Hopp til innhold

Kommunen hennar seier ja: Bente får 275 meter høg vindturbin som nærmaste nabo

Naboar gjer det dei kan for å stoppe ein av verdas største vindturbinar. Stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V) seier dei ikkje kan køyre over lokaldemokratiet.

Bente Halsvik får vindturbin som nabo i Halsvika i Sløvåg.

MIDT I UTSIKTA: Bente Halsvik blir blant dei som får vindturbinen tettast på. Turbinen blir den største i Noreg og blant dei største i verda.

Foto: Thea Halsvik

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er støyen vi fryktar mest. Det blir like mykje som eit jetfly, og det skal surre rundt oss heile tida, seier Bente Halsvik.

Om lag 1,4 kilometer unna heimen hennar i Halsvik, vil ho få det som blir ei av verdas høgste vindturbinar som nabo.

Den vil rage 275 meter over bakken frå eit industriområde i Sløvåg i Gulen.

Til samanlikning er Oslo Plaza 117 meter høgt. Eiffeltårnet i Paris er 330 meter.

Dei høgste vindturbinane som er i drift i Noreg i dag er om lag 220 meter høge.

Gulen kommune sa nyleg ja til turbinen – men motstandarane varslar omkamp.

Planlagt vindturbin i Sløvåg

Vinturbinen vil bli godt synleg i det flate kystlandskapet i ved Fensfjorden. Naboane som klagar bur til venstre for industriområdet.

Foto: Skisse: Multiconsult

Blir ståande i 30 år

Det er eit av verdas største selskap, General Electric (GE), som skal plassere turbinen GE Haliade X på næringsområdet i Gulen industrihamn.

Les også Her kan Noreg sin største vindturbin kome: – Livet er over dersom mølla kjem

Her kan det dukke opp ein havvindturbin på 285 meter

Turbinen blir ståande i 30 år, der dei fem første består av testing og sertifisering.

Så skal den gjerast klar for å gi klingande mynt i kassa dei neste 25 åra. Det lokale og familieeigde Wergelandgruppa skal då drifte turbinen, som får ein estimert produksjon på 55 GWh, som tilsvarar eit årleg forbruk til 3450 husstandar.

Irene Kjelby Wergeland

Det lokale og familieeigde Wergelandgruppa skal overta turbinen etter fem år. Irene Kjelby Wergeland, kommunikasjonsdirektør, meiner turbinen vil bety svært mykje for kommunen.

Foto: Bård Siem / NRK

Irene Kjelby Wergeland er kommunikasjonsdirektør i Wergelandgruppa.

Ho seier til TV 2 at turbinen blir det grøne skiftet i praksis, og vil gi nødvendig kraft som vi vil mangle om nokre år.

Stor motstand

Saka har skapt stor motstand og splitta bygda sidan den blei kjent.

Betre blei det ikkje då fleire naboar blei tilbydde 1 million frå selskapet for å takke ja til turbinen. Ifølge Bente Halsvik takka alle naboane nei.

Les også Tilbydd 1 million kroner for å godta 285 meter høg vindturbin

Jarle Halsvik

Dei som ikkje helsar turbinen velkomen, varslar no omkamp.

– Eg er sikker på at vi skal greie å snu dette, seier Ron Overdevest i organisasjonen Nei til vindkraft i Gulen.

Han seier dei vil klage på vedtaket i kommunen.

Overdevest meiner forarbeidet som er blitt gjort, ikkje held mål, og at Nei til vindkraft i Gulen si stemme ikkje har blitt skikkeleg høyrd.

Vindkraftmotstandaren bur sjølv om lag 7 kilometer unna. Det er særleg høgda og støy han fryktar.

– Til og med på ein slik avstand vil lyden trenge gjennom veggene mine, og dette kan gi plager, seier han og viser til den lågfrekvente støyen frå tubinen.

– Men dei som er for turbinen peiker at den vil gi grøn energi?

– Vi treng nok krafta, men det går an å bygge med sertifiserte turbinar som ikkje lagar den støyen der.

Planlagt vindturbin i Sløvåg

Slik kan den 275 meter høge vindturbinen bli sjåande ut.

Foto: Skisse: Multiconsult

General Electric (GE) har også nyleg gått over til ein annan turbin enn den som er søkt om. Ifølge selskapet er turbinen like stor, men vil ha lågare effekt.

GE seier dei har gjort eit omfattande arbeid for å lytte til innspel og justere der det har vore mogleg. Dei vil også framleis jobbe tett med lokale interessentar, fortel Niklas Indrevær i GE.

Her kan du lese heile svaret frå selskapet.

Vil lytte til kommunen

Norske kommunar har fått meir makt til å bestemme i vindkraftsaker.

I Gulen har dei sagt ja, men det er NVE som skal godkjenne søknaden. I løpet av dei neste månadane vil dei fatte eit konsesjonsvedtak, fortel rådgjevar Anders Bakken Hekland.

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) er klar på at den lokale forankringa er viktig i slike saker, noko den altså er gjennom kommunestyret sitt vedtak.

Alfred Bjørlo

Næringspolitisk talsperson i Venstre, Alfred Bjørlo.

Foto: NRK / NRK SOGN OG FJORDANE

Bjørlo har tidlegare tatt til orde for at vindturbinar bør kunne leggjast til eksisterande industriområde.

– Dette er jo også snakk om ei avgrensa utbygging på eit etablert industriområde som ikkje bygger ned natur eller krasjar med verneverdiar. Då tenker eg at det blir heilt feil om vi som nasjonale politikarar skal gå inn og overprøve vurderinga politikarane i Gulen har gjort, seier Bjørlo.

Ordførar May-Lynn Osland (Ap) i Gulen

Ordførar May-Lynn Osland (Ap) i Gulen stemte for turbin, men seier det var ei vanskeleg avgjerd for kommunestyret å ta.

Foto: Privat

Ordførar May-Lynn Osland (Ap) i Gulen stemte sjølv for turbinen då saka var oppe 12. april.

– Eg trur totalen over lang sikt kan bli veldig bra. Den vil gi tilgang til kraft til bedriftene, og vi kan også få grøne bedrifter, seier Osland.

– Mange er urolege for helsekonsekvensane av den. Kva har du å seie til dei?

– Det var ikkje ei kjekk avgjersle å ta, og ei avgjersle med bismak. Eg veit jo at turbinen vil synest og kanskje høyrest, og vi veit ikkje heilt korleis det blir, seier ordføraren.

Det er teke med som kriterium at det skal takast helseundersøkingar både før turbinen kjem og to år etter.

Osland avviser kritikken om at ikkje alle partar har fått kome godt nok til orde i saka, og meiner dialogen har vore god.

Ho legg til at kommunen si rolle var å gi eit høyringssvar, og at det er NVE som styrer saka vidare.

Les også Lavere livskvalitet for vindkraftnaboer: Lillian sliter med søvn og migrene

Lillian Soma Øvregård har vindparken rett utenfor stuevinduet