Illustrasjon av ein mann som høyrer ein underleg lyd frå ei ny grav på kyrjegarden.
Marco Vaglieri, Kjersti Lofthaug

Same dag som høggravide Anna blei gravlagt, høyrdest ein underleg lyd frå grava.

Illustrasjon av menn med spader som grev opp att ei grav på ein kyrkjegard.
Marco Vaglieri, Kjersti Lofthaug

Kista blei greven opp att i all hast.

Ei gruppe menn her greve opp ei grav, og opna kisteloket. Dei ser triste og sjokkerte ut.
Marco Vaglieri, Kjersti Lofthaug

Det dei fann blir framleis fortalt om, snart 200 år seinare.

Ei gruppe menn her greve opp ei grav, og opna kisteloket. Dei ser triste og sjokkerte ut.

Gråten frå grava

Gråten frå grava

Det er ein kald og mørk februarkveld. Året er 1841.

Ein mann går over kyrkjegarden.

Han har vore i gravferd, og er på veg tilbake til båten som ligg fortøydd i nærleiken.

Men så, like ved grava som blei fylt av jord same dag, høyrer han ein lyd ein ikkje skal høyre på ein kyrkjegard seint om kvelden.

Barnegråt.

Jernkorset

Her ser vi et stort tre midt oppe på toppen av kyrkjegarden. Og under det treet står det eit stort svart kors som teiknar seg veldig tydeleg.

Vi har spola fram til 2024. Nina Elisabeth Bøe tek oss med ut på den vesle øya der Herøy kyrkje ein gong stod.

Det er noko majestetisk og høgtideleg ved det svarte jernkorset som røyser seg høgt over klynga av eldre gravstøtter.

Anna med Barnet

Jernkorset er truleg sett opp for snart 200 år sidan. Nøyaktig kva som skjular seg i jorda under, veit ein ikkje.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jernkorset er truleg sett opp for snart 200 år sidan. Nøyaktig kva som skjular seg i jorda under, veit ein ikkje.

Foto: Remi Sagen / NRK

På korset står det skrive i store bokstavar:

«ANNA MED BARNET»

Orda gøymer ei tragisk historie.

I tre tiår har Bøe stått akkurat her og fortalt historia om Anna. Ho er tidlegare museumsvert, og har fortalt historier til turistar i mange år.

Folk kjem tilbake for å høyre denne historia igjen. Dei har kanskje gløymt detaljane. Dei ønskjer å høyre korleis den eigentleg var.

Bøe har spurt mange om dei trur på det ho fortel. Og det umiddelbare svaret er:

«Ja!»

Anna med Barnet

Nina Elisabeth Bøe har gått mange gongar ut til det store jernkorset på øya. Skuleklasser, turistar og andre besøkande, alle vil høyre den mystiske historia.

Foto: Remi Sagen / NRK

Nina Elisabeth Bøe har gått mange gongar ut til det store jernkorset på øya. Skuleklasser, turistar og andre besøkande, alle vil høyre den mystiske historia.

Foto: Remi Sagen / NRK

Saluttkanonar og dansegolv

Anne Margrethe Irgens Holst blei fødd i 1799, og fekk kallenamnet Anna.

Ho vaks opp på storgarden Gjørv på Inderøya i Trøndelag. Den dag i dag er det lett å sjå at dei som budde her høyrde til overklassen.

Ikkje langt unna, på ein gard kjent for store selskap og drikkeviser, budde ein litt eldre gut. Johan Brun.

Han og Anna forelska seg, og gifta seg.

Men så fekk Johan jobb som overtollbetjent for Sunnmøre, og dei måtte flytte.

Den som hadde denne jobben måtte nemleg bu på ein sliten gard ute mot havet, på Voldsund i Herøy. For paret som var vane til store hus og flotte selskap var det ikkje spesielt glamorøst her ute.

Johan skreiv faktisk i eit brev til amtmannen i 1839 at Voldsund måtte vere «det søehaardeste Sted i Riget».

Bygda Voldsund i Herøy sett frå Remøya.

Voldsund i 2024. I dag ligg det mange hus langs sjøkanten her, trass Johan Brun si misnøye.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Men Johan visste likevel å gjere det beste ut av livet her. Han blir beskriven som ein festglad idealist av ein sangvinikar.

Johan dikta både songar og skodespel, og insisterte på å framføre dei ved ei kvar anledning.

Han sette opp to saluttkanoner på garden som han fyrte av i festlege lag, og reiv ned veggen på loftet for å lage dansegolv.

Men det er grunn til å tru at dansepartnaren hans ikkje alltid var like lett på foten.

Dei var ikkje spesielt opptekne av prevensjon og familieplanlegging på tidleg 1800-talet. Kvinnene var reine fødemaskinene, og Anna var ikkje noko unntak.

Ho fødde sju barn i løpet av ekteskapet. Fire av dei døydde før dei blei 12 år.

Så korleis enda overklassejenta frå storgarden og den festlege trønderen med å bli ei tragisk vandrehistorie på Sunnmøre?

Lyden frå røyret

I januar 1841 var Anna gravid igjen. Ho og Johan venta sitt åttande barn.

Tida for fødsel kom, men noko gjekk gale.

– Det var ikkje råd å få tak i doktor. Det var midt på vinteren, og det var dårleg vêr, fortel museumsvert Bøe.

Anna døydde, med barnet i magen.

Johan mista sitt livs kjærleik og sitt ufødte barn.

Ti dagar seinare var bygdefolk samla til gravferd. Det festlege livet hadde gitt Anna og Johan mange vener.

Men presten var bortreist, og det blei difor sett eit jernrøyr i grava, heilt ned til kisteloket. På denne måten kunne jordpåkastinga skje seinare.

Ein handelsmann som hadde rodd langt for å delta i gravferda, blei verande på øya etter seremonien var ferdig.

Då kvelden kom og han skulle heim, gjekk han over gravplassen på veg mot båten, som låg fortøydd like nedanfor.

Det var då han høyrde det.

Anna med Barnet

Over den vesle kyrkjegarden, gjennom ein port i ein steingard, leier stien vidare ned til sjøkanten.

Foto: Remi Sagen / NRK

Over den vesle kyrkjegarden, gjennom ein port i ein steingard, leier stien vidare ned til sjøkanten.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Han høyrde lyden av eit barn som gret. Han forstod til si forferd at lyden kom frå grava til Anna, fortel Bøe.

I panikk fekk handelsmannen tak i folk og spadar. Dei fekk kista opp av jorda så fort det gjekk, og reiv av loket.

– Dei såg då at Anna hadde fått eit barn etter at ho var gravlagt.

Men det var for seint. Både Anna og barnet var døde.

Oppslukt av historia

Nesten hundre år etter Anna blei gravlagt, blir Randi Almestad fødd. Ho er ei av mange i øykommunen som har vokse opp med denne forteljinga.

Eg er heilt sikker på at dette har skjedd. Det har skjedd noko, seier Almestad, overtydd.

Ho sit i lenestolen i stova heime i Herøy. Det knirkar svakt når ho gyngar. Ho fortel at ho var veldig lita då ho høyrde historia om Anna med barnet første gong.

Det gjorde eit voldsomt inntrykk på meg. Å tenke på at ho levde og låg ned i grava og fekk ei lita jente.

Randi Almestad

Randi Almestad har vokse opp med historia om Anna med barnet. No fortel ho den vidare til sine barnebarn.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Almestad blei oppslukt av den mystiske historia om Anna.

– Då lovde mora mi at eg skulle få sjå grava til Anna med barnet. Og det var heilt overveldande for meg å sjå dette store korset.

Medan Almestad beundra gravminnet med store auge, snakka dei vaksne om ting ho ikkje forstod.

– Og så begynte dei vaksne å snakke om skinndød. Det blei så underleg for meg, for eg kunne ikkje forstå kva skinndød var for noko. At dei kunne gravleggje nokon som levde, det var heilt uverkeleg, seier Almestad.

Kva var dette uttrykket dei vaksne snakka om? Kan det vere forklaringa på mysteriet om Anna?

Kistefødsel

Ida Kathrine Gravensteen er rettsmedisinar ved Oslo Universitetssykehus. Ho kan det meste om døde kroppar.

Ho fortel om eit fenomen som verkar mistenkeleg likt historia om Anna.

– Det er eit veldig sjeldan og litt omstridt fenomen som kallast for kistefødsel, og det har vore dokumenterte tilfelle heilt frå 1600-talet.

Rettsmedisiner Ida Kathrine Gravensteen

Rettsmedisinar Ida Kathrine Gravensteen jobbar med å undersøke døde kroppar.

Foto: PATRICK DA SILVA SÆTHER / NRK

Rettsmedisinar Ida Kathrine Gravensteen jobbar med å undersøke døde kroppar.

Foto: PATRICK DA SILVA SÆTHER / NRK

Rettsmedisinaren forklarar korleis ein baby kan kome ut av kroppen som ein del av rotningsprosessen. Altså etter at mora er død.

– Det blir jo ikkje som ein vanleg fødsel der livmora fungerer som ein stor muskel som trykker barnet ut. Men det blir rett og slett eit resultat av at vevet som er i fødselskanalen, i livmorhalsen blant anna, blir blautare og liksom glir frå kvarandre.

I tillegg bygger det seg opp gassar i magen, som kan presse mot livmora, og dermed presse barnet ut.

– Det kan skje heilt eller delvis. Då vil jo barnet vanlegvis bli liggjande med hovudet ned, enten heilt utanfor skjedeopninga, mellom låra, eller med hovudet delvis ut.

Anna skal ha døydd ti dagar før ho blei gravlagt. Kor lang tid etter døden hos mor vil dette kunne skje?

– Det kan ta veldig ulik tid avhengig av veldig mange forskjellige faktorar. Etter ti dagar vil ho kunne vere i eit ganske avansert stadium i rotningsprosessen. Men det aller viktigaste er temperatur.

Anna døydde jo i januar. Den kaldaste månaden i året.

Kan kroppen ha vore heilt kald, slik at rotningsprosessen blei forseinka?

Heilt klart. I minusgrader ville antakeleg ikkje dette skje i det heile tatt. Er det kaldt nok så stoppar rotninga ganske godt opp, og ved minusgrader ville det eigentleg ikkje skje noko særleg grad av rotning i det heile tatt.

Det er berre eitt problem med denne forklaringa.

Barnet vil vere dødt. Ein baby overlever ikkje meir enn nokre minutt etter at mor sitt hjarte har slutta å slå, seier Gravensteen.

Rettsmedisiner Ida Kathrine Gravensteen står framfor eit utstyrsskap på obduksjonsrommet og kler på seg forkle og lange hanskar.

Det finst betre dokumenterte tilfelle av kistefødslar heilt fram til nyare tid, fortel rettsmedisinar Ida Kathrine Gravensteen.

Foto: PATRICK DA SILVA SÆTHER / NRK

Det finst betre dokumenterte tilfelle av kistefødslar heilt fram til nyare tid, fortel rettsmedisinar Ida Kathrine Gravensteen.

Foto: PATRICK DA SILVA SÆTHER / NRK

Gravlagt levande

Men det kan finnast ei anna mogleg forklaring.

– Der kjem ein over til eit anna alternativ, som kan vere at mor eigentleg ikkje var heilt død, men var det vi kalla for skinndød, fortel rettsmedisinaren.

Å bli tatt for å vere død, utan å vere det. Det var dette dei vaksne hadde snakka om då Randi Almestad var lita.

– Skinndød eksisterer jo faktisk. Det er at kroppen er i ein sånn tilstand at livsteikna, pusten og pulsen, blir så svake at ein knapt kan observere dei. Dei kan vere nesten umoglege å oppdage, seier Gravensteen.

Kan Anna ha blitt gravlagt levande, for så å føde i kista?

Det skal ha gått ti dagar frå Anna døydde, til ho blei gravlagd. Dei som vil forklare mysteriet om Anna med barnet meiner Anna kan ha vore i live, men skinndød, heile tida.

Illustrasjon av ei kvinne med ein nyfødd baby som ligg i ei mørk likkiste.
Illustrasjon: Kjersti Lofthaug / NRK

Ei kjærleikshistorie

Lokalhistorikar Helge Håberg har skrive bok om kvinnene som levde her ute i øysamfunnet på 1800-talet.

Han meiner det er fleire ting som skurrar ved historia om Anna med barnet.

– Grunnen til at eg er så oppteken av denne historia, det er jo først og fremst at eg ser på den som reint oppspinn.

Helge Håberg står ved havet i Herøy, med Voldsund i bakgrunnen. Han har mørke briller og raud allversjakke.

Helge Håberg er lokalhistorikar, og har skrive om «Anna med barnet». Men ikkje fordi han trur på historia.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

For meg er det heilt opplagt at døde kvinner ikkje føder barn, og dei føder i alle fall ikkje barn nedi ei kiste.

Han peikar mellom anna på jernrøyret, som skal ha stått i grava medan dei venta på jordpåkastinga.

Dette var ein vanleg skikk for folk som ikkje hadde råd til å leige prest. Presten tok gjerne ei oppsamlingsrunde etter ei gudsteneste, og kasta jord på gravene som stod klar.

Men dette blir jo velta av at dette ikkje var vanlege folk. Dette var overklassen, påpeikar Håberg.

Erik Werenskiold sitt måleri «En bondebegravelse»

I Erik Werenskiold sitt måleri «En bondebegravelse» kan vi sjå eit røyr eller ein kjepp som stikk opp frå grava.

Foto: BØRRE HØSTLAND / NASJONALMUSEET

I Erik Werenskiold sitt måleri «En bondebegravelse» kan vi sjå eit røyr eller ein kjepp som stikk opp frå grava.

Foto: BØRRE HØSTLAND / NASJONALMUSEET

Håberg meiner altså at heile historia er eit kreativt påfunn.

Og han trur han veit kvar den kjem ifrå.

Johan Brun er det som er opphavet til heile historia rundt Anna med barnet. Det må ein verkeleg seie.

Og nøkkelen, meiner Håberg, er korset Johan skal ha sett opp til minne om sin store kjærleik.

– Gravminnet på Herøy Gard er veldig spesielt. Eg trur at eit sånt kors ville laga ei historie, nesten uansett kvar det stod hen i verda.

Anna med Barnet

Det mektige jernkorset til minne om Anna med barnet har stått på kyrkjegarden ved kysten i nærmare 200 år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det mektige jernkorset til minne om Anna med barnet har stått på kyrkjegarden ved kysten i nærmare 200 år.

Foto: Remi Sagen / NRK

Evig liv

Kva som skjedde i kista denne natta i 1841, forblir eit mysterium.

Det vi veit, er at det står eit mektig jernkors på den gamle kyrkjegarden i Herøy.

Til minne om «Anna med barnet».

Nokre har teke til orde for å grave opp att grava igjen, for å få eit endeleg svar på det snart 200 år gamle mysteriet.

For museumsvert Bøe, som har brukt fleire år på å fortelje om Anna, er sanninga uviktig.

– Det er håpet om at dette kunne ha skjedd. At det faktisk er mogleg at livet kan overvinne døden.

Anna med Barnet

For tidlegare museumsvert Nina Elisabeth Bøe står historia om «Anna med barnet» igjen som ei historie om håp og kjærleik.

Foto: Remi Sagen / NRK

For tidlegare museumsvert Nina Elisabeth Bøe står historia om «Anna med barnet» igjen som ei historie om håp og kjærleik.

Foto: Remi Sagen / NRK

Johan levde vidare i mange år etter at han mista Anna og barnet. Han gifta seg på nytt og fekk fleire barn. Likevel ligg også han gravlagt her, ved sin ungdoms store kjærleik.

– Det er ei historie om kjærleik. Om Johan sin store kjærleik til Anna. Han klarte ikkje å berge dei i grava, men historia lever vidare. Og den kjem aldri til å bli gløymt her i Herøy.

Anna med barnet fekk evig liv.

Historia om «Anna med barnet» er også ein podkast. Du kan høyre den her: