Få har høyrt om ho - men no lever Vårin (25) ut proffdraumen i serie A

Ho har aldri spelt på toppnivå i Noreg, men nyleg debuterte sogningen i den italienske toppserien i fotball.

Vårin Ness

FOTBALLPROFF: Vårin Ness frå Kaupanger spelar toppfotball i Italia.

Foto: Privat

– Eg ønskjer å kose meg med fotball på eit så høgt nivå som mogleg. Om det stoppar på serie A eller går vidare tenkjer eg ikkje på akkurat no, seier Vårin Ness.

Etter eit langt skadeavbrekk fekk ho førre veke debuten sin for Empoli i serie A. Og sjølv om målet er å spele seg inni startelvaren denne sesongen, skortar det ikkje på ambisjonsnivået for 25-åringen som endeleg har fått smake på toppnivået i Italia.

Ei lang reise

At Ness skulle ende opp med å spele serie-A fotball for Empoli, er ikkje noko ho tek for gitt. Det har nemleg vore ei lang reise for Sogndalsjenta som for nokre år sidan spelte for Kaupanger i 1. divisjon.

Vårin Ness

AMBISJONAR: Vårin Ness håpar å spele seg inn på ein fast plass i startelvaren til Empoli.

Foto: PRIVAT

– Etter nokre sesongen i Kaupangar ville eg prøve noko nytt. Så då spelte eg college-fotball i USA. Eg tilbrakte tre år der og spelte på to ulike universitetslag. Etter det opna det seg ei ny dør i serie B med Empoli.

Etter ein imponerande sesong endte Empoli på andreplass og rykte ho opp til øverste nivå, saman med Inter Milan som vann serie B.

Men opprykksjubel til tross, Ness måtte la debuten i serie A vente på seg. I sommar oppdaga legar ei aneurisme i hjernen som settet ho ute av spel. Etter operasjon og fleire månader med opptrening fekk ho endeleg prøve seg på aller øverste nivå, mot Florentina førre veke.

– Eg kjendte meg nok ekstra stolt som kom meg tilbake frå skadeavbrekket, seier ho.

Ser framover

For Sogningen som er vandt med mindre merksemd, er det liten tvil om at ho merkar at rammene rundt kvinnefotballen er anleis i Italia enn heime i Noreg.

Tidlegare i år spelte til dømes Juventus foran 40.000 og eit fullsett heimestadion, då Fiorentina vitja dei.

– Ein merker jo at det er meir satsing både det sportslegeog utanomsportslege. Fleire kjem på kamp, og fleire les om kvinnefotball i media. Det er mykje meir reklame her nede, og det trur eg også er med å spelar inn for at kvinnefotballen vert større, seier ho.

Og når Empoli spelar mot nettopp Fiorentina denne helga, har Ness håp om å igjen få være med å bidra. Sjølv om ho ikkje legg skjul på at ambisjonsvnivået er høgare enn som så.

– Eg ønsker jo å spele meg inn i startelvaren og utvikle meg vidare, og ikkje minst bidra til at vi klarar å halde oss i den øverste divisjonen. Så får me sjå kva som skjer vidare.