Hopp til innhold

Her er dagens quiz - 24. desember

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz:

1) – Å spreie litt glede i kvardagen og på tur, var hensikta med dette, fortalde ein kunst- og handverkslærar til NRK i juli. Hobbyen hennar er å «pynte» på steinar ho kjem over på fjellturar i Flora. Vi skal fram til etternamnet til kvinna, og vi skal ha sjette bokstaven.

2) I sommar byrja rykta å svirre om at eit dyr var sett for første gong på Bulandet. No kan det vere så mange som 1,5 millionar av dei. Kva dyr snakkar vi om? Vi skal ha andre bokstaven.

3) Det seiast at kjært barn har mange namn. Det gjeld også for Eid sin siste, og Stad sin første, ordførar. Vi snakkar sjølvsagt om #distriktspsykopat Alfred Bjørlo. I desember vanka det nok ein tittel på venstreordføraren. Kva «Årets» vart han kåra til? Vi skal fram til den 13. bokstaven.

4) Vi skal halde oss på ordførarsporet også neste spørsmål, for ein balestrending blir første ordførar i nye Sogndal kommune. Kven? Vi skal ha fjerde bokstav i etternamnet.

5) «Singel dame frå Valdres trenger bonde i fra Sogn» stod et å lese i ei litt uvanleg kontaktannonse langs E16 i Lærdal i sommar. Kva for ein «ting» var annonsen skriven på? Vi skal ha niande bokstaven.

6) Erik Rotihaug gjekk sigrande ut av forpaktarane på Lundereid i TV2-serien «Farmen». 24-åringen frå Nordfjordeid var likevel ikkje den einaste frå Sogn og Fjordane som kom langt i konkurransen. Kva er etternamnet på den lokale utøvaren som kom seg til semifinalen? Vi skal ha sjuande bokstav.

7) BBC Earth vitja ein sognekommune under innspelinga av si nye storsatsing, «The Planets». Dokumentarserien handlar om planetane i solsystemet vårt, og britane brukte vestlandsnaturen for å gjenskape landskapet på ein fjern klode. Kva kommune vitja dei? Vi skal ha første bokstav.

8) Filmskaparane Pål Øie og Einar Loftesnes har hatt ikkje mindre enn to filmpremierar andre halvdel av året. Den første handla om Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup, men kva heiter den andre filmen, som vart spelt inn ei rekkje stader i fylket? Vi skal ha tredje bokstav.

9) Kjell Tvinnereim imponerer mange når han trekkjer fram eit verktøy, som han spelar musikk med. Kva verktøy? Her noterer du deg tredje bokstaven.

10) Jølstringen Johannes Årdal har ambisjonar om å bli den neste store skihopparen frå Sogn og Fjordane. I september strekte 14-åringen seg til 106,5 meter i eit Noregscuprenn. I kva bakke var rennet? Her skal vi ha 12. bokstav.

11) Plantane fekk dødsdomen allereie før dei var komne i jorda, men mot alle odds fekk bærbøndene i Borgundvågen på Stadlandet det til. Kva bær snakkar vi om? Vi er på jakt etter tredje bokstav.

12) – Dette er Noreg på sitt aller finaste, sjølv om det manglar Bryggen i Bergen, sa statsminister Erna Solberg (H) under opninga på Sandane i juli. Kva var det ho opna? Vi skal også her ha tredje bokstav.

13) Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar, og har gått på Gyldendals skriveskule. Kva pris fekk Vågsøyværingen i byrjinga av desember? Vi skal ha femte bokstav.

14) Forhandlingane om verv og posisjonar er ikkje alltid like beint fram etter kommune- og fylkestingsvala. I einskildkommunar blir det langt på veg klart allereie valkvelden kven som blir ordførar, medan det i andre kommunar tek langt lenger tid. Vi skal fram til kommunen der partia trengde lengst tid på forhandlingane i haust. Først 1. oktober vart Høgre og Arbeidarpartiet samde. Vi skal ha sjuande bokstav i kommunenamnet.