Hopp til innhold

Svein angrar – ville aldri sagt ja i dag

Svein Harsjøen vart freista av arbeidsplassar og inntekter, og sa ja til vindturbinar. No angrar han inderleg, og deler den kjensla med meir enn hundre andre lokalpolitikarar.

Svein Harsjøen

Det har vore uvanleg varmt og vakkert på Haramsfjellet dei siste vekene. Turområdet blir mykje brukt av innbyggarane på øya. Dei fryktar at åtte vindturbinar vil øydelegge alt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Svein Harsjøen ser utover den grøne øya på kysten utanfor Ålesund og seier han utan tvil skulle sagt nei.

Om han hadde visst betre.

I 2009 stemte han ja til vindturbinar på Haramsøya. No angrar han, og er ikke aleine om det.

– Ja, det gjer eg i dag, når eg ser konsekvensane dette medfører, seier Harsjøen.

NRK har kartlagt synet til 254 politikarar som har avgjort ni av dei mest omstridde vindkraftprosjekta i kommunestyre i Noreg.

Meir enn halvparten av dei som sa ja har ombestemt seg.

Men for dei fleste er det i seinaste laget, løyve til å drive vindkraft er allereie gjeve.

Ullahornet på Haramsfjellet

Ullahornet på Haramsfjellet på Haramsøya. I dette området skal det byggast vindturbinar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sa ja til vindkraft – no har dei ombestemt seg

67 prosent av dei kommunestyrerepresentantane NRK har spurt, sa ja til utbygging av vindkraftverk då dei kunne vere med å bestemme.

I dag er det bare 20 prosent av dei som seier dei ville sagt ja.

Resten, som Svein Harsjøen, ynskjer no at dei hadde hatt høve til å trekke tilbake ja-et.

Seks parti på Stortinget kan kome Harsjøen og dei andre som angrar i møte.

Anne Kristin Førde

ANGRAR: Bremanger kommune og ordførar Anne kristin Førde angrar på at dei sa ja til tre vindkraftanlegg.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kommunen: – Vi skjønte ikkje kva vi sa ja til

Også i andre kommunar enn dei ni som NRK har kartlagt, finn ein lokalpolitikarar som angrar. Vel 200 kilometer lenger sør har folk i Bremanger fått langt meir enn det dei hadde sett for seg.

Guleslettene vindkraftanlegg ligg i både Kinn og Bremanger kommune, og det er ikkje det einaste anlegget i sistnemnde. Saman med anlegga Bremangerlandet og Hennøy, bidreg det til at kystkommunen etter kvart blir den einaste i landet med tre vindmølleparkar.

– Det er for mykje i ein liten kommune. Altfor mykje, seier ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Saman med resten av kommunestyret var ho med på å gje konsesjon til bygging av det tredje vindkraftanlegget i Bremanger i 2017. No har kommunen snudd, dei angrar på at dei sa ja.

– Vi skjønte nok ikkje heilt kva vi sa ja til. Både fordi vindmøllene blir høgare enn det som først var sagt, men og fordi vi har fått mykje meir kunnskap om vindkraft sidan den gong.

Mange er positive

Men slettes ikkje alle kommunestyrerepresentantar er negative til vindkraft i sin kommune.

På Stadlandet, heilt ysts ute på vestlandskysten, er det planar om vindkraftanlegg i det som tidlegare heitte Selje kommune. Eit av dei mest vindfulle områda i landet. Kommunen sa ja til konsesjon i med overveldande fleirtal i 2008, og Noralv Dalsbø (KrF) angrar ikkje på det.

– Vi må ha meir straum. Det forandrar landskapet, og slik var det også med vasskrafta. Då kjem det ein naturleg reaksjon, ein vil ha det som før. Men når vi skal fase ut olja, treng vi meir straum, seier Dalsbø (KrF).

Og i Kvinesdal kommune i Agder argumenterer Per Rafoss (Ap) for at vindkraftverket kan skape ringverknader i lokalsamfunnet.

Kraften frå Buheii vindkraftverk skal nemleg til Eramet smelteverk, som er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen.

– Smelteverket brukar mykje straum og er ein god arbeidsplass for Kvinesdal. Inntektene kommunen får kjem alle innbyggjarane til gode, seier Rafoss.

Olje- og energidepartementet meiner kommunen må ta ansvaret

Ordføraren meiner at heile situasjonen til Bremanger kommune syner at staten må regulere strengare kor mange vindkraftanlegg som kjem i eitt område.

Det gjorde regjeringa eit forsøk på i fjor med sin nasjonale rammeplan for vindkraft, men den vart skrota etter massiv motstand. No seier regjeringa ved Olje- og energidepartementet at kommunen sjølv må ta ansvaret for at dei har sagt ja.

– Det er slik at når kommunar seier nei til vindkraftanlegg i sitt område, så blir det respektert. Den moglegheita har kommunane, og når dei ikkje har nytta seg av den, så må dei ta ansvaret for det, seier statssekretær Tony Christian Tiller (H).

Florø 20200617. En 70 meter lang vinge på vei opp til Guleslettene vindpark like ved Florø. Totalt skal de reises 47 vindmøller i dette området. Hvert tårn er 90 meter høyt.

Ein 70 meter lang vinge på veg opp til Guleslettene vindpark like ved Florø. Totalt skal det byggast 47 vindmøller i dette området. Kvart tårn er 90 meter høgt.

Foto: Tore Meek/NTB scanpix

Medlemsorganisasjonen Motvind har varsla at dei vil gjere ei rekkje forsøk i retten og håper å få stansa dei der.

På Haramsøya kan Svein Harsjøen berre konstatere at anleggsarbeida er i gang. 150 meter høge vindturbinar blir sett opp til høglytte protestar.

– Det verste som kan skje er at vi byggjer vindmøller til sterk misnøye lokalt. Misnøyen vil spreie seg, fordi konsekvensane blir stadig meir klar for folk. Det er mykje verre å rydde opp i møller som er bygde, enn å rydde opp no før dei er bygde, seier Svein Harsjøen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL