Hopp til innhold

Denne vesle krabaten er berre sett ein gang før i Noreg

– Du får adrenalinkick. Den er eit veldig uvanleg syn og er berre sett ein handfull gonger i Europa.

Hvitkronespurv sett på Sandøya i Askvoll

SJELDAN: Hvitkronespurven er ein bakkefugl som held til i nordlege Canada og vestlege delar av USA. Den overvintrar i det sørlege USA, og blir kring 18 centimeter lang.

Foto: Kurt Rutledal

Det seier fugleentusiast Anders Braanaas på Værlandet om den tredje sjeldne fuglearten som siste ti månadane er observert på Værlandet i Askvoll.

Før helga dukka ein hvitkronespurv opp på Sandøya. Truleg har den kome med luftstraumen frå Nord-Amerika.

– Det er berre andre gang den er observert i Noreg, så denne er på heilt ville, ville vegar, seier Braanaas.

– Såg rar ut

Kurt Rutledal (til venstre) og Anders Braanaas i fuglekikarmodus

GLADE KARAR: Kurt Rutledal (til venstre) og Anders Braanaas i typisk fuglekikarmodus.

Foto: Privat

Det var Kurt Rutledal som la merke den middels store sporven med svarte og kvite striper på hovudet.

– Den sat saman med fleire andre fuglar, men stakk seg ut frå mengda. Den såg litt rar ut, så eg tok nokre bilete som eg kika nærare på heime, fortel Rutledal.

Hobbyfotografen kontakta Braanaas som søkte seg fram til arten.

– Hadde det vore ein ungfugl, så hadde eg nok slite med å finne ut av det, seier han.

30 timar i bil

Observasjonen spreidde seg raskt i fuglekikarmiljøet og det vart to travle døgn for Kjell Morten Jekteberg, John Alsvik og Geir Kristensen frå Stavanger.

Natt til fredag sat dei nemleg i bilen på veg til Arendal. Der skulle dei observere den første Gråhodevipa som er observert i Noreg. Natta etter gjekk turen, for tredje gang på ti månader, til Værlandet og den første hvitkronespurven på norsk jord sidan 2009.

Røft rekna ein tur på kring 30 timar og 140 mil. Vel verdt det, meiner Jekteberg.

Området på Sandøya der Hvitkronespurven vart sett

SANDØYA: Øyane som utgjer Bulandet og Værlandet ser truleg forlokkande ut for ein sliten fugl etter mange døgn på vingane. I dette området er hvitkronrespurven sett.

Foto: Privat

– Det var ein veldig flott versjon av fuglen. Sist den vart observert i Noreg, så var det ein ungfugl. Den er ikkje like fin i fargane, seier han sin 408. observasjon av ein fugleart.

Tre sjeldne artar på ti månader

John Alsvik og oppdagar Kurt Rutledal på veg tilbake frå Sandøya til Bulandet

POPULÆRT: Kurt Rutledal og John Alsvik på veg tilbake frå Sandøya. – Førebels har eg hatt tre fuglekikarar på besøk, men måndag kjem ein ny gjeng, seier Rutledal.

Foto: Privat

– Det er sosialt å reise så langt for tre menn i 50-åra med felles interesse for fuglar. Men det er også ein sjanse for at fuglen er reist når vi kjem fram. Slik som blåkinnebieteren i fjor. Den reiste dagen før eg kom til Værlandet, seier Jekteberg.

Derimot kom han tidsnok til å sjå eremittsnipe – også den på Værlandet.

– Det er nesten utruleg med så mange megasjeldne artar på ti månader på Værlandet. Det kan vere at mange fuglar har trekkruter forbi, medan kjem med luftstraumen, seier han.

Kom med storm?

Hvitkronespurv sett på Sandøya i Askvoll

HVITKRONESPURV: Anders Braanaas trur ikkje at hvitkronespurven blir verande på Værlandet. – Den et ein del insekt og frø, så han vil nok klare seg gjennom sommarhalvåret, men det er ikkje sjanse for at arten vil slå seg til her, trur han.

Foto: Kurt Rutledal

Braanaas trur hvitkronespurven kan ha vore på Sandøya ei tid. Den kan ha kome med båtar, eller stormen som herja då cruiseskipet Viking Sky fekk problem ved Hustadvika i mars.

– Då blåste det kraftig i nokre dagar. Sidan har det ikkje vore kraftige vindar frå vest, seier han og legg til at arten kan halde seg vaken to veker i strekk når den trekkjer.

Braanaas trur ikkje arten blir verande lenge i Noreg.

– Den var i fin form og mat vil ha gjennom sommarhalvåret, men det er sjeldan at fuglar etablerer seg naturleg på nye kontinent, seier han.

VEST: Luftstraumar og trekkruter til fuglane er truleg årsaka til at det stadig vekk blir oppdaga nye fugleartar Sandøya i Askvoll.