Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 27. desember

Finn fram penn og papir. No er det tid for den aller siste julequizen frå NRK Sogn og Fjordane.

Foto for julequiz
Foto: Erling Svensen/TV2/NRK/Kari Gjelsvik/Erlend Laanke Solbu/Kurt Rutledal

Tradisjonen tru inviterer vi deg med på ein aldri så liten julequiz, ei lett blanding med spørsmål om smått og stort som har skjedd i Sogn og Fjordane sitt siste leveår som eige fylke.

Og frå nyttår blir som kjent NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland slått saman til NRK Vestland.

Nok om det. Skal du vere med på quizen, vil penn og papir vere ditt viktigaste hjelpemiddel. Enkelte spørsmål kan også krevje litt ekstra av dei små grå, men det kan kanskje vere greitt mellom julefilmar, familieselskap, leik og moro eller kva romjula har å by på.

Som tidlegare skal du sitje att med ein bokstav for kvart spørsmål. Og det er ikkje nødvendigvis første bokstav i svara vi er på jakt etter. Det kan vere fjerde, sjuande eller endå til 16. bokstav. Bokstavane skal gi eit løysingsord.

Når du meiner å vite løysingsordet, fyller du ut skjemaet nedst i saka. Og vipps er du med i daglege trekningar av eit NRK Sogn og Fjordane-krus med noko godt oppi. Svarfristen er klokka 23:59 kvar dag.

Alle må fylle ut boksane «løysingsord», «namn» og «adresse».

Av alle som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga, plukkar vi ut ein vinnar som får NRK-sekk, NRK Sogn og Fjordane sitt populære krus og ein DAB-radio.

Lykke til.

Her er dagens quiz

1) Tone Ekerhovd har bakgrunn som dramapedagog, er frå Sotra og bur i Bergen. Frå i år av skal ho jobbe med Tingstadhistorie i Gulen. Kva stilling fekk Ekerhovd hos Tusenårsstaden Gulatinget? Vi skal fram til sjuande bokstav.

2) Eit fjell i Aurland kan bli lagringsstad for farleg avfall. – Det er vanskeleg å ikkje vere positiv til eit tiltak som kan generere både inntekter og arbeidsplassar, sa ordførar Trygve Skjerdal (Sp) då saka vart kjend i haust. Kva heiter det 937 meter høge fjellet? Og kva er den niande bokstaven?

3) Ein kommune i fylket gir 50.000 kroner til dei som får barn på «rett» adresse. Kva kommune? Vi skal fram til andre bokstav.

4) Kva parti er det største i fylkestinget til nye Vestland? Vi skal ha fjerde bokstav.

5) Tenåringane i Reodorklubben i Førde har bygt noko heilt unikt, som i november vart opna av sjølvaste kronprinsen. Kva er det, som har vekt oppsikt langt utover kommunegrensene tenåringane har bygt? Her skal vi ha første bokstav.

6) Fylket kan ikkje skryte på seg så alt for mange iskremfabrikkar. Men på Feios i Vik har eit internasjonalt arbeidsmiljø på Alm gard produsert iskrem i fleire år. Kva iskrem lagar dei? Og kva er sjuande bokstav?

7) Som nokre av dei første i landet får innbyggjarane i ei Askvoll-bygd teste ut 5G-nettet. Kva er åttande bokstav i denne bygda?

8) Han gjekk frå nedrykk med Florø Fotball til ein klubb som i år var berre fem poeng frå medalje i eliteserien. I cupen gjekk Runar Hove & co. derimot heile vegen og kunne sleppe jubelen laus på Ullevaal. Kva klubb spelar han på? Vi skal ha tredje bokstav.