte snakkar med store bokstavar, er det ei lindring å lese Marilynne Robinson. Ho let oss følgje lange tankerekkjer og kallar forsiktig fram det skarpe familieportrettet sitt.

Den fortapte sonen vender heim – men får han tilgjeving?

Religion, rasepolitikk og lagnad, alt har sin plass i denne gode romanen om tru og tilgjeving i ein prestefamilie i Midtvesten på 1950-talet.

Les bokmeldinga her

«Forandre seg. Metode» av Édouard Louis

Édouard Louis er blitt eit fenomen. Eg har hatt stort utbytte av å følgje han, i sanntid, nesten, i kampen for utdanning og fridom.

Han seier rett ut at det var ønsket om hemn over mobbarane, og ikkje interessen for litteratur, som gjorde han til forfattar.

Gjennom å skildre seg sjølv og familien sin avdekkjer han også strukturelle undertrykkingsmekanismar i det moderne Frankrike.

Les bokmeldinga her

«Museum» av Anna Fiske

I ein kombinasjon av kunnskapsformidling, inspirasjon og assosiasjon dreg Fiske oss med gjennom det nye Nasjonalmuseet, i følgje med eit juletre på hjul, ein appelsin i rullstol og ein fisk med dykkarmaske og vanntank på ryggen.

Dette er ei inkluderande myldrebok for dei minste, som også har stor verdi for godt vaksne museumsgjengarar.

Les bokmeldinga her

Knut Hoem
Knut Hoem sine favorittbøker

«De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar

Eit farsportrett som er så ømt og så gripande og fullstendig relevant for alle vi så gjerne vil ha ein relasjon til, våre foreldre og barn, som liknar den kjærleiken vi i bunn og grunn kjenner for dei.

Historia om livet i hovudstaden blir ikkje lenger berre skildra av folk med etternamn som Jacobsen, Nilsen og Saabye Christensen. Det er definitivt ein «New Kid in Town».

Les bokmeldinga her

«Åh, William!» av Elizabeth Strout

Let's face it: Dei vi ein gong har forlate, eller er blitt forlatne av, blir vi ikkje utan vidare kvitt. Den temmeleg håplause eksmannen får sitt kjærlege pass påskrive av den aldeles uimotståelege Elizabeth Strout.

«Åh, William» er den boka eg med begjær plukkar fram som indremedisin når det ikkje er noko anna som virkar.

Les bokmeldinga her

«Prosessen» av Franz Kafka, omsett av Jon Fosse

Metoo-situasjonar. Sleipe advokatar. Skumle barn. Kunstmålarar med stort nettverk. Ein stadig meir stressa trettiåring med kniven på strupen.

Franz Kafka sin «Prosessen» skin i Jon Fosse sin omsette versjon. Enkelt og ujålete. Ei litterær storhending, rett og slett.

Les bokmeldinga her

Leif Ekle
Bokomslagene til Familieverdier, Passasjeren og Krüger & Krogh 3 – Nord og ned del 1

«Familieverdier» av Jens M. Johansson

Jens M. Johansson har skrive ein parodi frå dei øvre rekkjene i velstandsregisteret – ispedd ein god del kulturell kapital. Eg humrar nesten konstant, ler ukontrollert iblant.

«Familieverdier» er komedie og parodi, samtid sett på spissen. Men boka er også trist så det held. I kombinasjonen ligg suksessen.

Les bokmeldinga her

«Passasjeren»/«Stella Maris» av Cormac McCarthy

Historia om Alicia Western og broren Bobby tek oss innom eit psykiatrisk sjukehus, ei drapsgåte, filosofi frå Platon og framover, matte og fysikk, utviklinga av atombomba. Mellom anna.

Forlaget meiner ein kan lese McCarthys to romanar kvar for seg, men dei blir lesne best som éin. Og saman er dei blant dei sterkaste leseopplevingane i 2022.

Les bokmeldinga her

«Nord og ned» av Bjarte Agdestein, Endre Skandfer og Ronald Kabíček

Historia i denne absurd morosame og smarte teikneserien startar ved kysten av Troms vinteren 1965. Eit skip kantrar, det er mistanke om sovjetisk spionasje, og spesialetterforskarane Krüger og Krogh tek saka.

Vi snakkar atomkrigsredsel, frykt for nye despotar og fascinasjon for skremmande teknologi. Teikningane er utsøkte, humoren blir delt sparsamt ut mellom dramatikken. Eg vil ha meir!

Les bokmeldinga her

Shana Fevang Mathai
Bokomslaget til Kvit norsk mann, Nesten sanne historien om Rune Lisbeth Berg og Herman

«Kvit, norsk mann» av Brynjulf Jung Tjønn

Hjerteskjerande ærlege og hudlause dikt om å vekse opp som adoptivbarn på ein avsidesliggande gard i Noreg.

Det er situasjonar fra oppveksten og refleksjonar om livet han har levd, og eit underliggande sitrande spørsmål: Ville ikke livet vore lettere om han var en kvit, norsk mann?

Les bokmeldinga her

«Nesten sanne historier om Rune Lisbeth Berg» av Rune Berg

Vesle Rune veks opp på ei lita øy på Vestlandet. Han er ein fantasirik gut som prøvar hardt å passe inn i eit konservativt bygdemiljø, men han mislykkast som oftast på miserabelt vis.

Denne debutromanen er skriven med så mykje humor, varme, sjarme og småslu naivitet at eg nesten kan garantere både latter og hjartesukk.

Les bokmeldinga her

«Herman – historier fra en udiagnostisert oppvekst» av Herman Flesvig og Erlend Loe

I et slags memoir i form av ein teikneserie får Herman oss på aller næraste og morsomaste vis til å forstå korleis det har vore å forholde seg til omverda med eit hovud som fungerer litt annleis enn normen.

Passar både for barn og voksne, for menneske med og uten ADHD-diagnose. Det er så viktig å vise at eit slikt subnormativt sinn også kan vere ei superkraft!

Les bokmeldinga her

Ola Hegdal
Bokomslaget til Bombemafiaen, Den ellevte mann og Anomalien

«Bombemafiaen» av Malcolm Gladwell

Ei sterk historie om pionerane som etablerte det amerikanske luftvåpenet før andre verdskrig.

Får fram galskapen i krigens logikk på eit vis som får lesaren til å tenke at han kunne ha endt opp med å gjere det same.

Les bokmeldinga her

«Den ellevte mann» av Håkon Opdal

Kunne ha blitt en handbok, ei innføring i kunsten å stå i mål, men er så mykje meir.

Tidlegare landslagsmålvakt Opdal tar eit nærast eksistensialistisk perspektiv på keeperjobben og samanliknar han med det absurde, slik det blir formulert av ein annan filosof med keeperhanskar, Albert Camus.

Les bokmeldinga her

«Anomalien» av Hervè le Tellier

Kva hadde du gjort og sagt, dersom du fekk vite at det flyet du satt på i mars i år, nettopp har landa igjen, og at du framleis var om bord?

Dette er ein smart fransk thriller om ulempene ved å ha fleire utgåver av seg sjølv. Eit sprekt tankeeksperiment, med innslag av sci-fi og fantastisk litteratur.

Les bokmeldinga her

Jonas Hansen Meyer
Omslaget til I går, Begynnelsen til alt og Min kjæreste skatt

«I går» av Ágota Kristóf

Den ungarske forfatteren skreiv denne aggressive og ømme romanen om lengsel i 1995, i år kom den på norsk.

Aggresjonen viser seg i dei mange tabua og brot på grenser som Kristóf skildrar. Ømheita viser seg i den sterke lengselen etter frigjeringa. Ein konsentrert og underleg roman av verdsformat.

Les bokmeldinga her

«Begynnelsen til alt» av David Wengrow og David Graeber

Det eksisterte aldri noko paradisisk før-historisk uskuld der menneska ikkje hadde politisk medvit, ifølgje forfattarane. Og utviklinga frå jeger-sankarsamfunn til jordbruk var ikkje rettlinja.

Denne sakprosaboka opna auga mine for kor samansatt og rik den tidlige historia, og ikkje minst sjølve mennesket, er.

Les bokmeldinga her

«Min kjæreste skatt» av Marieke Lucas Rijneveld

Ein slags remiks av «Lolita» av Nabokov lagt til landsbygda i Nederland. Ein 49 år gamal dyrlege forelskar seg i ei 14 år gamal jente.

Kontrasten mellom det forferdelege innhaldet og det lyriske språket skapar ei både ubehageleg og suggererande leseoppleving. 

Les bokmeldinga her

Thula Kopreitan
Bokomslagene til Stakkar, Ingen Hellig og Devon

«Stakkar» av Matias Faldbakken

Det er sjeldan eg verkeleg kosar meg med ei bok eg les. Denne osar av genuin skaparglede – ein kvalitet eg set høgare enn nesten alt.

Noko meir kreativt og sprelsk prosjekt skal du leite lenge etter – sett bort fra den forrige romanen hans, den like herleg trolske og ville «Vi er fem».

Les bokmeldinga her

«Ingen hellig» av Roskva Koritzinsky

Roskva Koritzinsky er imponerande fininnstilt på mennesket sine fakter, manglar, sårheiter og (brennande, sløkkande) vilje.

Personane i novellene hennar er snedige og skakkøyrde, ja, dei er rett og slett interessante.

Koritzinsky skriv sanseleg, billedleg og substansielt. Ho har ei mørk og klar ro, og akkurat passe mystikk til at novellene festar seg.

«Devon» av Nils Christian Moe-Repstad

Mytologiske scener og bilete i eit meningsladd, men ikkje vanskeleg språk. Estetikken er mørk, rik og reinskoren.

Moe-Repstad gjekk dessverre bort nokre månader etter at diktboka kom ut, og slik David Bowie så kjent hinta om sin snarlege død på sitt aller siste album, er det nesten uråd ikkje å antyde noko av det same i Devon sitt sluttdikt:

Det var alt jeg kunne si, og skulle sagt, om de hvite klippene

Linje med tre bøker oppå.