«Distriktspsykopaten» som vart landets mest populære lokalpolitikar

Han vart kalla «psykopat» av partileiaren Trine Skei Grande. I dag vart Alfred Bjørlo kåra til årets kommuneprofil.

Alfred Bjørlo med distriktspsykopat-genser

POPULÆR: Alfred Bjørlo er ein godt likt mann i distrikts-Noreg. Her på fest med genser med emneknaggen #distriktspsykopat tidlegare i år.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg vart tatt litt på senga, det skal eg ærleg innrømme, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo etter å ha vorte kåra til årets kommuneprofil i Noreg.

Tidlegare i år hamna han i søkjelyset til media etter at partileiar Trine Skei Grande kalla han «psykopat» under interne møter. No kan han kalle seg landets mest populære lokalpolitikar. Men populariteten til tross. Bjørlo, som tidlegare har utelukka å ta over leiarvervet i Venstre, står fast ved at han berre ønskjer å fokusere på distriktspolitikken.

Enn så lenge.

– Bodskapet vert oppfatta riktig

Det vart ein spesiell start på året for Alfred Bjørlo og resten av Venstre. Etter at VG gjorde det kjent kva Skei Grande hadde sagt på interne møter, valde den dåverande Eid-ordføraren å smi medan jarnet var varmt, og stille opp i ein sjølvtrykka genser med skrifta «#distriktspsykopat» på. Bjørlo, som meinte saka ikkje var alvorleg meint frå si eiga side eller frå Skei Grande, opplevde situasjonen som eskalerte ut av det som surrealistisk.

– Det var jo eigentleg berre morosamt meint. Men så dukka det om eit NRK-team som filma, og så berre balla det på seg derifrå, ler han.

Bjørlo erkjenner at det er alvorleg å verte kalla psykopat. Likevel ser han på karakteristikken frå Grande som eit kompliment retta mot «alt maset» frå Bjørlo om distriktspolitiske saker.

Når han no har vorte kåra til årets kommuneprofil, meiner han dette supplerer karakteristikken frå Grande, på ein fin måte.

– Då har bodskapet mitt vorte oppfatta riktig: i Distrikts-Noreg og på Vestlandskysten er det fantastisk å bu. Me har alle føresetnader for å skape gode samfunn, seier han.

Uviss framtid

Sjølv om det har vore idyll for Bjørlo som vann ordførarkampen om Stad kommune med over 36 prosent av stemmene, vart det eit generelt sett eit katastrofeval for Venstre i haust. Og etter mykje intern uro vart det klart fleire i partiet ønskte å bytte ut partileiaren Trine Skei Grande.

Men trass i at Bjørlo vart av mange er peika på som den nye potensielle leiaren i Venstre, meiner han at det rett og slett ikkje er den rette tida for å gå inn i nasjonalpolitikken heilt enno.

– Eg går ikkje rundt med noko store planar om det sjølv i alle fall, seier ein ordførar Alfred Bjørlo i Stad kommune.

– Men det er vanskeleg å vite kva framtida vil bringe.

Partikollega Sveinung Rotevatn er også ein av dei som har vorte lansert som mogleg erstattar dersom Grande ikkje får fortsette. Og sjølv om Bjørlo ikkje vil erklære si støtte til nokon, snakkar han varmt om partikollegaen frå same fylke.

– Han har ein stor framtid i Venstre og i norsk politikk, seier han.