Hopp til innhold

Dette fjellet i verdsarvområdet kan bli fylt med gift

Dette fjellet i verdsarvområdet på grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane kan bli fylt opp med giftig avfall. Ordføraren i Aurland er positiv til at det kan skape arbeidsplassar, medan folk i Grenland jublar fordi dei slepp.

Jordalsnuten i Nærøydalen.

GRUVEFJELL: Lengst nord i Nærøydalen i Sogn har det lenge vore gruvedrift. No kan desse gruvegangane bli fylt opp med giftig avfall.

Foto: Arne Veum

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det 937 meter høge fjellet Jordalsnuten peikar seg no ut som eit av dei mest sannsynlege områda for eit stort anlegg for mottak av giftig avfall i Sør-Noreg. Fjellet ligg kloss i E16 som er stamvegen mellom aust og vest. Fjellet er også ein del av UNESCO sitt verdsarvområde kring Nærøyfjorden.

– Det er vanskeleg ikkje å vere positiv til eit tiltak som kan generere både inntekter og arbeidsplassar, seier ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal (Sp).

Han presiserer at «prosessen har gått rimeleg fort» og at han at han enn so lenge er avventande, men responsen står i skarp kontrast til jubelen i Brevik i Telemark fordi dei no slepp å få avfallet.

Viss det blir deponi i Gudvangen, så kjem avfallet til å ligge under bakken i dalen – ikkje oppe i sjølve fjelltoppen.

Jubel i Grenland

Måndag morgon la regjeringas ekspertutval fram sin rapport om farleg avfall. Utvalet konkluderer med at det bør finst andre stader å ha deponi enn i gruvene i Brevik.

– Dette betyr alt. Vi har kjempa mot deponiet i fem år. Det har vore helt forferdeleg for oss som er nære naboar, seier Berit Hansen, som bor i Brevik.

– Ein gledas dag for alle i Grenland, kvitterte ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss.

I rapporten peikar utvalet på to moglege alternativ: fjellmassivet Mulen i Odda i Hordaland og Jordalsnuten i Gudvangen i Aurland. Utvalet understrekar at dei ikkje har gjort grundige og heilskaplege vurderingar av dei to kandidatane.

– Det er heilt sikkert eit stort behov for informasjon i det vidare arbeidet, seier Skjerdal.

Også Raudsand i Nesset i Møre og Romsdal har vore ein kandidat til å få giftavfallet.

JC Dahl sitt måleri av Nærøydalen sett frå Stalheim.

KJEND MOTIV: Målaren J.C.Dahl sitt motiv frå Stalheim syner Jordalsnuten, der det no kan bli giftdeponi.

– Dårleg prosess

Nyvald medlem i kommunestyret Aurland, Gøran Johansen (MDG), er sjølv frå Brevik. Miljøpartisten er ikkje positiv til den prosessen som går føre seg no.

– Eg skulle ynskje dette vart gjort på ein annan måte, seier han, og legg til at han «vil følge denne saka nøye, og sørge for at nettopp de stemmeløyse verdiane får ei tydeleg røyst.»

– Det er påfallande kor ofte vi står i denne situasjonen, kor naturen og miljøet er den store taparen. Nå må vi skjerpe oss i korleis vi tar oss til rette i vårt forbruk og samtidig skummar fløyten av konsekvensane.

Har erfaring med deponi

I Odda er ikkje ordførar Roald Aga Haug (Ap) overraska over at industribygda er nemnd i rapporten. I djupe fjellhallar ved Sørfjorden har Boliden Odda i lang tid deponert avfall frå produksjonen ved sinkverket.

– Vi har den industrien i verda som er best på avfallshandtering og klima og miljø. Vi er vane med avfallshandtering inne i fjellet hjå oss, men vi må sjå at det er store fordelar om vi skal verta ein vertskommune, seier Haug.

– Vil Odda ha dette?

– Det kjem an på korleis dette blir presentert. Det må gi stor verdiskaping, tilføra kommunen kompetansearbeidsplassar og gi ei god handtering av steinmassar mellom anna. Men infrastrukturen ligg ikkje til rette for det i dag.

Ordføraren meiner at vegane rundt Odda er for dårlege til å kunna transportera den type massar, så han trur at det dermed blir uaktuelt.

Ikkje ei erstatting for Brevik

Randi Warland Kortegaard i Norsk Gjenvinning ønskjer førebels ikkje å kommentere rapporten som blei lagt fram i dag.

– Når det er sagt, registrerer vi at dei oppgir at målet er berekraftig ressurshandtering. Farlege stoff må ut av krinsløpet. Det er vi einige i.

Ho påpeikar at dette deponiet ikkje skal erstatte det tenkte deponiet i Brevik.

– Vi skal ikkje ta imot og væskehaldige kjemikaliar, og ei heller syrer. Dei avfallstypene vi ser på, er mineralske faste massar, slik som jord og betong, samt oske frå forbrenningsanlegg, som tar imot restavfall fra husholdninger, seier Kortegaard.

Ho forklarer også at mykje av oska er ordinært avfall, men at noko av det har høgare nivå av sink. Derfor blir det rekna som farleg avfall.

– Dette skal behandlast på ein trygg og forsvarleg måte, slik at det ikkje skal vere risiko for forureining.