– Ein magisk dag. Eg har nesten ikkje ord

– Det er ein magisk dag. Dette er heilt rått. Eg er så stolt over denne gjengen at eg har ikkje ord, seier Runar Hove når NRK snakkar med han rett etter at cupsigeren er eit faktum.

Runar Hove og Viking er cupmeistrar 2019

CUPFINALE: Runar Hove og Viking kan feire cupsigeren.

Foto: Fredrik Hagen

Det siste året har vore ei fantastisk reise for florøværingen. For eitt år sidan rykte han ned i 2. divisjon med Florø. I dag kunne han løfte Kongepokalen over hovudet etter å ha vunne cupfinalen på Ullevaal stadion med Viking.

–Det er ei fantastisk ramme rundt kampen og vi har 15 000 supporterar i ryggen. Heile Stavanger fortener dette, seier Hove.

Ein draum i oppfylling

Utanom ein liten periode med skade, har Hove hatt fast plass på laget heile sesongen. Ein sesong der Viking har gjort det godt. Florøværingen har dermed gitt sitt bidrag slik at Viking sundag kunne møte erkerivalen Haugesund til cupfinale på Ullevaal.

– Då eg gjekk ut på bana i dag så kjende eg at eg var litt nervøs, men tenkte samstundes at dette er noko eg må nyte, seier Hove.

Jamn kamp

Kampen var svært jamn, men Viking var hakket betre og tok ein fortent siger sjølv om Haugesund heva seg etter pausen og hadde fleire sjansar til å kome tilbake.

–Det var krig heilt til slutt. Det enda 1–0 i jamn kamp, men det var ein fortent siger, seier Hove.

For seks minutt på overtid bles dommaren av kampen og Viking var cupmeistrar for 2019.

– No blir det først bankett med god mat og drikke og så reknar eg med det blir full fest når vi kjem til Stavanger seinare i kveld, seier Hove.