Fretex slit i byane – men Eva torer å satse på bruktklede på bygda

SANDANE (NRK): Medan mange klesbutikkar blir lagde ned, går Eva Sessford mot straumen. Ho håpar folk vil abonnere på brukte klede.

Opnar bruktklesbutikk: Eva Sessford

LAGER: Eva Sessford har kjellaren full av brukte klede, ho skal sy om og selje i sin nye butikk.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

I sommar la Fretex ned åtte klesbutikkar som hadde gått med underskot i fleire år, mellom anna i Bergen, Ålesund, Tromsø og Kristiansand.

Eva Sessford trur det er betre livsgrunnlag for slike butikkar på bygda. I oktober opnar ho bruktklesbutikken «Upscale» på Sandane i Sogn og Fjordane.

– Vi har berre eit fåtal klesbutikkar her. Dette er noko vi treng, seier Sessford.

Gründeren meiner den fysiske butikken hennar har fleire fordelar i konkurransen med netthandelen.

Målet hennar er å byggje ein møtestad for miljø- og motemedvitne folk i bygda.

Eva Sessford viser fram ei jakke ho skal sy om.

GJENBRUK: Kleda Sessford får inn, blir enten seld som dei er, eller sydd om til nye klesplagg.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Stort overskot av klede i Noreg

Noreg flaumar over av ubrukte og lett brukte klede, fortel Ingun Grimstad Klepp. Ho forskar på klesvanar og miljø ved SIFO.

Ifølgje FN-organet UNCTAD står klesindustrien for heile åtte prosent av verdas klimagassutslepp.

– Denne situasjonen kan ikkje vare. Vi må dempe produksjonen av nye klede og bruke kvart plagg minst 500 gongar om det skal vere berekraftig, seier Klepp.

Stadig meir konkurranse på bruktmarknaden

Marknaden for brukte klede er i sterk vekst, som følgje av auka miljømedvit hos forbrukarane. Det kjem og stadig fleire utfordrarar i marknaden.

– Dei gamle bruktbutikkane opplever stadig meir konkurranse, spesielt frå nettbaserte løysningar, seier forskaren.

Ingun Grimstad Klepp meiner vi må kjøpe mindre klede for å dempe overproduksjonen.

UHALDBAR: Ingun Grimstad Klepp meiner vi må kjøpe mindre klede for dempe klimagassutsleppa frå klesindustrien.

Foto: SIFO

Ein møteplass for innvandrar på bygda

Upscale på Sandane skal ikkje berre vere ein klesbutikk. Eva Sessford ønskjer mellom anna å tilby arbeidstrening til framandspråklege kvinner. Ho ønskjer og å arrangere sykurs for dei som ønskjer å lære meir om reparering av klede.

– Vi skal ikkje berre selje klede, men skape ein møteplass for oss innvandrarane i bygda.

Eit ess i ermet

Heime i huset mellom frukttrea i Gloppen står det to utstillingsdokker og ei symaskin. Eva Sessford vassar i posar med klede opp til knea i det førebelse lageret i kjellaren.

I staden for å jobbe vidare med forsking, vel kanadiaren, som har skrive doktorgrad om klimaendringar, ei meir jordnær tilnærming til klimakampen.

Ho har eit ess i ermet. For ein fast månadspris får kundane byte inn slitne plagg i «nye» klede.

Eva Sessford syr om ein svart kjole.

SYR OM: Sessford jobbar førebels frå stova heime på Sandane. Om ein månad opnar ho bruktbutikken, «Upscale».

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Målet med abonnementet er å gjere det enklare for barnefamiliar og dei med dårleg råd å handle brukt.

– I staden for å kjøpe ny barnehagedress kvart år, kan ein bytte inn den gamle og få ein ny.

Sjølv om fleire klesbutikkar vert lagde ned og det er færre potensielle kundar på bygda, trur Sessford ho vil lykkast.

– Her kan folk handle miljøvenleg, sjølv om dei byter garderobe heile tida, seier ho.