Hopp til innhold
Anmeldelse

Rå noveller om folk som har fått ein smell

«Utskudd» er for dei som synst det kan bli vel mykje tankespinn i litteraturen.

Forfatter Majken van Bruggen og omslaget til «Utskudd»
Foto: KOLON/IDA GØYTIL
Bok

«Utskudd»

Majken van Bruggen

Noveller

2022

Kolon

Personane til Majken van Bruggen slepp ikkje lesaren tett inn på livet, men vi blir ganske godt kjent med dei likevel. Dei blir synlege gjennom fakter, ritual, replikkar, handlingar.

I ei tid då den typiske eg-forteljaren er utstyrt med ein evig kvernande hjerne, er denne mangelen på nevrotisk sjølvrefleksjon direkte forfriskande.

Ikkje dermed sagt at vi har med harmoniske og livskraftige handlingsmenneske å gjere, langt derifrå.

Tungekysstrening med læraren

Gjennom åtte ganske korte noveller møter lesaren folk som kjenner seg utanfor i livet, vanlegvis med god grunn. Men, dei finn seg ikkje til rette i offerrolla heller.

Dei gjer noko med det. Av og til går det kanskje bra. Eg skriv «kanskje», fordi novellene sluttar før vi får vite korleis det endar.

Nok eit pluss i margen for van Bruggen, ho unner lesaren den søte, sitrande frustrasjonen over å bli snytt for tydelege avslutningar.

I opningsnovella «Ford Galaxy» møter vi ei jente som så vidt er ferdig med Barbie og Ken, men som er meir enn klar for neste fase i livet: øl, sex og bilturar.

Ho formeleg pressar bilmekanikaren Remi til å gå stadig lenger, utan at ho nødvendigvis forstod kva dette «lenger» eigentleg innebar før det var for seint.

Tenåringen i «Algebra» er også på utforsking, og lokkar mattelæraren Tor til tungekyss. Etter den treningsøkta er ho klar for å sjekke opp ein gut på skulen. Då er vel alt såre vel? Eller?

Dumme val og livet går vidare

Omsorgssvikt er eitt stikkord i samlinga.

Men det er ikkje lett å vere forelder heller: Når faren i «Pappa er en skurk» skal prøve å ha samvær med sonen etter enda soning, endar første overnattingsforsøk med knus og hyl og skrik, før faren til slutt ringer og ber mor hente poden.

Pappa står og ser på meg, han sier ingenting. Jeg reiser meg og stiller meg ved siden av ham, vi blir stående sånn og vente, og pappa ser fra meg til soverommet, det er et søkk i puta etter hodet mitt.

«Utskudd» av Majken van Bruggen

Berre det, og så er det slutt. To rådlause menn står heilt stille og ventar, og lesaren synst synd på dei begge.

Før slutten, etter 125 korte sider, har vi også nådd å bli kjent med blant andre ølgubben som miste omsorgsretten på sviktande grunnlag, og rullestolbrukaren som hadde sex med den svært unge heimehjelpa som kanskje ikkje oversåg konsekvensane.

«White beach» er ei spenningsnovelle med handling frå ein stad i søraust-Asia, ein region van Bruggen dokumenterte kjennskap om allereie i romanen «Bangkok baby».

Her skjuler menn seg for å sleppe straff i heimlandet. Forfattaren lagar ei vakker spenningskurve, og dei som ikkje blei overraska over kva hovudpersonen var ute på, vil eg gjerne høyre frå.

Malplassert, men blant dei beste i samlinga.

Rått og ømt

Av og til blir likevel novellene for knappe og personane for lite utvikla til å interessere.

Det gjeld særleg «Mens syrinene blomstrer», der ei døyande kvinne held oppe livsmotet med kreative løgner på nettet, og «Ane Liane» om ei svært einsam lita jente. Her er også avslutningane meir bastante.

Men på sitt beste er den knappe, til tider nesten brutale stilen til Majken van Bruggen ein sann svir.

Her er ingen uskuldige og ingen totalt håplause. Dei har bagasje, dei har begjær, dei har urealistiske draumar. Men dei fleste prøver. Og å skru ned forventningane er ikkje det same som å gje opp.

Få greier å utlevere personane sine så rått og så ømt på same tid som Majken van Bruggen.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Majken van Bruggen-roman på lista Fem romanar om mødrer som slit

Sliten småbarnsmor