Hopp til innhold

Lisa lever av ein eldgammal kunst – nå leitar ho etter ein lærling

Lisa Bøthun er éin av cirka 15 bokbindarar i Noreg. Nå vil ho lære kunsten vidare, men rekrutteringa er ikkje stor.

Lisa Bøthun

FÅ I YRKET: Lisa Bøthun er éin av cirka 15 bokbindarar i Noreg.

Foto: Yngve Skomsvoll / NRK

«Dunk!»

Lyden kjem frå ei 500 kilo tung slagpresse som Lisa Bøthun bruker til å slå lufta ut av avisene. I Tønsberg driv Bøthun nemleg éin av dei tre bokbindarverkstadene i landet.

Det er eit sjeldan yrke med lite rekruttering.

Lisa Bøthun

ALEINE: Bøthun jobbar aleine på kontoret i Tønsberg.

Foto: Yngve Skomsvoll / NRK

Brukar gull og marmor

Verktøy i metall med trehandtak heng på rekke langs den eine veggen.

Det ser ikkje særleg moderne ut, men sjølv eit moderne Noreg treng Bøthuns kunnskap og hender.

Bøthuns Bokverksted

HANDVERK: Bøthun har ein fysisk krevjande jobb.

Foto: Yngve Skomsvoll / NRK

Ein bokbindar festar sider saman og lagar ein perm.

Nå bind ho for eksempel utgitte lokalaviser frå Midt-Noreg saman til éi bok.

Andre dagar lagar ho omslag til restaurantmenyar.

Hennar neste prosjekt er å lage svære gjestebøker til 22. juli-senteret.

– Det er gammalt tradisjonshandverk. Eg bruker både gull og marmor, forklarer Bøthun og viser fram ein såkalla forgyllerpresse ho bruker for å presse gullbokstavar på permar.

Lisa Bøthun

FAMILIEARV: Privatpersonar har gjerne eit klenodium av ei bok dei vil reparere.

Foto: Yngve Skomsvoll / NRK

Søkar læring

Bøthun er truleg over snittet glad i bøker – ikkje berre dei fysiske, men også dei ho kan ha på øyret.

– Eg jobbar jo aleine, så det er mykje stille, fortel ho.

Ho høyrer derfor på lydbok på jobb kvar einaste dag.

Eit anna grep ho ønsker å gjere for å skape ein mindre stille arbeidsplass, er å skaffe seg ein kollega

– Eg leitar etter ei læring, seier bokbindaren.

Bøthuns Bokverksted

KOLLEGA: Nå håpar Bøthun på ein ny kollega ho kan lære opp.

Foto: Yngve Skomsvoll / NRK

Ho ser altså etter ein ung, leseglad og handverksinteressert person.

– Dette er eit handverk som lever vidare. Vi har eksistert i fleire hundre år. Vi er altså ei gruppe med stamina, synest Bøthun.