Kjell spelar på sag: – Folk blir veldig imponerte

Å spele på sag passar godt for ein byggmeister og mangeårig spelemann. Men for Kjell Tvinnereim er det først og fremst ein hobby.

Kjell Tvinnereim

IMPONERER: Kjell Tvinnereim meiner lyden ikkje lenger er som han var, når han spelar på saga, men dei fleste let seg imponere.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg som brukar sag kvar dag må jo kunne spele på ho og, seier Kjell Tvinnereim.

Han har vore spelemann i Hornindal spelemannslag sidan 1960. Og det var då, på 60-talet ein gong, at han først prøvde seg på snikkarsaga si.

– Eg var med i ein amatørkonkurranse, der eg plystra gjøkvalsen. Då var det ein gammal kar som spelte på sag, og det fascinerte meg veldig, fortel han.

Ein «stradivarius»

Etter kvart fekk han greie på at det gjekk an å kjøpe ei musikksag – spesielt laga til å spele på.

– Då fekk eg meg ein «Sandviken stradivarius» og så kjøpte eg ein cello-boge. Sidan har eg berre eksperimentert meg fram, seier han, og held fram:

– Fordelen med å spele på sag er at du kan skrive melodiane på sagbladet.

Kjell Tvinnereim

HEIMESNIKRA: Kjell Tvinnereim har snikra eigen kasse til musikksaga si.

Foto: OLA WEEL SKRAM / NRK

Imponerer med spelinga

Saga ligg pent i ei heimesnikra og spesiallaga kasse. Den har Tvinnereim hatt med seg for speling på mang ei tilstelling.

– Eg har ein eigen stil å spele på, og det verkar som om folk blir veldig imponerte.

Men no meiner han at lyden ikkje lenger er av den kvaliteten han ein gong var. Han veit heller ikkje lenger om nokon andre som driv med det same. Og som i spelemannslaget er det vanskeleg å rekruttere nye spelemenn.

– Det har vore ypparleg å vere med i spelemannslaget, men det skulle vore fleire som vart med. Og det er veldig få som spelar på sag, merkeleg nok, seier Tvinnereim.

Her kan du høyre Kjell Tvinnereim spele på saga: