Hopp til innhold

Døde humler ligg strødde – ingen veit kvifor

LÆRDAL (NRK): I ein av Noreg sine fremste grøntkommunar er sentrum fullt av døde humler. Ingen veit kvifor dei døyr, og slik er det i heile landet.

Humledød Lærdal

MYSTISK: Ingen er sikre på kva forklaringa på dei mange døde humlene i Lærdalsøyri er.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Under trea i sentrum av Lærdalsøyri ligg dei døde humlene tett. Liv Jenny Larsen, som bur i Gamle Lærdalsøyri, er ei av dei som reagerer på dei mange humlene.

– Her ligg veldig mange. Eg er overraska over at det ligg så mange over heile sentrum, under alle trea, seier ho.

Ifølgje Larsen finn dei både levande og døde humler under trea.

– Det er ekkelt å sjå når det ligg halvdøde her også.

Eit kjent fenomen

Ifølgje Petter Bøckman, zoolog ved naturhistorisk museum i Oslo, er dette eit ganske kjent fenomen.

Petter Bøckman

VANLEG: Zoolog Petter Bøckman seier det er vanleg at det dukkar opp døde humler under slike tre.

Foto: UiO

– Kvar einaste sommar rundt desse tider dukkar det ofte opp store mengder døde humler under ein spesiell type tre, nemleg parklind.

Parklinda er ei blanding av to andre artar av lind, og har vorte planta over heile landet. Ifølgje Bøckman har det vore kjent heilt sidan 1700-talet at det dukkar opp store mengder døde humler under slike tre, utan at ein har klart å finne ut kvifor.

– Ikkje greitt

Larsen fortel at den yngste dottera hennar tok med seg ei av dei levande humlene heim, for å prøve å få ho på vingane att.

Jon Helge Vidar Larsen, James Larsen og Liv Jenny Larsen

FINN MANGE: Liv Jenny Larsen (t.h.) finn mange døde humler saman med broren Jon Helge Vidar Larsen og nevøen James Larsen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi prøvde å gje ho sukkervatn, men det var ikkje noko vi kunne gjere. Vi måtte berre legge ho bak i buskene og la naturen gå sin gang.

– Trur du det er nok ein kan gjere med dette?

– Eg veit ikkje, eg er ikkje nokon ekspert. Men når du ser kor mange tre som er her, og at det under nesten alle trea kan ligge opp i mot 100 humler, er det ikkje greitt i det heile tatt.

Døde humler, Lærdal

DØDE HUMLER: Dei er ikkje så lette å få auge på, men mange av dei små svarte flekkane på dette biletet er døde humler.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fleire teoriar

Ein av teoriane Bøckman peikar på er at nektaren frå parklinda kan vere giftig. Ei anna forklaring kan vere at parklinda produserer så mykje nektar at mange humler samlar seg rundt den, og at det dermed også blir liggande mange døde humler rundt trea.

– Vi har ikkje ei handfast forklaring på kvifor akkurat humler blir funne under akkurat denne typen tre, seier han.

– Er det eit problem for humlebestanden som heilskap?

– Det er det vi ikkje veit. Viss det er slik at parklinda fungerer som ei ståande blomstereng, og det berre er veldig mange humler rundt den, betyr det at parklinda er kjempefin for humla. Viss det er noko gale med parklinda er den ei katastrofe for humler

Vil bevare humlene

Alf Magne Hjellum, leiar for tekniske tenester i Lærdal kommune, seier dei også har funne døde humler under trea, utan at dei har reflektert over kva grunnen kan vere.

Alf Magne Hjellum, leiar tekniske tenester Lærdal

VIL BEVARE: Alf Magne Hjellum frå Lærdal kommune seier kommunen vil bevare humlene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Er det noko å gjere med det?

– Det er det sikkert, men då må dei som kan humler komme på bana og fortelje oss kva tiltak som skal gjerast for å bevare humlene.

Hjellum peikar på at Lærdal kommune er avhengige av humlene, og at dei vil bevare dei. Kommunen kan likevel ikkje gjere noko før dei veit grunnen til at humlene døyr.

– Viss det viser seg at det er trea som er grunnen til at humlene døyr er det noko som gjeld i heile landet, så då vil eg tru det vil verte foreslått tiltak på landsbasis for å bevare humlene, seier han.

Parklind Lærdal

PARKLIND: Det er under desse trea ein finn døde humler i Lærdalsøyri.

Foto: Sondre Dalaker / NRK