Hopp til innhold

Rett svar og vinnarar av julequizen 2019

Gjennom jula har vi trekt daglege vinnarar av årets julequiz.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

No er alle dei daglege vinnarane trekt ut, og dei får kvart sitt NRK-krus med noko godt oppi.

I tillegg har vi trekt ut ein heldig vinnar blant alle som sendt inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga.

Den heldige som får ein NRK-sekk, vårt populære krus og ein DAB-radio, er Margrete Horge i Lærdal. Gratulerer!

Julequizen 1. januar

Det aller siste svaret i julequizen er høgtid. Oddlaug Lundebrekke på Stadlandet har blitt trekt ut som vinnar. Premie kjem i posten!

Julequizen 31. desember:

Kom du fram til riskrem? Det er rett svar på den siste julequizen i 2019. Den heldige vinnaren blei Signe Marie Orvedal frå Vik.

Julequizen 30. desember:

Vi skulle fram til nisse som svar. Lars Einar Torsnes frå Odda vart trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Julequizen 29. desember:

Romjul var rett svar på quizen 6. juledag. Jill Årdal frå Vassenden var blant mange som kom fram til rett svar. Premie kjem i posten.

Julequizen 28. desember:

Rett svar på quizen 5. juledag var julegris. May Solbakk Bruåsdal frå Lavik kom fram til det rette svaret og vil få premie i posten. Gratulerer!

Julequizen 27. desember:

Vi skulle fram til lutefisk som svar på quizen 4. juledag. Johannes Kjøsnes frå Skei vart trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Julequizen 26. desember:

Krybbe var rett svar på quizen 3. juledag. Randi Lundebrekke frå Åheim var blant mange som kom fram til rett svar. Premie kjem i posten.

Julequizen 25. desember:

Rett svar på quizen 2. juledag var engel. Vi har fått inn mange rette svar, og vi har trekt ut Terje S. Buene frå Skilbrei som vinnar. Gratulerer!

Julequizen 24. desember:

Juleevangeliet var rett svar på den første quizen denne jula. Det var det mange som visste. Stillaug Mundal frå Fjærland vart trekt ut som den heldige vinnaren. Vi gratulerer.