Hopp til innhold

Statsminister fekk opne turområde

SANDANE (NRK): – Dette er Noreg på sitt aller finaste, sjølv om det manglar Bryggen i Bergen, sa statsminister Erna Solberg (H).

Erna Solberg

FOLKEFEST: Mange fekk med seg opninga av Trivselsskogen på Sandane.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Det var trongt om plassen for dei mange som ville få med seg opninga av Trivelsskogen på Sandane i Gloppen onsdag. På benkane sat alt frå turgåarar, eldsjeler og ordførar.

Den som fekk æra av å opne det heile var statsminister Erna Solberg. Det var tidlegare skiløpar og gloppar Odd-Bjørn Hjelmeset som introduserte Solberg før ho talte til dei frammøtte.

– Statsministeren sa ho skulle jogge ein runde her oppe etter talen, så då får eg vere med som guide, sa han.

– Meiner du at eg skal jogge så langt opp?, svarte ein lattermild Solberg.

Ho hylla arbeidet som er lagt ned i skogområdet over Sandane sentrum. Her har mellom anna dagsturhytta i Gloppen fått plass, skogen har eigen kjærleikssti og eit utkikkspunkt.

– Trivselsskogen er ein suksess før den offisielt er opna. Det hadde ikkje blitt til utan dugnad. 7000 timar med arbeid er lagt ned dei siste åra, sa Solberg frå talarstolen.

I turområdet kan store og små velje turar som passar for dei, uansett form.

– Tur har blitt til ein del av vår nasjonalidentitet. Det gir oss mykje glede og er bra for helsa vår, sa Solberg.

For Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) var det ein skikkeleg festdag. Toppen av kransekaka var folkehelseprisen til heile dugnadsgjengen som står bak Trivselsskogen.

– Det går kring 30.000 personar på ein stad der ingen gjekk før, noko som viser at det er mogeleg å få til. Det er kjekt med arbeid som blir verdsett, seier Gloppestad.