Her testar dei systemet som skal varsle befolkninga på eitt sekund

FLÅM (NRK): Etter flaumen i Jølster etterlyste innbyggjarar mobilvarsling. No skal eit nyutvikla system varsle folk ved ulukker og naturkatastrofar.

Flåm

TEST: Denne veka blei det nye systemet testa i Flåm i Aurland gjennom ei øving.

Foto: ODA ELISE SVELSTAD / NRK

– Vi kan varsle folk på berre eitt sekund, seier Geir Gjørsvik i bedrifta Paneda.

Då Jølster blei råka av flaum og ras i sommar, skapte manglande mobil- og nettdekning problem. Innbyggjarane har i etterkant etterlyst eit mobilvarslingssystem.

I to år har verksemda Paneda jobba med å utvikle eit system som skal varsle og evakuere folk ved ulukker og krisesituasjonar. Gjørsvik meiner systemet ville fungert i situasjonar som den i Jølster.

– Med teknologien vår kunne vi tatt over ein DAB-sendar, og fått varsla alle bilane som var innesperra i raset, seier Gjørsvik.

Varslinga kan nå ut til folk på fleire måtar og i bestemte område.

Geir Gjørsvik i Paneda

NASJONALT: Geir Gjørsvik i Paneda i Selje håpar dei kan nå ut både nasjonalt og internasjonalt med det nye systemet sitt.

Foto: ODA ELISE SVELSTAD / NRK

Bruker DAB-nettet

– Vi treng slike hjelpemiddel, seier Knut Arne Klingenberg, som er tenestadleiar i politiet i Aurland og Lærdal.

Torsdag viste Paneda systemet sitt for første gong i Flåm i Aurland. Kommunen har vore eit testlaboratorium i utviklinga.

Ras- og flaumfare, mange lange tunnelar og store folkemengder når turistane kjem om sommaren, gjer at staden er eigna for testing.

– På Vestlandet skjer det mange naturhendingar, og då har vi ofte sett at mobilnettet er nede, seier Sondre Bjelle, som er rådgjevar for Fylkesmannen.

– Det skal litt til å få folk i rett retning. Vi vil varsle folk på fleire plattformer, som Facebook, tekstmelding eller på TV, seier Geir Gjørsvik i bedrifta Paneda.

Håpar å bli brukt nasjonalt

Det har vore gjort ei rekke utgreiingar av ulike system for å varsle befolkninga ved akutte hendingar. Nyleg var samfunnstryggleiksminister Ingvill Smines Tybring-Gjedde (Frp) i USA for å lære om systema der.

Regjeringa har sett av 1,1 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2020 til å greie ut eit slikt system der.

Når regjeringa no vil greie ut eit nasjonalt system for befolkningsvarsling, håpar dei å spele ei rolle.

Gjersvik meiner systemet kan brukast både på lokale bedrifter, kommunar, fylke og som eit nasjonalt varslings- og evakueringssystem. Han meiner løysinga også har internasjonalt potensial.

– Vi vil vere med på å utvikle eit nasjonalt og internasjonalt varslingssystem, seier Gjørsvik.