Hopp til innhold

Meiner det er for seint å stanse vindkraftanlegget på Haramsøya

Forskar Lars H. Gulbrandsen trur løpet er køyrt for å stoppe utbygginga på Sunnmøre. Vindkraftmotstandarane gir seg ikkje.

Gravearbeidet på Haram vindkraft er i gang

Gravearbeidet på Haramsfjellet er i gang. Vindkraftmotstandarar meiner framleis at dei kan stanse utbygginga.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Aksjonistane gir ikkje opp håpet om å kunne stanse bygginga av åtte 150 meter høge vindturbinar på Haramsfjellet, sjølv om gravearbeidet starta i dag. I fleire dagar hindra dei anleggsmaskinene å ta seg fram, men torsdag greip politiet inn og flytta bilen som sperra vegen opp til fjellet. Forskingsleiar Lars H. Gulbrandsen ved Fridtjof Nansens Institutt trur ikkje utbygginga kan stoppast no.

– Eg er ikkje kjend med at vindkraftmotstandarar har klart å stoppe eit prosjekt når konsesjonen først er gitt. Eg trur løpet på Haramsøya er køyrt, seier Gulbrandsen.

Lars H. Gulbrandsen

Forskingsleiar Lars H. Gulbrandsen trur det er for seint å stoppe utbygginga på Haramsfjellet.

Foto: privat

Gir ikkje opp

Aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad seier at dei held fram kampen mot vindturbinane med full styrke og sjølv om ingen anlegg har blitt stansa etter konsesjonen er gitt, er det håp.

– Av og til skjer det noko i historia som gjer at ting ender annleis enn det brukar å gjere, seier Kjerstad. Ho meiner det finst fleire moglegheiter for å endre utfallet av saka.

– Det er gjort urett og vi held fram, seier Kjerstad.

Birgit Oline Kjærstad saman med politiet.

Det var ein tøff dag for aksjonsleiar Birgit Oline Kjerstad då anleggsmaskinene fekk køyre på fjellet og starte arbeidet. No held ho fram arbeidet med å stanse utbygginga.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Snudde i saka

Gulbrandsen forstår at saka på Haramsøya er vanskeleg og han meiner at saka er heilt spesiell. Politikarane sa nei til vindkraftplanane i 2005 og 2006 og peika på dei alvorlege konsekvensane for turområdet og naturen.

Likevel gav NVE anlegget konsesjon. Då politikarane klaga på konsesjonen, sa plutseleg fleirtalet ja til vindkraft til havs, men vedtaket innebar også at dei sekundert sa ja til ein kombinasjon av vindmøller til havs og til fjells. Dette vedtaket har styresmaktene tolka som at kommunen stilte seg positive til utbygginga på Haramsfjellet og gav endeleg konsesjon i 2009.

Gulbrandsen meiner at det var på dette stadiet av vindkraftbehandlinga at kommunen skulle ha halde fast på eit klart nei-standpunkt, dersom dei skulle klare å stanse vindkraftanlegget.

– Utbyggar har alle godkjenningar i orden og har sett spaden i jorda. Når ein har kome så langt vil det vere ganske alvorleg å trekke tilbake ein konsesjon. Eg trur motstandarane har ei dårleg sak, seier Gulbrandsen.

Aksjonistar på Haramsøya.

Det er stor motstand mot vindkraftanlegget. Torsdag greip politiet inn for å flytte ein bil som har sperra vegen for anleggsmaskinene.

Foto: Olaug Bjørneset

Prøve saka for retten

Sjølv om prosjektet har starta, er ikkje alle verkemiddel prøvd. Ole Kristian Fauchald er professor for Offentleg rett ved Universitetet i Oslo og forskingsprofessor ved Fridtjof Nansens Institutt. Han seier at aksjonistane kan gå til domstolen og prøve å få midlertidig utsetting medan ein behandlar om vedtaket er lovleg fatta. Motvind Noreg har varsla at dei tar åtte prosjekt til retten, og at Haramsøya er eitt av dei.

– Det er vanskeleg å seie om dei har grunnlag for dette eller ikkje. Det måtte vere at sakshandsaminga ikkje tilfredsstiller krava i norsk lov eller i EØS-avtalen, seier Fauchald. Eit av spørsmåla er om det har vore god nok konsekvensutgreiing av detaljplanen. Professoren kjenner ikkje til at nokon liknande saker som har vunne fram i retten.

Ole Kristian Fauchald

Professor Ole Kristian Fauchald meiner at alle verkemiddel ikkje er prøvd.

Foto: Lill Haugen/Norsk Friluftsliv

Kontrollere transport av turbinar

Ålesund kommune og fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) har også engasjert seg for å stoppe utbygginga. Fauchald meiner desse to instansane ikkje har moglegheit til å stoppe prosjektet. Skulle utbyggaren ikkje fylgje planane, kan derimot kommunen gripe inn.

Det er kommunen som skal kontrollere at tillatingane til utbyggaren blir følgt og Fauchald meiner dei må fylgje nøye med om inngrepa blir større enn planlagt. Spesielt viktig er det når dei store turbinane skal fraktast til staden.

– Ein må på eit tidleg tidspunkt seie klart frå at ein skal fylgje godt med og dokumentere alt som skjer, og gjer det klart at ein kjem til å stoppe utbygginga visst ein finn brot, seier Fauchald.

Dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit, seier det har vore ein meir enn 20 år lang konsesjonsbehandling av prosjektet der det er utført konsekvensutgreiingar av alle fagtema som er pålagt. Han peikar også på at dei no også har ein godkjent miljø,- transport og anleggsplan med krav til korleis utbygginga skal gjennomførast.

– Dette skal sikre at anlegget blir bygd innanfor rammene av konsesjonen. Vi har etablert ein eigen kontrollplan for oppfølging av desse krava, som vi vil gjere vårt ytste for å følge, seier han.

Krev nye støymålingar

Eva Vinje Aurdal på folkemøte på Haramsøya

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) seier at dei no krev ny støyrapport.

Foto: Frode Berg / NRK

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner også at det går an å stoppe utbygginga. Haram kommune vart slått saman med Ålesund kommune i januar. Dette er første gang storkommunen behandlar saka og no krev dei blant anna at byggestart blir utsett i påvente av ein ny støyrapport.

– Det er klart at det er mange piler som peikar feil veg, men visst ein stirar seg blind på det, blir ein veikare i forsøka sine, seier Aurdal.

Men Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) legg til grunn at prosjektet kan byggast i tråd med godkjende planar.

– Endeleg vedtak er fatta av Olje- og energidepartementet, etter klage på NVE sitt vedtak. Konsesjonsbehandlinga har vore omfattande, med breie høyringsrundar, seier Rune Flatby, direktør for konsesjonar i NVE.

Olav Rommetveit i Zephyr seier dette på spørsmål om kva han tenker om at dei som er mot utbygginga framleis håper at prosjektet blir stoppa.

– Vi har ei endeleg godkjenning frå Olje- og energidepartementet på at utbygginga kan starte. Konsesjonen gav løyve til å bygge 16 vindmøller, vi har redusert talet til åtte. Det er altså halvert i størrelse og vil ha langt mindre innverknad enn det som er oppfatninga blant dei fleste, seier han.