Hopp til innhold

Kamp mot klokka: Vindkraftbransjen skundar seg for å nå omstridde millionar

Det er byrja å haste for dei som har planar om å byggje vindkraftverk. – Og kommunane kan gå glipp av millionsummar, påstår kraftselskapa.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Som i ein gå sakte-aksjon smyg ein lang stålkonstruksjon seg fram blant fjell, skog og vatn. Marginane er ørsmå. I den eine tunnelen er klaringa på 30 centimeter.

Den langbeinte stålkonstruksjonen er ein av alt 47 turbinar som skal opp på Guleslettene, eit fjellområde i Bremanger og Kinn kommune på kysten av Sunnfjord.

Planen er at kraftproduksjonen skal starte opp så snart dei første seks turbinane er på plass.

Helst innan jul, og uansett i god tid før konsesjonsfristen går ut i september 2022.

Ombestemte seg

På andre sida av fjorden, på Bremangerlandet, har Sogn og Fjordane Energi (SFE) fått det travelt. Her skulle dei allereie ha vore godt i gang å byggje Bremangerlandet vindkraftverk.

Men så ombestemde kommunen seg.

Brått ville dei ikkje ha ein vindkraftpark på Bremangerlandet likevel.

Siste forsøket på å stoppe planane vart gjort i januar. Formannskapet i kommunen slo fast at området framleis berre skal brukast til landbruk, natur og friluftsføremål.

Sidan har saka gått som ein bordtennisball mellom Fylkesmannen, formannskapet, kommunestyret og advokatane til SFE.

Førre veke behandla formannskapet søknaden på ny, med same resultat: avslag.

Johannes Rauboti, konserndirektør SFE

UTOLMODIG: Lang sakshandsamingstid i Bremanger kan bety titals millionar i tap for Bremanger og dei andre SFE eigarane, seier Johannes Rauboti, som er konsernsjef i SFE.

– Går glipp av ekstragevinst

– Tida er i ferd med å renne ut, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Han snakkar om elsertifikata som har hamna i spel. I kommunar over heile landet går det no føre seg ein kamp mot klokka, som her i Bremanger.

Elsertifikata vart oppretta for å gjere det meir lønsamt å investere i fornybar energi. Ordninga inneber at straumkundar må betale ein ekstra kostnad til kraftleverandørane over straumrekninga, men ordninga har vore omstridd og vert ikkje forlenga.

Derfor må prosjekt vere i drift innan utgangen av 2021 for at utbyggjarane skal få denne ekstrainntekta. Om kalenderen viser 2022 og drifta ikkje er i gong, er det for seint.

– Vi har vanskar for å sjå at sjølv dei som var motstandarar av Bremangerlandet vindkraftverk skal ha glede av at kommunane og innbyggjarane går glipp av denne ekstragevinsten, seier Rauboti.

Ifølgje utrekningane hans, vil Bremanger no kunne gå glipp av ekstrainntekter på mellom 50 og 100 millionar kroner i løpet av dei 25 åra konsesjonen gjeld.

Andreas Thon Aasheim Hamnefjell Vindkraftverk

LOBBYIST: Andreas Thon Aasheim er spesialrådgjevar i Norwea.

Foto: Privat

– Blått lys for fleire

Andreas Thon Aasheim er spesialrådgivar i Norwea, som jobbar for å fremje norsk fornybar energiproduksjon.

Han skjønnar godt at SFE er «betutta» over prosessen i Bremanger. Han minner om at det finst eit ris bak spegelen – den statlege reguleringsplanen.

Han nemner i tillegg tre andre konkrete prosjekt som det no brenn eit blått lys for: Innvordfjellet i Trøndelag; Dalsbottenfjellet i Sogn og Fjordane; og Oddaheia i Agder.

– Eg skal ikkje skulde kommunane for å trenere, men det er klart at på eit tidspunkt så må utbyggjaren få ein avklaring. I dette tilfellet har dessutan kommunen først sagt ja.

– Forferdeleg dårleg behandla

– Eg har full forståing for at SFE er oppteken av fristen for grøne sertifikat, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap).

Ho vedgår at saka har vore særs krevjande.

– Både for oss, og ikkje minst for dei, seriar ho, og sikter til utbyggjaren.

Anne Kristin Førde

KREVJANDE: Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) i Bremanger seier at saka har vore krevjande for politikarane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I formannskapet i Bremanger førre veke var det berre Senterpartiet som tilrådde at SFE kunne få starte arbeidet.

Varaordførar i kommunen, Magne Ivar Kjerpeset (Sp), er klar på at han er svært skuffa over utfallet.

– Dette ville sikra kommunen gode skattbare inntekter, seier han.

Han meiner at utbyggjaren vert forferdeleg dårleg behandla med tanke på all vinglinga fram og tilbake.

Han får støtte frå partikollega Espen Gulliksen:

– Kommunen kan ikkje gå tilbake på det dei allereie har sagt ja til, seier han.

– Gir ikkje pengar i kommunekassa

Om utbyggjaren har fått dårleg tid, kan dei skulda seg sjølv, meiner lokalpolitikar for Høgre, Elisabeth B. Hatlenes.

– Endra tidsfrist for grøne sertifikat kan ikkje vere styrande for kommunen si sakshandsaming, seier ho, og legg til at sakshandsaming tek tid.

– At Rauboti ønskjer å gjere Bremanger kommune ansvarleg for å påføre både seg sjølv og andre kommunar økonomiske tap, ved uthaling av saka, fell på si eiga urimelegheit.

Elisabeth Birkeland Hatlenes

TEK TID: Lokalpolitikar Elisabeth B. Hatlenes (H) meiner at SFE må forstå at sakshandsaminga i kommunen tek tid.

Foto: David Zadig

Jørund Nygård, i organisasjonen Nei til vindkraft på Bremangerlandet, meiner heile problemstillinga er uviktig. Grøne sertifikat eller ikkje – det vil uansett ikkje gi pengar i kommunekassa, seier han.

– Ingen vindkraftverk tenar pengar med dagens kraftprisar. Dette gjeld både med og utan grøne sertifikat, som er ekstrabetalingar frå vanlege folk til vindkraftprosjekta.