Her svevar 14-åringen 106,5 meter i Midtstubakken

– Det var eit ganske bra hopp, ja. Det stemte på kanten og svarte godt i lufta, så noko må ha vore bra, smiler Johannes Årdal frå Jølster.

Johannes Årdal frå Jølster hoppa 106,5 meter under Noregscuprenna i Midtstubakken.

IMPONERTE: Johannes Årdal frå Jølster har i mange år hatt mål om å bli landslagshoppar. I helga strekte han seg til imponerande 106,5 meter under Noregscuprenna i Midtstubakken. (FOTO: KARI GJELSVIK)

I helga vart 14-åringen nummer to begge noregscuprenna i Midtstubakken. Med noko høgare fart enn dei beste, leverte Johannes Årdal det lengste hoppet med 103,5 meter på laurdagen.

Søndag var han tredje lengst, med eit hopp på 106,5 meter. Det er 11,5 meter over K-punkt, og fem meter bak Jarl Magnus Riiber sin fire år gamle bakkerekord på plast.

– Det er det beste eg har gjort i eit renn, men fullfører du arbeidsoppgåvene frå trenaren, så blir det ofte bra, seier 10.-klassingen som i trening har landa på 110 meter.

35.000 kilometer i bil

Johannes Årdal

SATSAR: Hadde det ikkje vore for nyttårsorkanen i 1992, hadde Johannes Årdal (14) hatt ein hoppbakke berre ein kilometer unna heimgarden i Jølster. I helga vart han nummer to i C-pulja under Noregscuprenna i Oslo.

Foto: Kari Gjelsvik

Prestasjonen er imponerande, med tanke på at næraste hoppbakke er 87 kilometer unna. Men Bjørkelibakken i Stryn er byrja å bli i minste laget. I fjor var berre 40-metersbakken i drift. Ikkje alle bakkar har tilbod sommarstid heller.

Sidan mai i fjor har det blitt 35.000 kilometer i bil frå Årdal i Jølster, til Trondheim, Lillehammer, Oslo og Vikersund. Både dags- og helgeturar.

Likevel hoppar han opp til 20 meter lengre enn hopparar med langt fleire hopp.

– Eg trur det er ein kombinasjon av mykje trening på barmark, teknikk, spenst og rørsle. Det er ein del trening utanom bakken, seier Årdal.

Kan vere ein fordel

– Johannes har tydeleg ein sterk indre motivasjon, og då kan ein nå langt. Vi gler oss til å følgje han vidare, seier utviklingssjef Tore Øvregård i Noregs skiforbund hopp.

Han rosar familien for å følgje 14-åringen til treningssamlingar andre stadar i landet. Øvregård trur det har vore avgjerande for utviklinga til Årdal.

I motsetnad til fleire av konkurrentane, kan ikkje jølstringen som fyller 15 år i november hoppe på trikken til Midtstubakken kva tid som helst.

– Det kan også vere ein fordel med mykje reising. Han veit at det er lenge til neste gang han er i bakken, så han er truleg meir fokusert i kvart hopp, seier Øvregård.

– Prestasjon

Utviklingssjefen har sett hopptalent bli hausa opp, for så å forsvinne. Difor vil han ikkje samanlikne nivået til Årdal med andre.

– Han har gjort veldig mykje bra, og 106,5 meter i Midtstubakken er ein prestasjon. Samstundes er det mykje att for å nå målet, og det er viktig å halde fokus, seier han.

Heller ikkje Anders Fannemel er overraska over at 14-åringen lukkast i skibakken. 28-åringen frå Hornindal konstaterer at Årdal er komen lengre enn han var i same alder.

– Han har gjort ein ekstremt bra jobb på eiga hand, og det får han stort utbyte av i bakken, seier han.

Viste tidleg potensial

Anders Fannemel, hoppuka 2018/2019

AVGJERANDE: – Johannes er ekstremt dedikert og motivert som reiser så mykje for å hoppe heile året. Det er kanskje det som må til for å bli tidleg god, seier Anders Fannemel.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

– Johannes hoppar allereie langt og flyr veldig godt i bakken. Han har tidlegare vist at han er ein av Noregs beste i sin alder, og no også i eit noregscuprenn, held Fannemel fram.

Sjølv debuterte han i verdscupen med 10.-plass som 18-åring. Fire år seinare vart han noregsmeister og tok sin første verdscupsiger i 2014.

Honndølen var elev ved NTG Lillehammer. Ein skule også Årdal siktar seg inn mot.

– Det kan bli godt for han å komme inn i eit miljø type NTG, med dagleg oppfølging og meir trening. For meg var det veldig bra å komme inn i ei gruppe, der mange skihopparar ynskte å bli verdas beste, seier han.

– Det er mogleg

Ingrid Narum

IMPONERT: Ingrid Narum i skikrinsen er imponert over innsatsen til Johannes Årdal i helga. – Ifølgje meldingane frå hoppmiljøet lever han stabilt på veldig høgt nivå. Det viste han i helga med to flotte andreplassar og eit veldig langt hopp, seier ho.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ingrid Narum, administrasjonssjef i Sogn og Fjordane Skikrins, er begeistra over å sjå eit nytt hopptalent vise seg fram på nasjonalt nivå.

– Eg trur det inspirerer fleire til å begynne med, og å halde fram med hopp. Det er mogleg å bli god, sjølv om her er utfordringar med bakkar. No er det opp til Johannes å setje seg mål og å gjere jobben vidare, seier ho.

Opp mot verdas beste

Mål har 14-åringen frå Jølster. Han vil på landslaget. Og han vil bli verdas beste . På sikt.

– I år håpar eg å ta medalje i Hovudlandsrennet, slik som i fjor. Då vart det sølv. Elles vil eg berre hoppe langt på ski, seier Årdal.

I haust reiser han ei veke med NTG Lillehammer til Polen, som var beste nasjon i verdscupen i fjor. Der skal dei mellom anna opp mot Kamil Stoch, Piotr Zyla, Dawid Kubacki i den polske meisterskapen.

– Det blir kjekt. Vi skal hoppe i K70 og K95, seier han.