La bygda ut på Finn – lokka til seg barnefamiliar

Småbygd lokka til seg to barnefamiliar ved å la dei prøvebu gratis i eitt år. No er håpet at det skal redde skulen.

Kolset og Hornelen i Bremanger

ANNONSE: Ei annonse på finn.no gjer at bygdene i Kolset krins får auka folketalet.

Foto: Espen Gulliksen

Lågt elevtal i barneskulen og trugselen om at skulen kunne bli lagt ned, fekk utviklingslaget i Kolset krins i Bremanger til å tenke nytt. Dei la rett og slett bygda ut på Finn.no for å auke folketalet.

I annonsen kunne innbyggjarane lokke med gratis bustad, ingen kø, sjeldan noko mas og ingen buss eller t-bane som bestemmer tida. Det var Fjordenes Tidende som først omtalte saka.

Fleire har fatta interesse.

– Vi har fått veldig god respons. Det har kome 20 tilbakemeldingar. Av desse er det tre familiar som har vore på besøk i sommar, seier Åse Leirgulen, som sit i styret for utviklingslaget.

Familiane fekk sjå seg om i heile kommunen, og blei til og med inviterte i barnebursdag.

To av familiane likte både det dei såg og fekk oppleve.

– Det er to familiar som skal prøvebu bygda vår. Den eine familien kjem 1. januar, medan halvparten av den andre barnefamilien allereie er på plass. Den andre halvparten kjem når jobb er spikra, seier Leirgulen.

Kolset i Bremanger kommune

TO FAMILIAR: Tre barnefamiliar besøkte bygdene i Kolset krins i sommar. To av familiane har bestemt seg for å flytte til Rugsund.

Foto: Espen Gulliksen

Elevtalet gjer eit hopp

Kolset krins består av fleire småbygder, og har omkring 250 innbyggjarar. To nye barnefamiliar betyr fem ekstra born.

– Vi har ein skule med ti elevar, så dette er stort for oss, seier Leirgulen.

Den eine familien kjem frå Trøndelag og den andre frå Kongsberg. Utviklingslaget tilbyr å sponse tre månadar husleige per barn i skulealder, noko som dei finansierer gjennom oppsparte midlar.

Åse Leirgulen

FLEIRE FOLK: Åse Leirgulen, i styret til Kolset Krins Utviklingslag, kan gle seg over fleire innbyggjarar.

Foto: Edvin-A Hugvik / Norsk Landbruksrådgivning

Det ser ikkje ut til å stoppe med to nye familiar, for Finn.no-annonsen ligg framleis ute.

– No skal vi halde fram med prosjektet, men utfordringa blir å skaffe nok bustadar. Vi oppfordrar folk i bygdene med tomme hus til å leige dei ut i ein lenger eller kortare periode, seier Leirgulen.

Ho legg ikkje skjul på at det ligg mykje arbeid bak.

– Vi har brukt mange dugnadstimar. Vi har ikkje rekna på talet, men det er nok snakk om fleire hundre timar, seier Leirgulen.

– Er det verdt det?

– Heilt klart. Vi er veldig glade i bygda vår, seier ho.