Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 25. desember

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz

1) Meldinga om ein hund som var dumpa i ein søppelkonteinar i Aurland vakte sterke reaksjonar. Heldigvis skulle det vise seg ikkje vere noko hund, men derimot eit utstoppa dyr som var kasta. Kva dyr? Vi skal ha andre bokstav.

2) Tom Erik Heimen brukte sommaren til å mellom anna setje ny verdsrekord i tal basehopp på eitt døgn. I løpet av 24 timar klarte 43-åringen frå Molde ikkje mindre enn 66 hopp frå eit fjell i Nordfjord. Kva fjell? Vi skal ha femte bokstav.

3) Tilsette ved kommunehuset på Sandane gav næringssjef Knut Roger Nesdal ei 50-årsgåve utanom det vanlege. Kva? Her må du notere deg tredje bokstav.

4) Småbygda i Bremanger fekk napp frå to familiar då dei lokka med eitt års prøvebu. Kva bygd snakkar vi om? Her treng du femte bokstav.

5) Undervassfotograf Erling Svensen kom over unike korallar då han dykka ved Husevågøy ytst i Nordfjord for nokre år sidan. Korallane viste seg å bli problematiske for eit oppdrettsanlegg i området. Kva korall snakkar vi om? Vi skal ha andre bokstav.