Hopp til innhold

25 fengjande sommarbøker

Sommaren er her for fullt. Her finn du tips til lektyre på late, varme dagar.

Sommaren er ei fin tid for å lese bøker. Og det kan vere godt med ei av det litt lettlesne slaget.

NRK sine litteraturkritikarar har gått gjennom bunken av bøker som har kome ut det siste året, og valt ut dei som kan vere perfekte for late sommar­dagar.

Medrivande, rørande, poetisk og lett­beint er ord som skildrar nokre av bøkene på lista. Du får mellom anna kjærleik, smart satire, krim og aktuelle problem for både unge og vaksne. Vi snik òg inn ein fort lest nobelpris­vinnar frå 2021.

Her er snarvegar til dei ulike kategoriane:

Men vi opnar med:

- Kort, men godt -

Ei irsk perle

Forfatter Claire Keegan og omslaget på boka 'Tre lys'

STOR POESI.

Foto: ASCHEHOUG / MURDO MCLEOD
  • Bok: «Tre lys» av Claire Keegan
  • Omsett av: Merete Alfsen
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume
  • Sider: 79

Du les ho raskt, men dette er ei bok som blir sitjande lenge.

Ei lita jente spring nedover ein gardsveg på den irske landsbygda. Ho er langt borte frå familien sin, sett bort for sommaren hos nokre fjerne slektningar, fordi huset heime er fullt av svoltne søsken og dessutan er ein ny liten bror eller syster på veg.

Jenta lærer for fyrste gong i livet kva omsorg vil seie. Omsorg, sorg og kjærleik er sentrale omgrep i denne boka som ikkje på noko vis blir pretensiøs eller svulstig.

Det er stor poesi i den vesle forteljinga til Claire Keegan.

Rått og ømt i kortformat

Forfatter Majken van Bruggen og omslaget til «Utskudd»

UTLEVERANDE.

Foto: KOLON/IDA GØYTIL
  • Bok: «Utskudd» av Majken van Bruggen
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 125

Majken van Bruggen skriv knappe noveller som kan lesast i eit «sitt». Her møter vi folk som ikkje slepper lesaren tett inn på livet, men vi blir ganske godt kjent med dei likevel.

Det kan vere tenåringen som lokkar læraren med på tungekyssing, eller rullestolbrukaren som har sex med den svært unge heimehjelpa.

På sitt beste er den knappe, til tider nesten brutale stilen til Majken van Bruggen ein sann svir. Her er ingen uskuldige og ingen totalt håplause. Dei har bagasje, dei har begjær, dei har urealistiske draumar. Men dei fleste prøver. Og å skru ned forventningane er ikkje det same som å gje opp.

Få greier å utlevere personane sine så rått og så ømt på same tid som Majken van Bruggen.

Til toppen av saka

- Spenning med og utan mord -

Heit midtsommar

Aki og Milla Ollikainen og bokomslag av boken "Konteiner"

FINSK KRIM.

Foto: Jonne Räsänen/Otava / Aschehoug
  • Bok: Konteiner av A.M. Ollikainen
  • Omsett av: Turid Farbregd
  • Anbefalt av: Leif Ekle
  • Sider: 349

Pseudonymet A.M. Ollikainen er her med den første boka om politietterforskar Paula Pihlaja.

Det er varmt i Helsingfors, folk skal feire midtsommar. I ein konteinar ved ein landstad vaknar ei afrikansk kvinne. Ho er sjanselaus, konteinaren vert fylt med sjøvatn. Paula Pihjala og kollegaene finn liner til finsk verksemd i Namibia. Personlege og økonomiske lovbrot, handlinga skyt betydeleg fart.

Godt plott og overraskande vendingar: her får vi finsk sommar med mykje spenning.

Alfahannen sitt fall

Bokomslaget til Kirurgen og portrettbilde av Ida Hegazi Høyer

«LEGEROMAN».

Foto: Tiden forlag og Svein Finneide
  • Bok: «Kirurgen» av Ida Hegazi Høyer
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 267

Kirurgen Henrik Wold (37) har alt: Han er dyktig, har interessant jobb og svart Tesla, Han er saman med ei vakker kvinne. Ganske snart går sjefen av med pensjon og då skal unge Wold melde seg på i konkurransen. Det er for godt til å kunne vare.

Og ja, ganske riktig: det går ikkje mange sidene før vi anar kva veg det skal gå. Måten Ida Hegazi Høyer skildrar nedturen på er presis og smertefull.

Denne romanen er eit lærestykke i korleis ein ikkje skal oppføre seg i denne verda.

Intenst om ulv og naturvern

Kombinasjon av omslaget til boka «Løpe ulv» av Kerstin Ekman.

ENGASJERANDE.

Foto: Cato Lein
  • Bok: «Løpe ulv» av Kerstin Ekman
  • Omsett av: Bodil Engen
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 176

Ein gammal jeger ser ein ulv for første gong, og livet blir aldri det same. Altså: Han har sett mange ulvar, han har skote ulvar, men ein grytidleg vintermorgon verkeleg ser han dette dyret som er heime i skogen jegeren sjølv har papir på at han eig.

Frå dette vendepunktet viklar Ekman ut ei historie om det rike livet i skogen, som menneska forvaltar med svært vekslande klokskap.

Det har blitt eit intenst og fortetta kunstverk om kjærleik, kunnskap og konsekvensane av kortsiktige val. Ekman greier å vere både stor forfattar og naturvernar i ein og same tekst.

Lettbeint lektyre

kombinasjon av forfatter jojo moyes og omslaget til hennes bok «I dine sko».

RØRANDE.

Foto: Vidar Ruud / Bonnier
  • Bok: «I hennes sko» av Jojo Moyes
  • Omsett av: Eva Ulven
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume
  • Sider: 490

Kanskje du skal velje denne framfor ein ny Netflix-serie i sommar?

Den seinaste boka til britiske Jojo Moyes er eit velregissert forviklingsdrama der hovmod står for fall. I denne historia sirklar alt kring forbytinga av eit par sko. Med forbytinga som utgangspunkt får Moyes kommentert kor urettferdig dei økonomiske goda er fordelte her i verda, og kor bra det er med ekte verdiar og ekte venskap i staden for vener som kan kjøpast for pengar. Enkelt, ja, men artig tidtrøyte.

Jojo Moyes er dronninga av rørande underhaldningslitteratur.

Krim, krig og kjærleik

Bokomslag "En skygge på min grav" og portrett av Ingrid Berglund

UMAKE PAR.

Foto: Julie Pike / Gyldendal
  • Bok: «En skygge på min grav» av Ingrid Berglund
  • Anbefalt av: Leif Ekle
  • Sider: 297

Dødsbuadvokaten Oda Krogh og hennar ulønna assistent Reidar får ei tilsynelatande uskuldig sak. Ho viser seg å vere det motsette, med røter som strekker seg tilbake til krigen, til store pengar og ikkje minst dramatiske hendingar i Rjukan. Det handlar om angivarar, heltemot og svik. Men også om ung kjærleik.

«En skygge på min grav» er ei riktig spennande whodunnit. Det umake paret, Oda og Reidar, er eit snedig kjennskap.

Til toppen av saka

- Kjærleiken og alt det rundt -

Sommarleg samlivsdrama

Kombinasjon Trude Marstein 'Egne barn' og forfatterportrett

NERVEPIRRANDE.

Foto: Julie Pike / Gyldendal
  • Bok: «Egne barn» av Trude Marstein
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 336

Det ligg mykje katastrofemateriale latent i denne romanen: Eit fråskilt par møtest til sommardugnad på eit torp dei framleis eig saman. Med på lasset er mine og våre barn, pluss nye partnarar. Her skal det målast, fiksast mat, ja, og det skal drikkast vin.

I staden for den store eksplosjonen viser Marstein, gjennom uhyre presise situasjonar, kva konsekvensar samlivs­brotet har for vaksne og barn. Mens mannen, Ivar, meiner at livet berre skjer og sånn måtte det bli, ser Anja at ho har teke nokre val i livet som har ført henne til ein stad det ikkje er godt å vere.

Trude Marstein tek her samlivs­romanen til eit nytt nivå. Det er nervepirrande og tankevekkande.

Latter og tårer

Portrett av Elizabeth Strout og bilde av bokomslaget til "Lucy ved havet"

FASCINERANDE.

Foto: Leonardo Cendamo / Forlaget Press
  • Bok: «Lucy ved havet» av Elizabeth Strout
  • Omsett av: Hilde Rød-Larsen
  • Anbefalt av: Knut Hoem
  • Sider: 287

Romanane til Elizabeth Strout om Lucy Barton er perfekt sommarlektyre. «Lucy ved havet» er den fjerde romanen med den New York-baserte forfattaren i hovudrolla. Som alltid hos Elizabeth Strout er det eit avgrensa antal personar å halde styr på. Pandemien herjar og Lucy forlèt «The Big Apple» med eksmannen William.

Å lese Strout er som å vere i ein ekstremt fortruleg samtale, der kjensleutbrota i boka har det med å forplante seg i lesaren.

Det går godt an å lese denne fjerde boka først, men her går det så fort unna at det tryggaste er å bunkre opp heile denne fascinerande romankvartetten.

Tysk sommardrama

Bokomslag av "Brannen" og portrett av Daniella Krien

MELLOMMENNESKELEG.

Foto: Maurice Haas / Forlaget Press
  • Bok: «Brannen» av Daniela Krien
  • Omsett av: Ute Neumann
  • Anbefalt av: Knut Hoem
  • Sider: 210

Tysk litteratur er blitt hakket rikare med Daniela Krien. Vi er i dei austtyske provinsbyane Leipzig og Dresden. «Brannen» er den andre romanen hennar på norsk, «Kjærlighet i nødsfall» kom i 2021.

Ekteparet Rahel og Peter har vore gift i 30 år, og flyttar frå Dresden til ein gard i ein landsby utanfor byen. Ho er psykolog. Han underviser på universitetet. Rahel er prega av at mora ikkje har fortalt henne kven far hennar er. Historia til landet, som i 40 år hette DDR, spøkjer i bakgrunnen.

I motsetnad til mange andre tyske forfattarar er ikkje Krien sine romanar først og fremst politiske. Styrka hennar ligg på det personlege planet. Krien borar i alt det finstemte som går føre seg i ein familie.

Til toppen av saka

- Ung i ny og veldig gammal tid -

Moderne om Akilles

Ingressbilde Miller Akilles

SPENNANDE.

Foto: Nina Subin / Cappelen Damm
  • Bok: «Sangen om Akilles» av Madeline Miller
  • Omsett av: Heidi Sævareid
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 350

Halvguden Akilles trendar på BookTok saman med elskaren Patroklos. Den tapre krigaren som berre hadde eitt svakt punkt, nemleg den seinare så vidgjetne akilleshælen, viser nye sider ved seg sjølv.

Jo, han er framleis rasande, slik han var for 3000 år sidan, men i romanen til Miller kjem også mjukare sider til syne. Patroklos får jobben med å forklare moderne lesarar kva det er som rir Akilles når han blir fylt av arkaisk vreide.

Den sterkt moderniserte versjonen er spennande, også for dei som veit korleis det går til slutt.

Teikneserieroman for unge

Kombinasjon av forfatter/illustratør John S. Jamtli og omslaget til hans bok «Sabotør - Tungtvannsaksjonen»

GOD STREK.

Foto: Tor Lindseth
  • Bok: «Sabotør – Tungtvanns­aksjonen» av John S. Jamtli
  • Anbefalt av: Leif Ekle
  • Sider: 127

John S. Jamtli sin teikneserie om tungtvannaksjonen på Rjukan er den fjerde i serien «Sabotør». Også denne gongen er boka mynta på ungdom frå 12 år, utan at det er grunn for vaksne å styre unna.

Jamtli teiknar, fortel og får fram stemning og dramatikk i Noreg under verdskrigen. Heile vegen konkret og begripeleg.

Viktigaste pre er nok Jamtlis utsøkte teikningar – i eit spenn som òg omfattar natur og humor.

Frå «dude» til dad

Bokomslag og forfatterportrett av Taran Bjørnstad og boken «Uke 40».

AKTUELL OG UNG.

Foto: Stine Friis Hals/Aschehoug
  • Bok: «Uke 40» av Taran Bjørnstad
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume
  • Sider: 275

Her er ei bok som treffer midt i hjartet til unge lesarar: Even er 18 år, han bur heime hjå mamma og pappa og ser fram til russetida. Men brått må han ta eit enormt, eksistensielt val: Han skal bli far, og mora til barnet er psykisk sjuk og kan ikkje ta seg av guten. Blir det Even eller fosterheim?

Taran Bjørnstad har skrive ei sugande forteljing frå veke éin til veke 40, den tida eit normalt svangerskap tar.

Dette er ein særs aktuell roman for unge vaksne.

Om å ta eigne val

Vigdis Hjorth og omslaget til boka 'Femten år. Den revolusjonære våren'

MEDRIVANDE.

Foto: Cappelen Damm/Sara Angelica Spelling
  • Bok: «Femten år» av Vigdis Hjorth
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume
  • Sider: 182

Til den som er på leit etter meininga i livet, er mitt tips å lese Vigdis Hjorth. Er det noko som kjenneteiknar forfattarskapen hennar, så må det vere viljen til protest. Hjorth vil bort frå det søvndyssande, det konforme.

I «Femten år» er det Paula som vaknar frå ein trygg og god oppvekst, og ser at dei ho trudde levde i sanning – foreldra og besteforeldra – både lyg og har store løyndomar for kvarandre. Paula må ta eit eksistensielt val for å finne sin veg i livet.

I ein sjeldan poetisk og medrivande roman skriv Hjorth fram det vidunderlege ved å ta sine eigne val.

Til toppen av saka

- På sporet av den nesten tapte tid -

Kjensla av å være i 20-åra

Kombinasjon av omslaget til boka «Detaljene» og forfatter Ia Gjenberg.

GENERASJONSROMAN.

Foto: Sara Mackey / Forlaget Oktober
  • Bok: «Detaljene» av Ia Genberg
  • Omsett av: Bodil Engen
  • Anbefalt av: Knut Hoem
  • Sider: 139

«Jag har rest tillbaka i tiden, blivit ung», song dei svenske nittitalsrockerne Kent i låten «Musik Non Stop» (1999). «Detaljane» vekkjer den kjensla der, kjensla av å være i 20-åra i eit sommarvarmt Stockholm, i husværet til ei venninne som plutseleg har bestemt seg for å leggje ut på sitt livs danningsreise til Guatemala eller India.

Dette er definitivt boka du plukkar opp når alle dei stressa folka har forsvunne til Mallorca, eller sit fast i ein ferjekø ved Lavik.

Boka folk snakkar om

Kombinasjon av forfatter Thomas Korsgaard og omslaget til hans bok «Hvis det skulle komme et menneske».

BURLESK.

Foto: Simon Klein-Knudsen
  • Bok: «Hvis det skulle komme et menneske» av Thomas Korsgaard
  • Omsett av: Hilde Rød Larsen
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume
  • Sider: 280

«Hvis det skulle komme et menneske» er ei oppvekstskildring av det beiske slaget. 12 år gamle Tue bur på ein gard midt på Jylland, økonomien skrantar, omsorga frå foreldra likeins. Kvardagen er prega av skitt, sinne og frustrasjonar, men og av burleske innfall og ei kjensle av å leve, trass i alt.

Boka er den første i ein trilogi som er blitt ein favoritt blant danske lesarar. Dette er hard realisme i eit barnleg, poetisk språk.

Vil du lese bøker folk snakkar om, er debutromanen til danske Thomas Korsgaard eit godt val.

Lettlesen om tungt tema

Boka Johannes' åpenbaring av Jonny Halberg

HEMMELEGHEITER.

Foto: KOLON FORLAG
  • Bok: «Johannes´ åpenbaring» av Jonny Halberg
  • Anbefalt av: Leif Ekle
  • Sider: 237

Den tidlegare stand up-komikaren Johannes Kaupang kjem tilbake til Vestlandet og Skatøy for å gravlegge sin far, død etter sjølvmord. Far og son har ikkje snakka saman på fleire år.

Johannes byrjar å leite, grave i faren si historie og etterlatenskapar. Hemmelegheitene nærmast rullar ut, gamle røynder må vike. Fortida er like uomgjengeleg som ho er vrien å få tak i.

Romanen er lett å lese, men ikkje lettbeint. Tvert om. Jonny Halberg er tilbake etter seks år med stilla; godt er det!

Smart satire

Forfatterportrett av Jurij Andrukhovytsj og bokomslaget til Moskoviaden

MOROSAMT.

Foto: Lina Hindrum/Cappelen Damm
  • Bok: «Moskoviaden» av Jurij Andrukhovytsj
  • Omsett av: Dagfinn Foldøy
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 186

Ei ukrainsk forfattarspire hamnar på galeien i Moskva. Gjennom eit svært fuktig døgn råkar han inn i dei mest absurde og livsfarlege situasjonar, før han endar i eit gigantisk underjordisk sal.

Her spelar det seg ut ein dekadent orgie der deltakarane er samla for å mobilisere. Dei vil samle det heilage og evige Russland på ny, og dei vil ekspandere vestover.

«Moskoviaden» byr språkleg spenst og absurde situasjonar som kallar fram den store latteren, mens dei politiske ideane i undergrunnen er ubehageleg nærverande no 29 år etter at romanen kom ut på ukrainsk.

Litterær lekkerbisken

Edmund de Waal og omslaget på Brev til Camondo

SKINANDE.

Foto: Press
  • Bok: Brev til Camondo av Edmund de Waal
  • Omsett av: Christian Rugstad
  • Anbefalt av: Knut Hoem
  • Sider: 190

Mellomkrigstida er i vinden, og kven ville vel ikkje vore i den franske hovudstaden i åra mellom dei store krigane? Britiske Edmund de Waal har tidlegare vist seg som ein original forfattar av litterær sakprosa med den origianel famiilisoga «Haren med øyne av Rav».

I «Brev til Camondo» skriv han til ein jødisk forretningsmann, Moise de Camondo, som oppretta eit museum til sonen sin, som døydde under den første verdskrigen. Museet er eit stykke fastfrosen tid. Det er denne nydeleg omsette boka òg. Historia sit i veggane.

Ta på deg stråhatt og les breva til Camondo med en rykande varm kopp Lapsang Souchang-te. Eventuelt ein «Aperol Spritz».

Til toppen av saka

- Klassereiser -

Jenta som elska Stalin

Lea Ypi - Fri

KOMIKK OG TRAGEDIE.

Foto: Stuart Simpson / Gyldendal Forlag
  • Bok: «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi
  • Omsett av: Inger Sverreson Holmes
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 316

Lea (11) lever heilt fint i Albania heilt til verda slik ho kjende den felte i grus saman med diktaturet i 1990. «Fri» er historia om jenta som klamra seg til statuen av Stalin under samanbrotet, berre for å oppdage at nokon har sagd hovudet av den snille onkelen.

Lea Ypi, no professor i politisk filosofi ved London school of Economics, let både barnet og filosofen kome til orde i denne memoarboka.

«Fri» opnar døra til Albania innanfrå og viser fram eit liv, ein familie og ei historie du ikkje kjende frå før.

Spinnar kvinnehistorie-trådar

Forfatter Susanna Alakoski og omslaget til Bomullsengelen

DRAUMAR.

Foto: Samlaget/Julia Lindemalm
  • Bok: «Bomullsengelen» av Susanna Alakoski
  • Omsett av: Runa Kvalsund
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume
  • Sider: 507

Er du nysgjerrig på fortida, er dette boka for deg. Kven var kvinnene som jobba i fabrikkane tidleg i det førre hundreåret? Dei kom frå landsbygda til byane, som oftast frå små kår, eller frå garder der det ikkje lenger var plass til dei. Nokre var ute etter eventyret i byen. Andre søkte fritid og eigne pengar.

Susanna Alakoski har brukt mormora si som modell for hovudpersonen Hilda. «Bomulls­engelen» gir meir lærdom om den nære historia vår, både økonomisk og sosialt. Dette er første boka i ein stor romankvartett som skal strekkje seg fram til vår eiga tid.

Det ligg store draumar og mykje hardt arbeid mellom permane i denne boka.

Best frå nobelprisvinnaren

Annie Ernaux og bokomslag til "Far / En kvinne"

FESTAR SEG.

Foto: Catherine Hélie / Editions Gallimard/Gyldendal forlag
  • Bok: «Far / En kvinne» av Annie Ernaux
  • Omsett av: Sissel Lie og Henninge Margrethe Solberg
  • Anbefalt av: Anne Cathrine Straume
  • Sider: 138

Om du ikkje har snust på forfattarskapen til den ferskaste nobelprisvinnaren i litteratur enno, er den vesle boka «Far / En kvinne» mitt tips. Der skriv Annie Ernaux om foreldra sine og om korleis ho som ungjente fjerna seg frå dei då ho reiste ut for å studere og kom heim som eit heilt anna menneske.

Klassereise, lidenskap, minne og kunst er sentrale tema hjå Ernaux.

Denne gripande boka, som kom norsk i 2021, er fort lest, men ikkje så snart gløymt.

Til toppen av saka

- For dei lange lesedagane -

Sex og forviklingar

Bokomslaget til Karolines Kjærlighet og portrettbilde av Kim Leine

POLITIKK OG BEGJÆR.

Foto: Cappelen Damm og Robin Skjoldborg
  • Bok: «Karolines kjærlighet» Kim Leine
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 414

Danske Karoline er kronprinsesse i «Demokratisk Alliance» som far hennar har stifta. Partiet vil ha muslimar ut av Danmark, Danmark ut av EU og sosial­demokratane ut av Borgen. Men i starten er Karoline i Moskva der ho arbeider som diplomat. Der lurer ho ein russisk etterretningsmann i fella, eller var det omvendt?

Romanen viser korleis begjæret etter makt, pengar og sex kan rote det til både i familien, politikken og etterretninga. Leine er ein meister i å få lesaren med på halsbrekkande moralske rundkast og forviklingar på høgaste nivå, bokstavleg talt.

«Karolines kjærlighet» held grepet frå første side til siste avsnitt.

Romanen som har alt

Forfatter Hernan Diaz og omslaget til «Tillit»

SVIMLANDE.

Foto: Jason Fulford/Aschehoug
  • Bok: «Tillit» av Hernan Diaz
  • Omsett av: Bjørn Alex Herrman
  • Anbefalt av: Marta Norheim
  • Sider: 411

Andrew Bevel er superrik like før krakket på New York-børsen i 1929. Etter krakket er han endå rikare. Bra for business, men dårleg for ryktet, viser det seg. Bevel blir harselert med i ein nøkkelroman og svarer med ein pompøs sjølvbiografi.

Romanen «Tillit» byr på heile fire til dels sterkt motstridande historier om livet til Bevel. Kven kan vi ha tillit til?

Ein roman om kva det vil seie å eige slikt som pengar, sanne historier og makt over sinnet.

For heile sommaren

Forfatter Antonio Scurati og omslaget til boka M - århundrets sønn

DOKUMENTARROMAN.

Foto: Cappelen Damm/Greta Stella
  • Bok: «Århundrets sønn» av Antonio Scurati
  • Omsett av: Steinar Lone
  • Anbefalt av: Knut Hoem
  • Sider: 800

Kven har ikkje lyst til å vere i Italia om sommaren? Det er der vi er i denne 800 sider lange mursteinen til Antonio Scurati. Vi skal til det nordlege Italia, for det var her – nærare bestemt i Milano – den italienske fascistdiktatoren Benito Mussolini tok sine første vaklande steg på veg mot makta.

Scurati følgjer, i dette første av tre bind, dei sentrale aktørane på alle sider i det politiske spekteret – nærast minutt for minutt. Det heile er gjort så grundig at ein kjenner seg som floge på veggen når dei demokratiske kreftene i landet spelar fallitt.

Her er det berre å setje seg i skuggen under eit tre med ein sterk espresso, kanskje nokre antipasti, og leve heile sommaren gjennom i parallelluniverset til Scurati.

Til toppen av saka

Les også Nye bøker som kan gi den perfekte krimpåsken

Bokomslag av 13 nye krimbøker i 2023.

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)