Prøver å sjekke bonde via rundballe

Langs E16 i Lærdal dukka det plutseleg opp ein litt spesiell kontaktannonse.

 På denne rundballen står det at ei singel dame frå Valdres treng bonde frå Sogn

RUNDBALLE LANGS E16: På denne rundballen står det at ei singel dame frå Valdres treng bonde frå Sogn.

Foto: Jens Reider Ljøsne

– Eg såg han tilfeldigvis då eg gjekk forbi. Eg tok eit bilete og tenkte eg ville lage litt moro ut av det, fortel Jens Reidar Ljøsne som er bonde på Ljøsne i Lærdal.

Det er han som eig rundballen som ligg lagra etter slåtten. Garden hans ligg like ved den trafikkerte E16, om lag 13 kilometer frå Lærdalsøyri.

– Eg tenkjer det er nokon som har hatt det moro då det blei skrive, så då kan vi vel ha det litt moro, vi også. Det er jo artig.

Singel dame søkjer bonde

For dei som ikkje veit det; ein rundballe er komprimert gras eller halm innpakka i plast. Dette skal bli mat til dyra. På denne i Lærdal er det no teikna auge, nase, munn og hår. Og det står at ei singel dame frå Valdres treng bonde frå Sogn.

– Det står at ho er både omgjengeleg og lett å halde rein. Dessverre for ho er eg oppteken, så difor sender eg tilbodet vidare til andre bønder, ler han.

I løpet av dei 15 åra han har vore bonde, har han aldri opplevd noko slikt tidlegare. Han har heller ikkje høyrt om andre rundballar langs E16 som inneheld same bodskapen.

Og sidan han sjølv har sambuar, så la han biletet ut på Facebook der han lurer på om andre bønder i Sogn kan vere interesserte.

– Det står verken etternamn eller telefonnummer, så han som vil leite etter dama frå Valdres får heller få med seg rundballen slik at han har ein referanse, humrar han.

– Må vere historisk

Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag

LIKAR PÅFUNNET: Fylkesleiar Anders Felde tykkjer dette er ei gladnyheit i landbruket.

Foto: PRIVAT

Også leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag tykkjer påfunnet er artig.

– Vi har alltid bruk for fleire jenter også fylket vårt. No er akkurat denne bonden oppteken, så det er bra at Jens Reidar sender vekslepinnen vidare til ein einsleg bonde, flirer han.

Felde har aldri før høyrt om at nokon har søkt kontakt via ein rundballe.

– Nei, no er det Tinder og slike ting som er populært, utan at eg er så godt kjend innanfor det temaet. Men friarbrev via rundballe trur eg må vere historisk, så dette tykkjer eg er veldig morosamt.

Tipsar om countrytreffet

No håper han at noko greier å finne saman slik at det blir endå fleire bønder i fylket.

– Det er single bønder både i Sogn og resten av Sogn og Fjordane.

– Kanskje ho bør melde seg på TV-programmet Jakten på kjærligheten for å finne ein bonde?

– Ja, det er veldig bra, men så er det jo countrytreff på Breim neste helg. Der er det mange single og store moglegheiter for romantikk, ler han.