Hopp til innhold

– Somme ynskjer å forstå og begripe alt, men ingen av oss kan det

Når kjeklinga i klosteret tek overhand, synest broder Ole det er greitt å kome tilbake til Jølster. Sjølv om alt er forandra.

Ole Støfring, den einaste benediktinarmunken i Noreg, heime i Jølster.

KRYSSAR SINE SPOR: – Det er her i Jølster røtene mine er; det er her eg stammar frå. Men det som eg reiste ifrå, det eksisterer ikkje lenger, seier broder Ole, den siste benediktinarmunken frå Noreg.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

For eit år sidan byrja benediktinarmunkane i St. Adalbert kloster i Nederland å krangle. I gangane hang opptil fleire helgenbilete, og reglene sa at munkane skulle bøye nakken tre gonger kvar gong dei gjekk forbi. Så var det dette med kor bokstaveleg reglane skulle tolkast.

– Når vi er i arbeid eller skal sette noko på plass, går du ikkje og dukkar for bilda kvar gong, seier Ole Svalheim Støfring (75), odelsguten frå Jølster, som godt oppe i 30-åra valde å snu ryggen til det verdslege for i staden å vende seg til Gud på heiltid.

Saint Adalbert of Egmond

SANKT ADALBERT: Kor mange gongar skal det vere naudsynt å bøye seg for Adalbert (nummer to frå høgre?) Det er spørsmålet.

Foto: Wikimedia commons

Då hadde han lenge kjent at klosterlivet lokka på ham – «som ein magnet». Ikkje desto mindre var det ein rivaliserande benediktinar-gjeng i klosteret som meinte at han tok for lett på trua. Han fekk ver så god å stanse ved helgenbiletet og bøye nakken tre gonger – sjølv dei vekene han hadde kjøkkenteneste og hendene fulle av tallerkenar.

– Inni ein kvar munkehabitt eller nonnedrakt bur eit menneske, seier Ole, som forklaring på at sjølv ikkje eit hus for bøn er unnateke kjekling og kniving.

– Det er vel helst sånn at jo mindre bagatellar, jo meir påståelege er vi.

Daud for verda

Tilbake i Jølster er lufta klar og krisp. Ole vrenger ei ekstra munkekappe over hovudet – som berre dei mest erfarne munkane får lov til å ikle seg – og let ho falle nedover skuldrene. Habitten er svart, eit symbol på at munken er daud for verda.

– Eg hadde gløymt kor kaldt det er, seier han.

St. Adalbers kloster i Egmond, Nederland

DET OPPRINNELEGE KLOSTERET: Klosteret St. Adalbert, også kalla Abdij van Egmond, vart opphavleg grunnlagd kring år 920, men øydelagd under reformasjonen. I 1935 vart dagens kloster bygd på tomta.

Foto: Wikimedia commons

Mot nord ligg Tindefjellet og Svidalsstøyalane med tåke på toppane, som om dei har trekt ei lue nedover øyra. På ein liten kolle ligg Vassenden kyrkje. For nokre veker sidan måtte soknepresten avlyse gudstenesta her. Regnet styrta ned og bekken vart til ei flod av stein, jord og vatn, og det var ikkje råd å kome seg fram.

Det er lenge sidan Ole har vore her.

– Det var ei lette å fare, seier han.

Då han var 21 år gamal, braut han opp frå heimbygda og overlét garden til veslebroren.

– Eg vart fri for eit ork.

Nokre år tidlegare døydde mora hans, av kreft.

– Ho døydde før jul då eg var 16 år gamal.

Han seier ikkje så mykje, men akkurat nok. Om ein far «som ikkje løyste det så godt», og om oppgåver som altfor fort vart lagt på altfor unge skuldrer.

– Eg måtte gå heime både seint og tidleg. For eg var den einaste som kunne mjølke, og kyrne måtte jo mjølkast. Det var lite eg kom meg ut.

Den einaste som ville – eller greidde – å snakke om mora var bestemora, som hadde mista dottera si.

– Det har prega mitt forhold til Jølster. Kan hende litt for mykje, seier Ole

Astrup på munkecella

I dag må han nærast naudast tilbake att.

– Dei maste så fælt at eg hadde ikkje noko val, ler han, og legg til at han «trass alt» har eit Astrup-bilete med Jølster-motiv hengande på munkecella si.

Ole Støfring, den einaste benediktinarmunken i Noreg, heime i Jølster.

DEN SISTE BENEDIKTINAR: Då Ole var 21 år gamal, braut han opp frå heimbygda og overlét garden til veslebroren. – Eg vart fri for eit ork, seier han.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Han har nett vore innom heimgarden og sett nokre av dei same utfordringane som i klosteret – spenninga mellom det museale og levande. Snart skal eit av barnebarna til broren ta over drifta.

– Det blir i slekta, det er fint. Det er her røtene mine er; det er her eg stammar frå. Men det som eg reiste ifrå, det eksisterer ikkje lenger. Skogen er gjengrodd, og dei fleste eg kjenner er under torva.

På Ålhus kyrkjegard har han sett etter gamle kjenningar, men fleire av gravene er allereie fjerna. Fredingstida på dei eldste er gått ut, og det er ikkje alltid at det er nokon til å betale festeavgift.

– Då føler ein seg litt framand. Men ein kan ikkje vente å finne igjen det som var den gongen, for då hadde det ikkje vore ei bygd, men eit museum. Slik er det med alt. Noko veks, noko blomstrar av. Det er rytmen i alt.

Forteljingar om Selja

Opp langs dalsida ligg elveløpet som eit ope sår etter rasa. Som om jorda har vrengt seg og svulma opp. I selskap med ein munk ser det nesten obskønt ut.

Dragninga mot Benediktinarordenen byrja på fanget til bestemor, med bibelhistorier og forteljingar om Selja kloster.

– Då sat eg med øyra på stilk.

Seinare var møtet med Iona-klosteret i Skottland eit skyv. Men når folk spør kvifor han vart munk, synest han det er vanskeleg å svare.

– Enkelte har ein tendens til å ville forstå og begripe alt. Men ingen av oss kan det. Gud er alltid større, eit mysterium utan grenser. Og når du skal tvinge det inn i noko som har grenser – slik som bokstavar – så går det ikkje.

Det gudsbiletet han har sette sin lit til er av ein Gud som gøymer og «leiker gøymespel med oss»:

– Han er der, sjølv om han er bortgøymd.

Ole Støfring, den einaste benediktinarmunken i Noreg, heime i Jølster.

NOKO BLOMSTRAR AV: – Ein kan ikkje vente å finne igjen det som var den gongen, for då hadde det ikkje vore ei bygd, men eit museum, seier Ole.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Med dette som utgangspunkt har trua klart seg i møte med skulebenken («den forskrekkelege katekisma til Luther») og gjennom tider med tvil («i klosteret snakkar vi om ’25-årskrisa’»). Statskyrkja melde han seg ut av som 18-åring.

Sabbaten til for mennesket

Når det har røyna på i klosteret, eller kyrkja har krangla om «uvesentligheitar» som kven som bør få lov til å gifte seg, har han henta styrke frå det same biletet. Gud er ikkje ein regelryttar, og sabbaten vart til for mennesket – ikkje mennesket for sabbaten.

– Kyrkja skal vere et skip utan årer, ror og segl. Det er altfor mange som vil vere kaptein på skute og dirigere kor den skal gå.

Tilbake i Egmond enda det med at dei mest bokstavtru munkane – eller «museumsaktige», som Ole kallar dei – braut opp og fant seg eit anna kloster «meir i deira stil».

– Sikkert best for alle, seier Ole.