Hopp til innhold

Tar grep i anleggsbransjen: – Kan gjere at det blir tryggare for jenter

Kvinner i maskin- og anleggsbransjen fortel om kjipe kommentarar og trakassering på jobb. Eit eige kvinnenettverk blir no danna i håp om å hindre slike opplevingar.

Synne Solnørdal køyrer lastebil. Ho har hendene på rattet, og ser ut. Ho har på gul refleksjakke, og det blonde håret er samla i ein hestehale.

LASTEBILSJÅFØR: Synne Solnørdal elskar jobben som lastebilsjåfør. Men meiner det er viktig at dei no får eit kvinnenettverk.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

I førarhuset på lastebilen til Synne Solnørdal er det pynta med rosa blomster og bamsar. Den søte pynten står i kontrast til den store, tunge bilen.

– Eg likar rosa, glitter og sminke, men eg likar lastebilar også.

Solnørdal elskar jobben ho no har bak rattet på lastebilen, men det har ikkje alltid vore like kjekt. Starten av arbeidslivet opplevde ho som tøff.

– Eg opplevde dårlege haldningar og stygge kommentarar.

Ho fortel at ho fekk kommentarar på kropp og utsjånad, og fekk høyre at ho var udugeleg og talentlaus.

Synne sit inne i lastebilen medan ho ser smilande ut av det opne bilvindauget.

– Det er lov å vere rosajente, jålete og feminin – og køyre lastebil, seier Solnørdal.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Kjipe kommentarar

I maskin- og anleggsbransjen utgjer kvinner berre mellom 2 og 4 prosent, fortel Kari Bernardini i Norsk Arbeidsmandsforbund.

Dei har vel 17.000 medlemmar, og ho seier dei veit at fleire opplever trakassering.

– Vi har fått ein del tilbakemeldingar på at kvinner der ute opplever ting på jobb som ikkje er greitt. Dei får kjipe kommentarar, dei blir trakassert og dei har det ikkje alltid så ok på jobb.

Bernardini fortel at då ei kvinne la ut på sosiale medium at ho var glad for at dei hadde fått eiga kvinnegarderobe på jobben, fekk ho kommentarar som:

«Desse eggstokkmenneska kan vi jo ikkje tilsette.»

«Du likar vel å vise deg litt fram.»

Hanne, Synne og Heidi står ute framom lastebilane sine. Dei har på arbeidsjakker og bukser i knall gul farge med refleks.

Dei er tre av vel 17.000 medlemmar ved Norsk Arbeidsmandsforbund, og står samla mot trakassering i ein mannsdominert bransje. Frå venstre: Hanne Stokkeland, Synne Solnørdal og Heidi Bjerkestrand.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

For Hanne Stokkeland har det tøffaste vore å overtyde menn i bransjen om at ho er dyktig nok.

– Uansett kva eg gjer må eg bevise det to gongar for at andre skal skjøne at eg faktisk får det til. Eg må alltid gjere det best, for at dei skal forstå at eg ikkje berre er ei som jobbar med dette fordi det ser tøft ut, men fordi eg faktisk har lyst, seier Stokkeland.

Hanne kjører lastebil for stokkeland. Hun sitter i en gul arbeidsjakke.

Hanne Stokkeland kan ikkje tenkje seg betre arbeidsplass enn bak rattet på lastebilen. Ho ønskjer seg fleire kvinnelege kollegaer.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Startar kvinnenettverk

At kvinner i mannsdominerte yrke kan bli utsette for nedsetjande kommentarar, uønskte haldningar og trakassering, kan ikkje godtakast, meiner Kari Bernardini.

– Sånn kan vi ikkje ha det, dette er vi nøydde å gjere noko med, seier ho.

For å stoppe trakassering blir det no tatt grep, og Bernardini er prosjektleiar for det som skal bli eit landsdekkande nettverk for kvinner innan mellom anna anleggsbransjen.

Møre og Romsdal og Trøndelag er første fylka ut, og målet er at alle skal kjenne at dei har nokon i ryggen viss dei treng det.

Det skal fyrst og fremst vere eit sosialt nettverk for kvinner i bransjen, kor dei skal ha nokon å snakke saman med. Dei skal også enklare kunne varsle og sei ifrå til kontaktpersonar dersom uønska hendingar oppstår.

– Vi vil at jenter skal oppleve at dei ikkje er åleine på jobb. Mange av dei er kanskje einaste kvinne på arbeidsplassen, seier Bernardini.

Kari er prosjektleder for kvinnenettverket i Norsk Arbeidsmandsforbund. Her står hun foran sen av lastebilene godt kledd.

Kari Bernardini er prosjektleiar for kvinnenettverket som Norsk Arbeidsmandsforbund opprettar for å kome trakassering av kvinner til livs.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Håpar på betre rekruttering

Maskinentreprenørenes forbund meiner eit arbeidsmiljø utan trakassering er avgjerande for rekrutteringa til bransjen.

Dei er bransje- og arbeidsgjevarorganisasjon for 2300 bedrifter, og har også etablert eit kvinnenettverk for arbeidsgjevarar. Ønsket er mellom anna å gjere det lettare for kvinner å varsle om trakassering.

– Det farlegaste er at ein får haldingar i bransjen om at slikt må ein tole. Slikt skal ein ikkje tole, seier administrerande direktør Julie Brodkorb.

Lastebilsjåførane Synne Solnørdal, Hanne Stokkeland og Heidi Bjerkestrand står saman opp på ein plog som er festa framme på ein lastebil. Dei har gule refleksklede på seg.

Køyrer brøytebil, anleggsmaskiner, køyrer stein og grus og legg asfalt. Kvinnenettverket på tvers av arbeidsplassar vil kome alle til gode, meiner dei tre.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Lidvar Brandal, dagleg leiar i SRB Anleggstransport der Synne og Heidi jobbar, seier bedrifta applauderer nettverket.

– Vi har kjempedyktige kvinner i bilane våre, og det er svært viktig at dei har det bra på jobb.

Synne Solnørdal håpar nettverket vil føre til at fleire kvinner tør å bli til dømes lastebilsjåførar.

– Nettverket kan gjere at det blir tryggare for jenter å gå inn i yrket, spesielt viss dei er skeptiske. For det kan vere skummelt.

Solnørdal vil gjerne ha fleire kvinnelege kollegaer, og oppfordrar alle jenter til å søke.

– Du treng ikkje å passe inn i bildet av ein stereotypisk lastebilsjåfør, du kan vere deg sjølv og likevel gjere dette.

Les også Kvinnene tek førarsetet i transportbransjen

Mathilde Flaten Husetuft

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL