Her blir historiske Elise hylla på veg til cupfinalefest

Elise Thorsnes blei den første nokonsinne til å ta cupgull med fire ulike klubbar, då Lillestrøm knuste Vålerenga 5-1 i cupfinalen på Telenor Arena. – Dette er ei stor bragd, slår Arne Scheie fast.

NM-finale fotball kvinner LSK kvinner - Vålerenga

GULLJUBEL: Elise Thorsnes og resten av LSK-laget kunne sleppe jubelen laus laurdag kveld. Her er Elise på veg inn til cupfinalefesten i Oslo.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Den sigersvante sogningen vart historisk på fleire måtar då ho i dag vann cupgull med Lillestrøm.

Det er nemleg ingen som har vunne cupgull med fire ulike klubbar før. Det er heller ikkje nokon andre som har klart «The Double» med tre ulike klubbar.

Thorsnes er også tidenes toppscorar i Toppserien.

– Dette er j.... spesielt. Det har vore eit mål for meg denne sesongen å bli historisk, seier Elise Thorsnes til NRK.

– Det blir ingen liten fest i dag, det blir ein j... stor fest! slo Thorsnes fast.

Laurdag kveld er ho og resten av LSK-jentene på stor cupfinalefest i Oslo.

Elise Thorsnes

HISTORISK: Elise Thorsnes blei laurdag kveld historisk med sitt fjerde cupgull for fire ulike klubbar.

Foto: NRK

– Ein av dei store

Fotballekspert Arne Scheie var i dag til stades under cupfinalen mellom Lillestrøm og Vålerenga på Telenor Arena.

Han hadde på førehand spådd ein jamn kamp mellom dei to laga. Slik gjekk ikkje, LSK dominerte heile kampen og gjekk vel fortent til leiing 4-0 til pause. Det første målet kom alt etter 11 minutt - signert Elise Thorsnes.

I 2. omgang heldt LSK fram dominansen.Dermed kunne Lillestrøm med Thorsnes i spissen løfte sitt andre trofé for sesongen.

– No er Elise Thorsnes ein av dei store i norsk fotball, meiner Arne Scheie.

NM-finale fotball kvinner LSK kvinner - Vålerenga. Elise Thorsnes i duell.

TØFFE DUELLAR: Maruschka Waldus og Elise Thorsnes i heftig duell tidleg i kampen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Fotballhistorie

– I dag var vi vitne til fotballhistorie på Fornebu. Eg trur ikkje folk flest forstår mykje ho har oppnådd. Eg finn ikkje noko anna ord enn imponerande her, seier ein begeistra Scheie.

Til neste sesong reiser Thorsnes vidare til Australia, på jakt etter nye triumfar. Trass i alderen har Scheie tru på at 31-åringen kan halde fram ein god stund til, om ho vil.

– Det er fascinerande at ho held fram og strekk seg etter nye merittar, når ho har vunne så mykje som ho har. Men dersom motivasjonen er på plass så har ho nok iallfall ein 5–6 gode år framfor seg, trur eg.