– Som ein liten skattejakt

Går du på fjelltur i Florø kan det vere du får auge på ein skjult skatt.

Måling på stein

STEINDILLA: Terese Eikefjord har ein Instagramkonto der ho deler bilete av steinane ho måler.

Foto: Terese Eikefjord

Terese Eikefjord (44) frå Florø har ein hobby som er til stor glede for andre turgåarar. Dersom ein får auge på det.

Kvardagsglede

– Å spreie litt glede i kvardagen og på tur, var hensikta med dette, seier Eikefjord.

For rundt eitt år sidan byrja ho å måle på steinar. Ho vart inspirert då ho sjølv var på tur og fekk auge på nokre steinar med måling av marihøner på. Det fekk ballen til å byrje å rulle.

– Eg er veldig glad i å gå på tur, og eg tykte det var artig å kome over noko litt overraskande, seier ho og held fram:

– Då tenkte eg det kunne vere kjekt å glede andre på same måte.

Terese Eikefjord

TURGLAD: – På Brandsøya, min nærmaste fjelltopp, har eg lagt ut fleire steinar, seier Terese Eikefjord.

Foto: Privat

Den turglade kvinna frå Florø er kunst- og handverkslærar, og hentar inspirasjon til motiv frå ulike stader. Men forma på steinen avgjer ofte kva som vert motivet.

– Eg tykkjer det kjekkaste er å skrive dikt eller nokre motiverande ord på steinane. Då kan ikkje steinoverflata vere for ru, seier ho.

Ho finn ofte steinar ved hytta som ho og familien har i Grytadalen. Elva som renn like ved, polerer steinane og gir ei glatt overflate, seier ho. Det hender også at ho får steinar frå folk som har lagt merke til den vesle hobbyen.

– Eg har fått steinar frå folk som tykkjer det er artig det eg driv med. Det er veldig hyggeleg.

Steinmåling av Terese Eikefjord

KREATIV: Terese Eikefjord synest det kjekkaste er å skrive dikt eller motiverande ord på steinane.

Foto: Terese Eikefjord

Tidkrevjande

Å måle på steinar er ikkje gjort i ein fei. Ho fortel at det kan ta alt ifrå fire timar til fleire dagar å få ferdig ein stein.

– Steinane må først vaskast. Så skal ein gjerne lage ei skisse før ein byrjar å måle. Mykje kan skje undervegs, og det hender at eg må måle opp att delar og lage nytt design. Etter målinga lakkerer eg dei gjerne i to omgangar.

Ho brukar utemåling som skal tole ein del varierande vêrforhold. Tusjane ho brukar for å skrive på steinane toler ikkje vêret like bra, derfor lakkerer ho steinane med blank bengalakk.

– Men kor lenge det held, det veit eg ikkje, seier ho.

Steinmåling av Terese Eikefjord - Steindilla

ULIKE MOTIV: Denne fuglen er blant steinane som ein kan finne langs turstiar i Florø kommune.

Foto: Terese Eikefjord

Som ein liten skattejakt

Til no har ho lagt ut rundt 50 steinar. Gjennom sin Instagramkonto «Steindilla» oppmodar ho andre til å ta bilete av steinane dersom ein finn dei.

– Det er ikkje alle eg plasserer slik at dei er lett å få auge på med ein gong. For ungar som er med på tur kan det vere kjekt å leite etter desse. Som ein liten skattejakt, seier ho.

Eikefjord seier ho har som mål å leggje ut ein stein for kvar fjelltur ho tek. Då kan ein spotte dei langs vegen ho går.

Steinmåling av Terese Eikefjord - Steindilla

KVARDAGSGLEDE: – Kanskje kan det hjelpe folk å nå fjelltoppar, seier Terese Eikefjord. Ofte skriv og målar ho inspirerande ord på steinane som ho set ut.

Foto: Terese Eikefjord

– Om folk følgjer med på kvar eg går på tur, så kan ein fort finne steinar der, seier ho lattermildt.

Steinane kan ein finne på ulike turstiar i Flora kommune. Eikefjord, som har store planar om å fortsetje med prosjektet, utelukkar ikkje at det kan dukke opp steinar andre stader.

– Ein får sjå om det dukkar opp steinar andre plassar i landet, seier ho.