Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 28. desember

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz

1) – Sommaren er høgsesong, sa Ove Myrmel i Gaular då NRK vitja han i sommar. Då hadde han 25 «gjester» ved verksemda han opna for 30 år sidan. Kva «overnattingsstad» driver Myrmel? Vi skal fram til niande bokstav.

2) Ulike skrivemåtar gjer at turgåarar i Indre Sogn kan undre seg over kva fjelltopp dei eigentleg har kome til. Mellom anna har Austabottind ikkje mindre enn ni ulike skrivemåtar. Kva heiter dette fjellet hos Kartverket? Vi skal fram til andre bokstav.

3) Mari Bremnes Ese er miljøaktivisten som gav opp. Ho trur ikkje lenger at det er råd å berge jordkloden, og førebur seg på å leve i eit kollapsa samfunn. Kva er tredje bokstav i heimkommunen til miljøaktivisten?

4) Medan klesbutikkar blir lagde ned, går Eva Sessford mot straumen og satsar på bruktklede på Sandane. Kva heiter butikken hennar? Vi skal fram til sjuande bokstav.

5) Sjølv om det er slutt for P3morgen, betyr ikkje det at Ronny Brede Aase har leia eit program for siste gang. For like over nyttår blir førdianaren å sjå i TV-ruta. Kva er andre bokstav i forkortinga for konkurransen han skal vere med å leie.

6) Solund skulemusikk vann, og Vassenden skulemusikk enda på 6.-plass. Vi snakkar om NM-brass som vart arrangert i sommar. Begge korpsa stilte i 3. divisjon. Kvar vart meisterskapen arrangert? Vi skal fram til niande bokstav.

7) 25-åringen frå Sogn er kanskje ein av dei mest ukjende fotballproffane frå fylket. Vedkomande lever ut proffdraumen i italienske Empoli. Kven? Vi skal fram til fjerde bokstav i fornamnet.

8) Ein tidlegare ordførar i Nordfjord går frå ordførarstolen til stillinga som dagleg leiar i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane. Kven? Vi skal ha andre bokstav i etternamnet hans.