Hopp til innhold

Reduserer matsvinn ved hjelp av lapskaus

AURLAND (NRK): Gardsmatprodusenten i Aurland har starta kampen mot matsvinn. Det har ført til at mellom 10 til 15 tonn mat er redda berre på dei siste to månadane.

Dejan Hrastic (den yngste) og faren Mladen Hrastic er høvevis produksjonssjef og lapskaussjef. Dei to er frå Kroatia.

STOR PRODUKSJON: Dejan Hrastic og faren Mladen Hrastic er høvevis produksjonssjef og lapskaussjef ved Haugen Gardsmat. Her kokar dei kraft på bein av lam og svin.

Foto: Arne Veum

– Vi kan ikkje drive å kaste så store mengder med gode matgrønsaker, seier Odd Ohnstad.

Han er dagleg leiar i Haugen Gardsmat, som produserer lapskaus av råvarer som elles ikkje når mål.

NRK dokumenterte denne veka korleis enorme mengder med grønsaker og kjøt aldri når butikkhyllene, ofte berre fordi poteta eller gulrota har «feil» utsjånad, storleik eller fasong.

Ved å ta i bruk råvarer som elles ville blitt kasta eller gått til dyremat, har dei redusert matsvinnet med minst 10–15 tonn berre sidan august.

– Lapskaus i seg sjølv er eit berekraftig produkt, det har kome til som tradisjonsmat for at vi ikkje skal kaste ting. Vi har auka opp produksjonen for å kjempe mot matsvinn i ein heilt anna skala, seier Ohnestad.

Brukar sauane ingen vil ha

NRK-serien «Matsjokket» viste at det finst over 20.000 sauar rundt om på fryselager i landet som ingen vil ha, nok til millionar av middagar. Ohnestad fortel at dei derfor bevisst har valt sau og gris i lapskausen.

– Spesielt i småskalalandbruket slit vi med at vaksen sau ikkje blir brukt, men blir lagt på fryselager. Lapskaus var eit godt høve til å gjere noko med dette, seier gardsmatprodusenten.

Haugen Gardsmat

PRODUSERER MOT MATSVINN: Odd og Kristine Ohnstad produserer lapskaus for å redusere matsvinn i lokal matproduksjon.

Foto: Roy Sunde / Fylkesmagasinet

Sognelapskausen er eit samarbeid mellom Haugen Gardsmat og Lærdal Grønt, som hentar inn grønnsakene som ellers ville blitt kasta.

– Om dette produktet slår an, kan det ha mykje å seie for lønnsemda for småbrukarane i området. Dei bruker mykje krefter på å så, hauste og sortere desse grønsakene, seier Ohnestad.

Hyllar satsing på lokal kvardagsmat

– Sognelapskausen er eit fantastisk eksempel på korleis ein kan bruke grønsaker som elles ville blitt kasta eller brukt til dyremat, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Han ønsker å løfte alle initativ som gjer at kvardagsmaten i større grad blir produsert lokalt.

– Vi må gjere lokalmat om til kvardagsmat. Då utnyttar ein dei lokale råvarene til lokale forbrukarar, som igjen fører til at vi kan produsere meir grønsaker her på Vestlandet, seier Felde.