Hopp til innhold
Anmeldelse

Fosse midt i fleisen

Dei sterke kjenslene får pipla fram i «Einkvan» av Jon Fosse. Det er blitt ei vakker og intens framsyning.

To menn i ein slags kamp i eit badekar i framsyninga "Einkvan" på Det Norske Teatret
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Terningkast 5 Teater

«Einkvan»

Skodespel av Jon Fosse

Det Norske Teatret

25. april–14. september 2024

Det er ingen tvil: Det kjem eit sus over det heile når ein urpremiere på eit teaterstykke av Jon Fosse finn stad. For no er det nobelprisvinnaren me skal sjå. Han me elska så høgt i desember. Kva har han funne på no?

Spørsmålet er vel heller kva regissør Kjersti Horn har funne på. For der Jon Fosse har levert eit vakkert, lite drama om einsemd og sakn, er ho den elleville x-faktoren som gjer at ein ikkje anar kva som ventar.

Men Horn er lik seg, ho òg. Ho smeller opp Fosse på digre skjermar der snørr og tårer renn.

Forstørra kjensler

Nærbilde av to par øyne klippet sammen ved siden av hverandre

ORIGINAL SCENE: Øvst: Lysrigg. I midten: Dei to digre videoskjermane, til venstre Vetle Bergan, til høgre Preben Hodneland. Under: Plastforhenget som rammar inn staden der skodespelet finn stad, det publikum ikkje får sjå.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

Slik ser scena ut: Ein delvis gjennom­siktig plastduk rammar inn scene­området. Innanfor er skodespelarane. Over plastduken heng to store skjermar.

Alt som hender på innsida av forhenget, får me ikkje sjå. Men kamera er der inne, og denne gongen går kamerafolka tett, tett på skodespelarane.

På dei store skjermane ser ein til dømes eit halvt andlet, eit par auge, ein skodespelar i profil. Tårer, porer, hårstrå, spytt – alt kjem heilt nært.

Horn let kamera zooma inn kjenslene. Og igjen løftar videobruken dei litterære kvalitetane i teksten.

I «Kristin Lavransdotter» brukte Horn kamera for å zooma inn på det vesle mennesket i den store verda, løfta fram den einskilde. I «Einkvan» lar ho kamera gje plass til alle dei kjenslene Jon Fosse sine personar ber på, strir med og som dei uttrykker i sitt kvardagslege språk.

Ho forstørrar slik at alle detaljane, den minste mimikk, alle nyansar i Fosse si karakter­teikning kjem fram.

Og dette har Fosse sin dramatikk så veldig, veldig godt av.

Portrett av mann med med ring i øret og vått hår

FIN FOSSE: Preben Hodneland som Fyrste yngre mann i «Einkvan» av Jon Fosse.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

Kjærleik og nærleik

«Einkvan» er eit teater­stykke mange kan kjenna seg att i. Det handlar om ein far, ei mor og ein vaksen son. Sonen vil ikkje ha noko med foreldra å gjere. Dei leiter etter han og dei saknar han. Men han vil ikkje bli funnen.

Her er slektskap til andre store norske samtids­dramatikarar som Arne Lygre og Fredrik Brattberg i denne teksten. Fosse doblar karakterane slik at det er to søner, to mødrer, to fedrar.

Kan hende er dei speglingar av kvarandre, kan hende er dei to. Den som ser, kan velja.

To menn ligg i badekaret i framsyninga "Einkvan" på Det Norske Teatret

SPEGLAR KVARANDRE: Andre yngre mann (Vetle Bergan) og Fyrste yngre mann (Preben Hodneland). Teksten og framsyninga er open både for at dei speglar kvarandre og at dei er to ulike karakterar.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

Ein kan sjå dette som ei historie om kjærleik. Men mest av alt ei historie om sakn.

Dei vande Fosse-replikkane «Nei, så kjekt å sjå deg», «Det var lenge sidan» og liknande vert noko anna og nytt filtrert gjennom video­skjermane.

Dei seks sårbare individa opnar opp Jon Fosse for nær sagt alle, for her er så mykje å kjenna seg att i. Alle er barn av nokon. Alle har kjensler knytt til det.

Mann i underbukse bak eit halvt gjennomsiktig plastforheng i framsyninga "Einkvan" på Det Norske Teatret

SKUGGEN: Andre yngre mann (Vetle Bergan) nær ved å bryta gjennom plastveggen. Til sist vert han som ein skugge som aldri vik, noko medvite ein aldri vert kvitt.

Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret

Nydeleg tekst

Og når ein kjem så tett på, er tekst­handsaminga sentral. Her set Preben Hodneland tona allereie i opnings­monologen – finare Fosse har eg knapt høyrt.

Eg har lese så mykje Fosse at eg har han i kroppen, men Hodneland finn ein måte å nytta dei mykje omtala pausane hos Fosse på slik at språket opnar seg på nytt. Hodneland viklar varsamt opp setningskonstruksjonane og gjev dei ny meining.

Eit nydeleg tekstarbeid, rett og slett.

Og her er mykje svært fint spel. Hodneland, Vetle Bergan og Marianne Krogh står fram i dette stykket. «Einkvan» er rørande i alt det enkle.

Derfor er det synd at forma får eit monotont preg midtvegs og at musikken tidvis bidreg til dette monotone. Ein ventar på at forhenget skal trekkast frå, at noko skal skje, at scena skal opna seg. At noko bryt. Men det skjer ikkje. Det er nok villa slik, men eg saknar eit brot.

Først og fremst er «Einkvan» eit vakkert stykke Fosse midt i fleisen. Den timen i teateret burde mange unna seg.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret. 

Han og Ho har lengta etter å få vera åleine og kjøper seg eit hus ved havet. Men kva om dei ikkje vert åleine likevel? Kva om nokon kjem?

JON FOSSE ORD FOR ORD: Sjå framføring av Jon Fosses tekstar.