I denne kommunen får du kjærleiksgaranti

Årdal kommune kan ikkje finne kjærleiken for deg, men vil gje ein garanti for at du får dele rom med din kjære på dine eldre dagar. No kan alle kommunar måtte gjere det same.

Øvre Årdal

KJÆRLEIK PÅ SJUKEHEIMEN: Her i Øvre Årdal kan eldre velje om dei vil bu saman når dei skal flytte til ein sjukeheim eller omsorgsbustad.

Foto: VERI Media

Kraftkommunen i Sogn har lagt til eit eige punkt i helse- og omsorgsplanen som heiter kjærleiksgaranti. Det var Porten.no som omtalte saka først.

Ektepar eller sambuarar i Årdal får rett til å bu saman på sjukeheim eller i ein omsorgsbustad, viss paret ønskjer det.

Det har vore fleire oppslag om par som ikkje får bu saman, eller ikkje får sett kvarandre sjølv om dei bur same stad. I Florø kunne det tidlegare gå fleire dagar mellom kvar gong ektefellane Magne og Hjørdis Føleide var i lag på omsorgssenteret.

Lokalpolitikar for Ap, Kirsti Eklund, tok til orde for at Årdal kommune skulle slå fast kjærleiksgarantien.

– Etter eit langt liv er det viktig å få dele den siste tida saman. Eg har fått fleire positive tilbakemeldingar og klar beskjed om at dette er noko som burde vere sjølvsagt, seier Eklund.

Ho peikar på at det må vere klare retningslinjer og bli tatt faglege vurderingar for tilbodet.

Regjeringa vil ha sambuargaranti

Regjeringa vil legge til rette for at alle par får sjansen til å bu saman. Eit forslag om å forskriftsfeste ein sambuargaranti er sendt ut på høyring.

I førre veke gjekk høyringsfristen ut.

– Vi er positive til forslaget, men det viktig at kommunane er på tilbodssida og ser an situasjonen, seier leiar for Pårørendealliansen, Anita Vatland.

Anita Vatland, leder Pårørendealliansen

KOMMUNANE PÅ LAGET: Leiar for Pårørendealliansen, Anita Vatland, seier kommunane må vere på tilbodssida for eldre.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Eldreminister Sylvi Listhaug har tidlegare sagt at ho forventar at kommunane strekkjer seg langt for at eldre som har budd saman eit langt liv, skal få vere saman også når dei hamnar på sjukeheim.

Når Årdal kommune skal bygge ny sjukeheim på Årdalstangen, vil kjærleiksgarantien få noko å seie for utforminga av bygget.

– Utfordringa har vore stort fokus på einerom. Einerom var ei rett satsing, men det betyr at romma er mindre og at det ikkje er like godt lagt til rette for at to personar kan bu saman, seier Eklund.

No vil lokalpolitikaren ha meir glede inn eldreomsorga.

– Det er viktig å ha eit fokus på kva som gjev livsglede for eldre, seier Eklund.