Hopp til innhold

Kritikaranes bokfavorittar frå 2021

Her er lista over 15 av dei beste bøkene frå 2021, valt ut av litteraturkritikarane i NRK.

Årets beste bøker 2021

FAVORITTAR: Opplevingar, skjebnar, karakterar, setningar og kjensler er stikkord for dei femten bøkene som har gjort mest inntrykk på fem av litteraturkritikarane i NRK.

Du finn mellom anna ein vinnar av Nordisk råds litteraturpris, ein brageprisvinnar, diktsamlingar og essay.

Bruk lista som tips til bruk av gåvekort, inspirasjon til bytte i bokhandelen om du har fått fleire eksemplar av den same boka til jul, eller om du berre treng godt selskap.

Marta Norheim sirkel

Marta Norheim sine tre 2021-favorittar:

Årets beste bøker 2021

1. Djup innsikt og ironi

  • Bok: «Blomsterdalen» av Niviaq Korneliussen (Gyldendal)
  • Omsetjar: Kyrre Andreassen
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Mange skriv om Grønland, få skriv frå Grønland. Niviaq Korneliussen gjer det. Romanen «Blomsterdalen» skildrar Grønland innanfrå og det utan nostalgi og idyllisering: her er sjølvmord, alkoholisme og forsømte barn, gjerne i kombinasjon.

Likevel er det ein svir å lese, fordi Korneliussen er ein stor forfattar som kombinerer djup innsikt med ironi og tvitydige situasjonar. Som når hovudpersonen er i ferd med å gå til grunne i Danmark og får høyre at det er utruleg kva du kan kome unna med når du er grønlandsk.

At «Blomsterdalen» vann Nordisk råds litteraturpris, var heilt på sin plass.

  • Høyr: «Open bok» (boka vann Nordisk Råds litteraturpris 2. november 2021)

2. Ein roman eg ikkje såg kome

  • Bok: «Jeg grunnla de forente stater» av Hilde Susan Jægtnes (Tiden)
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Alexander Hamilton (1755–1804) er den amerikanske draumen – om ein ser bort frå slutten: Ein fattig lausunge frå Saint Croix som blir sentral politikar og finansminister i USA før han misser livet i ein idiotisk duell.

Med denne usannsynlege profilen som nav, målar Jægtnes fram eit 1700-talssamfunn som slit med slikt som våpenbruk, behandling av svarte og skattlegging. Verkar det kjent?

Dette er ein roman eg ikkje såg kome, som det så kjekt heiter, men som det er all grunn til å rydde plass for.

3. Originalt om mykje som går skeis

  • Bok: «Sjøskade» av Eirik Ingebrigtsen (Forlaget Oktober)
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Ein dag tek Johs med seg jobben heim: Eit lass med mageinnhaldet til ein død gåsenebbkval hamnar i kjellaren, til registrering. Øydelagt av sivilisasjonen altså, mens Johs nyleg var nær ved å drukne i kvalens rette element og lurer på om han har mista forstanden.

Ein original roman om mykje som går skeis. Bonus: Eit møte med samtidslitteraturens mest harmoniske tenåring.

Litteraturkritiker i NRK - Knut Hoem.
Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD

Knut Hoem sine tre 2021-favorittar:

Årets bøker 2021 - Knut Hoems utvalgte

1. Årets store overrasking

  • Bok: «Maurheten» av Charlie Kaufman (Gyldendal)
  • Omsetjar: Eivind Lilleskjæret
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Filmkritikaren B. Rosenberger Rosenberg har så store ambisjonar om å skapa eit evigvarande meisterverk, men endar stadig vekk med å ramle ned i eit opent kumlokk. På veg ned i undergrunnen funderer vår tragiske helt også over korleis han, som så gjerne vil spele på lag med alle feministar og absolutt alle minoritetar, stadig blir minna på det han også er: ein aldrande, kvit middelaldrande mann, som fullstendig har gått av moten. Men den grunnleggande kjærleiken til filmen kan ingen ta frå han. Berre så synd at denne kunstforma er festa til akk så lettennelege cellofan.

«Maurheten» av den amerikanske manusforfattaren Charlie Kaufman var årets store overrasking. Kvar gong eg tenker på romanen, boblar eg nærast over av latter.

2. Hardtslåande

  • Bok: «Kjøttets tid» av Lina Wolff (Forlaget Oktober)
  • Omsetjar: Bodil Engen
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Hovudpersonen i «Kjøttets tid» er ein skribent på 45 år. Utstyrt med eit raust reisestipend flyr ho til Madrid og går på bar. Vår heltinne er i akutt behov for forvandling. Moglegheita kjem til henne i form av menneske ho møter i den spanske hovudstaden. Dei er som englar i forkledning som strekkjer ut ei hand til henne som ho grip begjærleg. Men også englane har sine eigne demonar dei må overvinna. Moglegheita kjem i form av eit liveshow på internett, der konseptet er at gjestene vedkjenner sine synder til to svært ukonvensjonelle programleiarar og ei nonne, som kringkastar alt direkte til programmet sine mange «followers».

Viss det er noko vi har lært oss gjennom pandemien er det at vi treng kvarandre, og ingen viser oss det tydelegare enn svenske Lina Wolff. «Kjøttets tid» er årets mest hardtslåande roman.

3. Får lyst til å pakke kofferten

  • Bok: «Ulykkelige Arabia – verden etter Jemen» av Cecilie Hellestveit (Spartacus)
  • Sjanger: Sakprosa

I «Ulykkelige Arabia – verden etter Jemen» blir krigen, som har gått føre seg i Jemen sidan 2015, skildra nærast som eit Shakespeare-drama. På rollelista finn vi først og fremst leiarane av golfstatane i regionen. Hellestveit nærmar seg konfliktane over landområda både geopolitisk og historisk. Vi får i tur og orden sjå korleis dei ulike aktørane har forsøkt å manøvrere over tid.

Samfunnsvitar og jurist Cecilie Hellestveit er den eg konsulterer når eg skal forsøke å setje meg inn i korleis ting heng saman i Midtausten. Trass i alt kaos, all svolt og elende, får eg lyst til å pakke med meg boka i kofferten og reise ned for å sjå Jemen med eigne auge.

​​​​​

Anne Cathrine Straume - litteraturkritiker i NRK

Anne Cathrine Straume sine tre 2021-favorittar:

Årets beste bøker 2021 - Anne Cathrine Straume

1. Regnbogens mangfald

  • Bok: «Årstidskvartetten» av Ali Smith (Oktober Forlag)
  • Omsetjar: Merete Alfsen
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Eg kjenner ingen forfattar som kan vera så leikande og samstundes så viktige som skotske Ali Smith. I dei fire bøkene «Høst», «Vinter», «Vår» og «Sommer» kritiserer ho brexit og britisk integreringspolitikk, ho skriv om polarisering og rasisme, om mistilpassa ungdom og Albert Einstein.

Blir det dystert? Nei, Smith syner kor grunnleggande kunsten er i livet vårt og korleis den kan motverka framandfrykt og historieløyse. Og ikkje minst overvinna hangen til likesæle.

Smith trekkjer dei mest usannsynlege linjer mellom naturvitskap og kunst, mellom det heilt store og nærast patetiske nære, og ho kjem unna med det med bravur.

Den overrumplande bruken av språket hennar gjer at kvar ein lesar må tenke seg om og revurdere på førehand velvillige oppfattingar. Om nokon kan representera regnbogens mangfald, så er det Ali Smith.

2. Får lyst til å lese kvar setning høgt

  • Bok: «Rød selvbiografi» av Anne Carson (Kolon Forlag)
  • Omsetjar: Tone Hødnebø
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Denne boka fekk kultstatus nærast med det same den kom i 1998. Først no er den tilgjengeleg på norsk, nydeleg omsett av Tone Hødnebø. Carson, som er professor i klassiske språk og litteratur, går tilbake til eit gamalt gresk segn og omformar historia om eit raudt monster som blir drepen av helten Herakles til ei sanseleg forteljing om lengselen til ein ung gut.

I eit glasklårt språk, og med ein rytme som gjer at du får lyst til å lese kvar setning høgt, utforskar ho omgrep som tid, kjærleik og minne. Dette er ei bok som kan lesast igjen og igjen, og kvar gong vil ein få nye bilete i hovudet og fruktbar uro i sitt indre.

3. Hjarteskjerande

  • Bok: «Klara og solen» av Kazuo Ishiguro (Cappelen Damm)
  • Omsetjar: Bjørn Alex Herrman
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

I heile vår historie har menneska utfordra det guddommelege. Anten vi trur på ein Gud eller skaparverket utan skapar, så har vi hika etter kontroll. Men kva skjer når vi byrjar å tukle med naturen? Det spørsmålet har fleire forfattarar skrive godt om, mellom andre Margaret Atwood og Ian McEwan.

Eg vart gripen av nobelprisvinnaren Ishiguros siste roman, der han diktar fram ein robot som er poda med alle menneskelege eigenskapar og er skapt for å vera ein ven for eit einsamt barn.

På sitt sedvanlege vis, der han avslører kunnskap litt etter litt, får Ishiguro meg til å reflektere over kva eit menneske er – og kva verdiar vi aldri må miste av syne.

Spennande, uhyggeleg og hjarteskjerande.

Litteraturkritiker i NRK - Jonas Hansen Meyer.

Jonas Hansen Meyer sine tre 2021-favorittar:

Årets beste bøker - Jonas

1. Ei nyting å lese

  • Bok: «Fiskehuset» av Stein Torleif Bjella (Forlaget Oktober)
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Musikaren og assistentlæraren Jon Aslesson Aal reiser saman med onkel Ivar på ei veke lang fisketur med garn. Onkelen lærer nevøen om garnfiskets tradisjonar og løyndomar, men har òg meiningar om nevøen sin spelekunst, livsførsel og person. Karakterteikningane er gripande, dynamikken mellom dei to mennene er både vond og morosam. Og skildringane av roing, garnsetjing og den omliggjande naturen er ei nyting å lese.

Boka trefte meg i sin kombinasjon av det smertefulle og det humoristiske. Korleis forsone seg med eit liv som ikkje vart heilt slik ein skulle ønskje?

2. Forlokkande og høgst relevant

  • Bok: «Ekko – et essay om algoritmer og begjær» av Lena Lindberg (Gyldendal)
  • Sjanger: Sakprosa/Essay

At mangemilliardæren og Facebook-investoren Peter Thiel i sin ungdom var student av den franske filosofen René Girard er nesten for godt til å vere sant. Lena Lindgren utforskar koplinga mellom risikovillig kapitalisme, sosiale medium og Girard sine tankar om mimetisk begjær (menneske attrår det andre attrår) i ei bok ho kallar «Et essay om algoritmer og begjær». Resultatet er forlokkande, høgst relevant og brageprisvinnande.

Eg vart gripen av Lindgren si lesing av den gamle myten om Narcissus. Lindgren grev fram Ekko-figuren og set lys på sentrale aspekt ved dynamikken i sosiale medium.

  • Høyr Studio 2 om «Ekko» (sendt 24. april 2021).

3. Rytmisk og songaktig

  • Bok: «Våre sår i hogstflaten rense overgi blanke trær blomstre opp i dødsraten hvisk navnet ut her» av Kristin Berget (Cappelen Damm)
  • Sjanger: Lyrikk

Etter mi meining tek delar av samtidspoesien for lettvint på forholdet mellom språk og meining. Det gåtefulle er ein sikker veg til estetisk nyting, men blir fort uforpliktande. Denne diktsamlinga er definitivt gåtefull, men ho er ikkje uforpliktande. Berget bind språket ned i det materielle og skaper eit rituelt, messande alvor. Særleg avdelingane med sokalla klagesongar påkallar noko djupt, instinktivt og mørkt: «kom synger vi sammen/ koker suppe til menneskestammen/ mens en bestialsk barmhjertighet for alt/ dyreknoke vann salt».

Boka gjorde inntrykk med si ktoniske stemning og sin rytmiske, songaktige kvalitet i fleire av avdelingane.

Thula Kopreitan sirkel
Foto: JAVIER ERNESTO AURIS CHAVEZ / NRK

Thula Kopreitan sine tre 2021-favorittar:

Årets bøker 2021 - Thula

1. Vekker både avsky og medkjensle

  • Bok: «Tøyeneffekten» av Bjarte Breiteig (Forlaget Oktober)
  • Sjanger: Skjønnlitteratur

Å hjelpa andre ut av lidinga deira har sine baksider – umyndiggjering, til dømes. Breiteig tek lesaren med til Tøyen under overflata, fortald gjennom norskfødde, kvite middelklasse-Mona.

Medan eg les om Mona og mannen sitt idealistiske prosjekt blir det vekka både avsky og medkjensle i meg. Det er denne vekslinga – som også går føre seg hjå Mona, i møte hennar med tøyenbebuarane – som gjer romanen så medrivande.

Det var nok særleg dette, kjensla av å kunne gjennomskue hovudpersonane, som klistra meg til boka.

2. Eksistensielt ubehageleg

  • Bok: «Protosjel» av Maria Dorethea Schrattenholz (Forlaget Oktober)
  • Sjanger: Lyrikk

Ei ung kvinne observerer kjærasten forvitre av ein kreftsjukdom – språk og tilvære går parallelt i oppløysing. I den siste delen av boka hamnar vi på den andre sida av tida, det er svimlande og det minner meg om ei bok eg hadde eit sterkt forhold til som barn: Geir Gulliksen «Kanskje. Kanskje ikke, eller Pia er et spøkelse» (2004).

Schrattenholz er meir naturnær og poetisk konsentrert og det er formspråket som gjer innblikket i etterlivet så truverdig og eksistensielt ubehageleg.

3. Enkelt og treffande

  • Bok: «Sorgsanger» av Kari Saanum (Forlaget Oktober)
  • Sjanger: Lyrikk

Sjukdom og død i familien har blitt behandla tallause gongar før i litteraturen, og Saanums diktdebut er eit utmerka bidrag. Ho skriv så enkelt og treffande at kvart dikt trykker inn, sjølv om eg ikkje har erfart ei slik sorg sjølv.

Her handlar det like mykje om umisteleg kjærleik og om å sørge i fellesskap.

Kva skulle ein gjort heilt aleine her i verda, tenker eg, medan tårene tåkelegg synsfeltet mitt og det kjennest ut som eg står under vatn.

Illustrasjon av nissen som leser bøker. Laget ifm. listesaken «Årets beste bøker 2021»

FAVORITTAR: Gode bøker i nok eit koronaår.

Illustrasjon: Edvin Avdagic

Alle meldingar og anbefalingar finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.