Hopp til innhold

Ny verdsrekord i Loen – Tom Erik (43) klarte 66 basehopp på eitt døgn

STRYN (NRK): Tom Erik Heimen (43) sette fredag ny verdsrekord i tal basehopp gjennomført på eitt døgn. – Det var ei berg- og dalbane av kjensler, seier den nybakte verdsmeisteren.

Tom Erik Heimen setter verdsrekord frå Hoven i Loen

I LUFTIG SVEV: Frå fjellet Hoven i Loen er det tusen meter ned. Basehopparen Tom Erik Heimen (43) hadde ein fart på omlag 250 km/t.

Foto: Sondre Olav Bø Nesje/Loen Skylift

– Eg har førebudd meg lenge for å klare dette prosjektet. Det er ei stor utfordring både fysisk og psykisk, seier moldensaren som sette ny basehopprekord i Loen i Nordfjord.

Med 66 basehopp frå fjellet Hoven slo han den gamle rekorden til amerikanaren Miles Daisher, som hoppa 63 gongar frå ei bru på eitt døgn. Målet var å klare 70 hopp, men Heimen er på ingen måte skuffa.

– Det var vanskeleg vêr å hoppe i. Det kom både regn, tåke og vind på ettermiddagen. Eg måtte sette meg ned å vente fleire gonger, fortel han.

Ved midnatt fekk han eit par timar søvn, før han starta på igjen klokka halv fire om natta. Då var det framleis tjukk tåke.

– Var du nær å gje opp?

– Ja, eg sat på toppen og venta på betre forhold. Då var eg ganske lei, men eg visste at det ville bli betre utover i morgontimane, seier 43-åringen.

Om morgonen bestemte han seg for å gje full gass for å berge rekorden. Etter kvart var han oppe i seks hopp i timen. Like før klokka 14 fredag føremiddag kunne moldensaren endeleg kalle seg verdsmeister.

Tom Erik Heimen

VERDSMEISTER: Etter eit tøft og luftig døgn kunne basehoppar Tom Erik Heimen (43) endeleg sleppe jubelen laus og feire med champagne.

Foto: Ann-Helen Blakset / Loen Skylift

Undervegs i det vellukka rekordforsøket nådde basehopparen hopp nummer 2000 gjennom heile si karriere og enda dessutan på talet 2019 då han var ferdig.

– Det var litt artig og faktisk heilt tilfeldig, fortel moldensaren lattermild.

Forstår at folk er skeptiske

Richard Grov er direktør ved Hotel Alexandra og dagleg leiar hos Loen Skylift. Etter fleire alvorlege luftsportsulukker ved Hoven i Loen dei siste månadane, forstår han at folk er skeptiske til eit slik rekordforsøk.

– Vi har naturlegvis forståing for at det blir sett spørsmålsteikn ved det, men det er lurt å minne alle om at det er veldig mange vellukka hopp som blir gjennomført her dagleg.

Moldensaren er einig med Grov.

– Frå Hoven har det vore utført mellom 7000 og 8000 flygingar totalt sidan opninga i 2017. Då vil det dessverre skje ei ulukke i ny og ne, seier Heimen.

Heimen har trent lenge og opparbeida seg erfaring. Han blei for alvor kjend for nordmenn då han deltok i NRK-programmet «Oppdrag Sognefjorden» i 2011.

– Sikkerheita er sjølvsagt det viktigaste når ein skal gjennomføre basehopp, seier han.

Grov rosar Heimen for å tenkje sikkerheit i alle ledd.

Richard Grov etter dødsulukka med speedglider frå Hoven i Loen

FOKUS PÅ SIKKERHEIT: Richard Grov rosar den nye verdsrekordhaldaren for å tenkje sikkerheit i alle ledd.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Han har vist at han tek dette på alvor og det står det stor respekt av. Verdsrekordforsøket har vore grundig planlagt lenge og alle ved Loen Skylift har verkeleg stått på for å få til dette.

– Vi må ta innover oss at det har blitt veldig stor aktivitet på fjella rundt oss og ikkje minst på Loen Skylift. Vi har bygd denne arenaen og opplevinga nettopp for å skape aktivitetar, seier Grov til NRK.

– Vi skal gjere vårt for å skape ein trygg arena for alle, avsluttar han.