Hopp til innhold

Historisk første musefangst på Bulandet

BULANDET (NRK): I sommar starta rykta å svirre om at det – for første gong – var sett mus på øygruppa på vestlandet. No er det absolutt ingen tvil, og på eitt år kan det ha blitt så mange som 1,5 millionar gnagarar.

Mus på Bulandet

BLANT DEI FØRSTE: Denne musa gjekk rett i fella på Bulandet.

Foto: ARTUR DO CARMO / NRK

Bulandet er ei øygruppe i Sogn og Fjordane som – inntil no – har vore musefri. Men i sommar byrja rykta å gå om at nokon hadde sett ein liten, ukjend skapning springa over vegen.

– Vi tok inn nokre musefeller då eg fyrst høyrde rykta, seier Ruben Fedøy.

Han er butikksjef for Joker på Bulandet, nærbutikken for dei om lag 240 innbyggjarane på dei 365 små øyene. Og rykta om at gnagaren hadde innteke øysamfunnet skulle visa seg å stemma. No tek butikken inn rikeleg med feller kvar veke.

– Vi fekk ei stor leveranse på fredag, men vi er tomme i dag.

Han seier folk tyr til ost og peanøttsmør for å lokke musene i fella.

– Så høyrer eg og at folk snakkar om å fôre kattane litt mindre så dei får lyst til å gå på jakt.

Ruben Fedøy

IKKJE KRESEN: – Ho får peanøttsmør og salamipølse, så ho er ikkje så kresen på det, seier Fedøy.

Foto: Ruben Fedøy

Hiv dei på bakken

Trygve Hågøy

FØRSTE: Trygve Hågøy var ein av dei første som fanga den vesle gnagaren på Bulandet.

Foto: ARTUR DO CARMO / NRK

– Eg får no ei eller to for dagen.

75 år gamle Trygve Hågøy var ein av dei fyrste som fanga mus.

Kva gjer du med dei etterpå?

– Nei, då er dei jo daude, så då hiv eg dei ut på bakken. Så kjem det vel ei måse eller kråke og reiser med dei. Det er jo ikkje så store dyr, seier han.

Fanga mus på Bulandet

RADIG FANGST: – Eg lokkar dei med kvitost, seier Trygve Hågøy.

Foto: Trygve Hågøy / Privat

Fleire teoriar har svirra om korleis musa tok seg til Bulandet.

– Ho kan ha kome med ei pappeske frå Ikea, og så vi får jo både ved og sand frå fastlandet, seier butikksjef Fedøy.

Øyferda

Stort sett når mus dukkar opp på stader dei ikkje har vore før, er det menneske sin feil, seier zoolog ved Naturhistorisk Museum, Petter Bøckman.

Petter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum

OM MUS OG MENN: – Det er berre med knallharde tiltak og nok rottegift dei får bukt med problemet. Spørsmålet er om det eigentleg er verdt det, seier zoolog Bøckman.

Foto: Karsten Sund

– Dei kan ha følgt med ein båt eller bagasjen til ein eller annan.

Han fortel at musa kan ha kome i land for kortare enn eit år sidan.

– Dei er ikkje så skrekkeleg nøye på om det ein bror eller syster dei parar seg med. Så viss ein ventar eit års tid, skal det vere noko slikt som 1,5 millionar mus.

Viss det var ei gravid ho-mus som kom, kan ho ha født 12 ungar. Og så føder dei stort sett like mange kvar månad.

Det går ganske fort når ballen fyrst startar å rulle, seier han.

Musefelle som einaste våpen

Det er ingen som brukar musegift.

– Folk vil ikkje at musa skal leggje seg til i veggane og døy, fortel butikksjef Fedøy på Joker.

Husa på Bulandet har nemleg aldri vore bygd slik som på fastlandet – med tettelist som held gnagarane ute.

– Alt som har vore mindre enn mink har vi ikkje brydd oss med. No er det nær sagt fritt leide inn i husa, seier Fedøy.

Ruben Fedøy

BRA SAL: – Det er ei god greie for oss her på butikken, seier Fedøy.

Foto: Kurt Rutledal / Privat