Hopp til innhold

Her får næringssjefen dugnad i bursdagsgåve

GLOPPEN (NRK): Då næringssjefen i Gloppen kommune fylte 50 år, fekk han ei gåve litt utanom det vanlege.

Knut Roger Nesdal og Birte Fossheim

SPESIELL GÅVE: I dag fekk næringssjef Knut Roger Nesdal gåva si frå dei tilsette. Birte Fossheim er ei av mange som stiller opp.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Dugnadsånda ligg over Trivselsskogen på Sandane. Kring 25 tilsette frå kommunehuset er i full sving med å mure, leggje torv og kutte flis. Det heile er ei gåve til næringssjef Knut Roger Nesdal, som blei 50 år i desember i fjor.

– Eg organiserer dugnaden eg fekk i gåve frå dei tilsette på heradshuset. Det er ei fantastisk gåve og akkurat i mi and. Dugnaden er godt planlagd, og vi har god mat. Då kan vi få gjort utruleg mykje, seier Nesdal.

Stort engasjement

Prosjektet Trivselsskogen er noko Nesdal har stort engasjement for. Over fleire år er eit stort tal dugnadstimar lagt ned i skogsområdet over Sandane sentrum. Her har mellom anna dagsturhytta i Gloppen fått plass, skogen har eigen kjærleikssti og det blir for tida arbeidd med å få til eit utkikkspunkt over ein foss i området.

– Alle har lyst å bidra, og det er allereie lagt ned 6000 timar i prosjektet som eg har følgt frå første dag, seier næringssjefen.

Dagens arbeidsøkt er lagt til TIN-camp, der initialane står for Trygg i naturen. Planleggar Birte Fossheim i Gloppen kommune er ein av dei som har stilt på for å gi kollegaen dugnadstimar i gåve.

– Vi har ein næringssjef som brukar mykje av fritida si i Trivselsskogen. Vi tenkte kva den beste den bursdagsgåva ville vere, og då blei det ei dugnadsøkt frå dei tilsette på heradshuset. Det tykte han var kjempestas, og eg trur ikkje han kunne fått ein betre presang, seier ho.

Femte mest populære turrute

Knut Roger Nesdal

GLAD: Knut Roger Nesdal gler seg over gåva han fekk.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det er Nesdal som har bestemt korleis dugnadstimane skal brukast. Det er ingen liten jobb dei har takka ja til. På ønskelista står torvlegging av ni bygg, muring av fem bålplassar, grusing av området, fliskutting av skog og muring av bakaromnar.

– Vi skal mellom anna lempe 32 pallar med torv og løfte på plass to vedfyrte bakaromnar til bakehuset. Vi skal også grave hol til hengekøy-runduellen der vi skal få på plass 11 hengekøyer. Det er mykje jobb til dei som kjem, seier Nesdal.

Dei tilsette kom rett frå jobb for å vere med på dugnaden. Her venta grillmat og vaniljebollar.

– Vaniljebollar er Knut Roger sin favoritt, ler Fossheim og legg til at alle kjenner næringssjefen og at han er ein kjekk kollega.

I fjor kom Trivselsskogen på ein femteplass då Noregs mest populære turrute skulle kårast. Fossheim seier ho brukar skogen ofte.

– Det er eit fantastisk flott turområde som passar til ein rask kveldstur på ein time, eller ein halvtimes joggetur, seier ho.

Per Ove Fossheim og Sigmund Ommedal

DUGNAD: Per Ove Fossheim (øvst) i Gloppen kommune jobbar med å få på plass omn til pizza/bakst saman med Sigmund Ommedal.

Foto: Benedikte Grov / NRK