Hopp til innhold

Dette fjellområdet skapar full namneforvirring

Ulike namn på same fjell i Jotunheimen gjer at turgåarar undrar seg over kva fjelltopp dei eigentleg har komme til.

Austabotttind

NAMNEFORVIRRING: Austabottind blir skrive på ni ulike måtar, og slik er det for mange av fjelltoppane i Jotunheimen.

Foto: NRK

Kjært barn har mange namn heiter det. Eit av dei kjæraste fjella i Jotunheimen må då vere Austabottind der ein kan finne heile ni ulike skrivemåtar av namnet.

– Eg har kart frå alle tider og litteratur om fjellet langt tilbake i tid og finn mykje rare skrivemåtar på toppar i Vest-Jotunheimen, Hurrungtinden og området der. Eg tykkjer ein burde verte samde om å skrive namna likt, seier Stein Bugge Næss.

Han driv med hytteutleige til turistar gjennom Luster Fjordhytter og har vore med i Luster turlag i over 50 år.

– Eg har samla på namn fordi eg er ein av dei som har gått mykje i fjellet og finn det heilt unaturleg at det skal vere så mykje ulike namn, seier Næss.

– Mykje slurv

Sjølv på dei nyaste karta er det skrivemåtar Næss ikkje er samd i.

Stein Bugge Næss, Luster turlag

ULIKE NAMN: Stein Bugge Næss ynskjer ein overordna namnemal.

Foto: Privat

– Det eg meiner er korrekt er Austabottind, men på noregskartet står det skrive Austanbottstindane.

Han etterlyser no at ein overordna instans grip inn og avgjer kva som er rett. Han syner til at det i Luster er ein måte å uttale namna på, og så kjem det ulike måtar å skrive namna på i bøker og artiklar. Også frå Statens kartverk.

– Det er mykje slurv, trur eg. Folk har sikkert berre høyrt namnet og tippar at dei skriv det rett, seier Næss.

Kart frå 1939 som viser ein eldre skrivemåte av Austanbotstind

AUSTABOTTINDEDN: Dette kartet frå 1939 syner ei anna skrivemåte på den populære fjelltoppen.

Foto: Torje Bjellaas

Han har fleire døme. Fanaråken som til dømes vert skrive både Fannaråken, Fanaråkken og Fanaråki. Både i Luster og i Lom, på begge sider av Jotunheimen seier ein Fanaråken og då bør det vere namnet, meiner Næss. Men på noregskartet heiter det no Fannaråki.

– Desse namna er vel ikkje så ulike at det kan skape forvirring ved berging i fjellet, men eg meiner framleis at det bør vere eitt korrekt namn som ligg nærast dialekten.

– Tar ansvar

I Statens kartverk meiner namneansvarleg i Region Vest, Erlend Trones at dei tar omsyn til det lokale talemålet.

– Hovudregelen er at ein skal ta utgangspunkt i den nedarva lokale uttalen, og normere etter gjeldande rettskriving i norsk, seier Trones.

Når det gjeld Fanaråken så fortel Trones at Fannaråki var den gamle uttalen dei brukte i Luster, men at namnet har vorte påverka av dansk skriftspråk og uttalen vart etter kvart Fanaråken.

– Så lenge den eldste tradisjonelle uttalen er i levande bruk så er det hovudregelen at det er den ein tar utgangspunkt i, seier Trones.

Erlend Trones

TAR OMSYN TIL LOKAL UTTALE: Erlend Trones er namneansvarleg i Region Vest i Statens Kartverk.

Foto: TALE HAUSO / NRK

Han er heller ikkje samd i at dei ikkje tar ansvar. For på eige initiativ har Statens kartverk sett på den inkonsekvente namnebruken på fjelltoppane i Jotunheimen, og har sendt høyringsbrev til Årdal og Luster kommune om endring av mellom anna Næss sin kjepphest, nemleg Store Austanbottstind.