Hopp til innhold

Årets beste bøker

Her er favorittbøkene til NRKs litteraturkritikarar frå 2020.

Illustrasjon til sak med NRKs litteraturkritikeres valg av "Årets beste bøker 2020"

BOKÅRET 2020: I denne saka finn du 15 utvalde bøker frå året som har gått. Det er både romanar, sakprosa, teikneserie og lyrikk. Alle bøkene er gitt ut på norsk, bortsett frå ei som kjem på norsk på nyåret.

Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Eit par Bragepris-vinnarar, vinnaren av Bookerprisen, ein lysande debutant, Jon Fosse, ei nyoppdaga fransk litteraturstjerne og heile to (!) historiske bøker om Churchill.

Desse er alle på lista over dei 15 beste bøkene frå 2020, valt ut av litteraturkritikarane i NRK.

Bruk det som tips til julegåver, godt selskap i jula eller som inspirasjon til nyttårsforsettet om å lese meir i året som kjem.

NRKs litteraturkritikere, f.v. Leif Ekle, Anne Cathrine Straume, Knut Hoem, Marta Norheim og Ola Hegdal.

KRITIKARANE: NRKs litteraturkritikarar har valt ut tre bøker kvar frå året som har gått. F.v. Leif Ekle, Anne Cathrine Straume, Knut Hoem, Marta Norheim og Ola Hegdal.

Foto: NRK

kultur1
Bokomslaget til Beate Grimsruds roman "Jeg foreslår at vi våkner", 2020.

Tittel: «Jeg foreslår at vi våkner» av Beate Grimsrud

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Marta Norheim

– Store forfattarar greier å skape eit indre lys i dei mørkaste historier. Det siste Beate Grimsrud gjorde før ho døydde av kreft, var å skrive ein energisk, desperat, og ja, til tider morosam roman om ei kvinne som får kreft, men som ikkje har tid til slikt fordi ho har så mange andre planar å gjennomføre, så mykje liv att å leve og så mange sprø draumar å drøyme. Ein altfor tidleg, men likevel gnistrande finale.

Les anmeldelsen.

kultur2
Bokomslaget til "Årene" av Annie Ernaux

Tittel: «Årene» av Annie Ernaux (omsett av Henninge M. Solberg)

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Anne Cathrine Straume

– 2020 var året då Annie Ernaux for alvor vart kjend for eit norsk publikum. Gjennom heile forfattarskapet har den no 80 år gamle forfattaren tatt utgangspunkt i eige liv. Lidenskapen går som ein raud tråd gjennom tekstane hennar, der ho også utforskar forholdet mellom individet og fellesskapet og tolkar samtida ut frå klasse og sosial bakgrunn. I «Årene» kombinerer ho strengt personlege erfaringar med erfaringane til ein heil generasjon. Dette er sanseleg litterært minnearbeid som gjer sterkt inntrykk.

Les anmeldelsen.

kultur3
Bokomslaget til romanen "Oktoberbarn" av Linda Boström Knausgård.

Tittel: «Oktoberbarn» av Linda Boström Knausgård (omsett av Monica Aasprong)

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Knut Hoem

– Linda Boström Knausgård held fram med det sjølvbiografiske der eksmannen slapp (Karl Ove Knausgård, red. merk.). «Oktoberbarn» handlar om psykisk sjukdom, men ikkje berre det. God litteratur har sjeldan berre eitt tema. Romanen handlar også om å vekse opp med skodespelarmamma i det rikaste stroket i Stockholm. Boka passar for alle, anten ein har møtt veggen eller ser føre seg at ein kan kome til å møte veggen. Eller om du berre er ute etter å rømme frå det meir eller mindre velfungerande livet ditt for ei stund.

Les anmeldelsen.

kultur4
Bokomslaget til boka "Verden på vippepunktet" av Dag O Hessen.

Tittel: «Verden på vippepunktet» av Dag O. Hessen

Sjanger: Sakprosa

Valt av: Ola Hegdal

– Det byrjar med eit klimabrøl, men endar ikkje der. Dag O. Hessen har skrive ei utmerka bok om klimaendringar og miljøøydeleggingar, der kjølige analysar og glødande appellar utfyller kvarandre. Hessen viser seg som engasjert, sakleg, kunnskapsrik og – ikkje minst – modig formidlar av ekstremt komplekse samanhengar. Den doble Brageprisen er fullt fortent.

Les anmeldelsen.

kultur5
Bokomslag til romanen "Eit praktisk menneske" av Kjersti Rorgemoen.

Tittel: «Eit praktisk menneske» av Kjersti Rorgemoen

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Marta Norheim

– Ei gruppe amerikanarar vender «tilbake» til ei bygd dei aldri har vore i, og bygdefolket steikjer for første gong gris over bålet på jonsokaftan – for å gje dei heimkomne noko «ekte». Musealterapeuten (!) Liv er observerande deltakar til alt det underlege folk har for seg i Avdalen. Ho driv med temmeleg rare greier sjølv, og er klar over det. Ein ekte Rorgemoen-roman: original, skarp og vittig.

Les anmeldelsen.

Til saken "Årets beste bøker 2020"
kultur6
Bokomslaget til romanen "Felemakaren" av Edvard Hoem, 2020.

Tittel: «Felemakaren» av Edvard Hoem.

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Leif Ekle

– Edvard Hoem har skrive på familiekrønika si lenge no. Den har tatt lesarane vidt avgarde, så langt som til USA, sjølve prærien. Samtidig har den lege fast i «(…) noko som hende i eit vestnorsk kystlandskap for lenge sidan (…)». Med «Felemakaren» er vi stadig der, nær havet, naudsår etter napoleonskrig og blokadar, byar på Nordvestlandet i langsam vekst, eit heim i fjøra. Eg kan knapt få fullrost denne romanen om ein felemakar i ei fjern tid.

Les anmeldelsen.

kultur7
Bokomslag til diktsamlingen "Jeg vil våkne til verden" av Karoline Brændjord.

Tittel: «Jeg vil våkne til verden» av Karoline Brændjord

Sjanger: Lyrikk

Valt av: Anne Cathrine Straume

– Ein diktdebut av dei sjeldne. Karoline Brændjord skriv eksistensielt inderleg på ein måte som kjennest nødvendig. Det overordna temaet i dikta er saknet av ei mor som sjølv har valt å forlate verda. Korleis kan den som er igjen då møte og ta innover seg verda? Vind og vatn susar gjennom samlinga, fuglar og dyr likeins. Med «Jeg vil våkne til verden» har Karoline Brændjord levert ei lysande debutbok. Ho er eit namn å merke seg blant årets litterære debutantar.

Les anmeldelsen.

kultur8
Bokomslaget til romanen "Pesten" av Camus, som ble gitt ut på nytt i 2020.

Tittel: «Pesten» av Albert Camus (omsett av Christina Amadou)

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Knut Hoem

«Et operakompani var kommet for å gi noen forestillinger i byen samme vår som pesten brøt ut. Nå var de blitt blokkert av sykdommen». Punktleg til pandemien kom Albert Camus' brennaktuelle klassikar frå 1947 i ei heilt ny omsetjing signert Christina Amadou. Hovudpersonen, den observante legen Dr. Rieux, ser symptoma på gatene, kjempar seg gjennom fordommar og konspirasjonsteoriar, og overtyder dei politiske styresmaktene i byen om at strenge tiltak må til. Det storslåtte i «Pesten» finst der det attkjennande møter det gåtefulle.

Les anmeldelsen.

kultur9
Bokomslag til romanen "Det uferdige huset" av Lars Amund Vaage.

Tittel: «Det uferdige huset» av Lars Amund Vaage

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Marta Norheim

– Kva er det som gjer eit hus til ein heim, kva er det som knyter folk saman, og kva gjorde folkehøgskulane med gåverik bygdeungdom tidleg på 1900-talet? Forfattar og bonde Ragnvald Vaage var bestefaren til forfattaren, og inspirert av han kjem denne historia om store draumar, uferdige hus og ei pliktkjensle det ikkje går an å bli kvitt. Vondt og vakkert. Nei, vakkert og vondt.

Les anmeldelsen.

Til saken "Årets beste bøker 2020"
kultur10
Bokomslaget til "Shuggie Bains" av Stuart Douglas.

Tittel: «Shuggie Bain» av Douglas Stuart (kjem på norsk i februar 2021)

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Leif Ekle

– «Shuggie Bain» mottok mot slutten av 2020 den viktige Bookerprisen. Uvanleg for ein debut, men skotsk-amerikanske Douglas Stuart har eit openbert og digert talent, og han har ei sterk historie å fortelje. Om eit ytterst dysfunksjonelt mor-barn-forhold, om rus og om å vere avhengig. Alt plassert i arbeiderklassen i Glasgow og i 1980- og det tidlege 90-talets Storbritannia. Den realistiske romanen har framleis sterk kost å by på.

Les anmeldelsen.

kultur11
Bokomslaget til "Seks minutter i mai" av Nicholas Shakespeare.

Tittel: «Seks minutter i mai» av Nicholas Shakespeare (omsett av Christian Rugstad)

Sjanger: Sakprosa

Valt av: Ola Hegdal

– Felttoget i Narvik i 1940 var darlingen til marineminister Winston Churchill. Då det vart ein fiasko kunne det ha gjort slutt på karrieren hans. Så kvifor gjorde det ikkje det? Nicholas Shakespeare har skrive ei glitrande skildring av dagane i 1940 då skjebnen til England sto og vippa. I tillegg til eit mylder av andre aktørar, blir vi kjende med ein kamplysten og feilbarleg Churchill, og ein Neville Chamberlain som er klart betre enn ryktet sitt.

Les anmeldelsen.

kultur12
Bokomslaget til "Churchills ilddåp" av Erik Larson, 2020.

Tittel: «Churchills ilddåp» av Erik Larson (omsett av Rune R. Moen)

Sjanger: Sakprosa

Valt av: Knut Hoem

– Bak den litt trauste tittelen skjuler det seg eit forrykande drama. Den amerikanske historikaren og journalisten Erik Larson har vist tidlegare at det går an å både vere litterært glitrande og historisk etteretteleg. No gjer han det igjen. Vi følgjer Winston Churchill, staben hans og den næraste familien gjennom bomberegnet i ei elegant forteljing, som også er blitt eit portrett av London anno 1940-44. Vi er også tett på dei strategiske avvegingane i Hitler sin næraste krets på same tidspunkt.

kultur13
Bokomslaget til tegneserien "Jobb" av Anders N. Kvammen, 2020.

Tittel: «Jobb» av Anders N. Kvammen

Sjanger: Teikneserieroman

Valt av: Leif Ekle

– Då Anders N. Kvammen og teikneserieromanen «Ungdomsskolen» fekk Brageprisen (og ein nominasjon til Nordisk Råd) i 2016, var det rimeleg klart at endå meir fint var i gjære i det norske teikneseriemiljøet. «Jobb» følger hovudpersonen Aksel vidare i livet, først og fremst på jobb og i oslobyens ute- og kvardagsliv. Den eine ekstrajobben etter den andre, tilsynelatande meiningslause og evig gjentakande jobbar. Medan det Aksel eigentleg vil, er å teikne litt. Bli teikneserieteiknar, for eksempel. Kvammen sin særeigne stil og humor, saman med ein sterk underliggande solidaritet, gjer nettopp denne serien til ein av favorittane i år.

Høyr intervjuet med Kvammen i «Kulturstripa».

kultur14
Bokomslaget til Jon Fosses "Eg er ein annan", 2020

Tittel: «Eg er ein annan»

Sjanger: Skjønnlitteratur

Valt av: Anne Cathrine Straume

– I fjor hadde eg Jon Fosse sin roman «Det andre namnet» som ein av favorittane mine. Og sanneleg må han med i år også. Eg innrømmer for all verda at eg er fanga av Fosse: Musikaliteten i språket, sirklinga rundt enkeltscener som lever med i tanken gjennom eit heilt liv, ja, kanskje gjennom fleire liv og fleire generasjonar, det er makelaust gjort. «Eg er ein annan» utvidar og utdjupar forteljinga om målaren Asle frå boka frå i fjor, og blir avslutta med eit siste bind neste år.

Les anmeldelsen.

kultur15
Bokomslaget til "Spion og forræder" av Ben Macintyre.

Tittel: «Spion og forræder» av Ben Macintyre (omsett av Kjersti Velsand)

Sjanger: Sakprosa

Valt av: Ola Hegdal

– Den kalde krigen vaknar til nytt liv i denne hybriden av ei dokumentarbok og spionthriller, der vår reiseguide er KGB-obersten som mister barnetrua på kommunismen. Oleg Gordijevskij svik landet sitt og familien sin og vervar seg som spion for britisk etterretning av idealistiske årsaker. Dermed grip han inn i historias gang. Presist og uhyre spennande frå Ben Macintyre.

Les anmeldelsen.

----------------------------------

Litteraturkritikar Knut Hoem er son av forfattar Edvard Hoem, men har ikkje vore involvert i utvalet av romanen «Felemakaren» til denne lista.

Alle anmeldelsar og anbefalingar finn du her.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP