Ein halv kilometer av Nigardsbreen er borte vekk

Dei siste åra har alle dei norske breane vorte mindre. – Eit teikn på kva som skjer med verda, ikkje berre i Noreg, seier glasiolog.

Nigardsbreen

MINKAR: Det siste året har Nigardsbreen blitt 81 meter kortare.

Foto: Patrick da Silva Saether / Patrick da Silva Saether

– Tidlegare kunne ein sjå breen fylle dalen når ein sto på parkeringa ved vatnet, seier Hallgeir Elvehøy.

Han er glasiolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), og har sidan 1991 halde eit ekstra auge med norske brear gjennom årlege målingar av lengd og masse.

No er han uroa over det han ser.

No er det berre akkurat så vidt breen stikk fram rundt fjellneset. Det er litt vemodig eigentleg

Mange norske brear hadde ein vekstperiode på 90-talet, men etter år 2000 har alle breane minka.

Det er likevel først dei siste ti åra at ein har merka kor dramatiske endringane har vore, seier Elvehøy.

Laster innhold, vennligst vent..

Meir risikabelt

Det siste året har Nigardsbreen gått 81 meter attende. Trass smeltinga har breen blitt eit ynda turistmål, og Jostedal breførarlag har funne nye måtar å vidareføre familieturane på.

Men no blir det meir risikabelt å ferdast i områda rundt breen, seier Elvehøy.

– Der det er store forandringar blir det utrygt. Der det er trygt å gå tidleg på året, kan det mot slutten vere rasutsett.

Haugabreen i 2015 (til venstre) samanlikna med 2019.

SMELTING: Haugabreen har også blitt tynnare på sidene.

Foto: Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten

Dei einaste lyspunktet

Forutanom Nigardsbreen ser ein størst tilbakegang ved Gråfjellsbrea ved Folgefonna med 82 meter og Engabreen ved Svartisen med 61 meter.

Elvehøy ser ingen grunn til at denne trenden vil snu.

– Dei einaste lyspunktet me ser i år er Engabreen som har eit masseoverskot etter fjorårets snømengder. Elles har alle underskot, seier han.

– Er du bekymra?

– Ja, det er klart. Breane me undersøkjer viser ingen teikn til å byrje gå fram igjen. Det ser me både ved at frontane smeltar, og at stadig nye fjell kjem til syne i høgda. Dette er eit teikn på kva som skjer med verda, ikkje berre i Noreg.

Hallgeir Elvehøy

KONTROLL PÅ TALA: Hallgeir Elvehøy i NVE samanfattar kvar haust kor mykje 36 av landets brear har trekt seg attende.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Globalt perspektiv

Miriam Jackson er glasiolog og forskar ved NVE. Ho seier konsekvensane «i første omgang er meir fatale andre stader i verda», men at smeltinga og kan få alvorlege konsekvensar også her til lands.

– Kortsiktig kan det bli problematisk for turismen, ved at tilkomsten blir vanskelegare. På lang sikt vil auka smeltevatn og større vassføring føre til enda større problem. Det kan også komme jøkullaup, som er ein plutseleg flaum frå ein isbre.