Hopp til innhold

17-åringar tente 400.000 kr på ein månad

Er du skulelei kan kanskje fiske av oppdrettslaks vere noko for deg.

Nikolai Enoksen Ohr og Ola Fredriksen Orset med to store, blodige oppdrettslaks som hadde rømt frå Lerøys anlegg ved Flemma i Gjemnes på Nordmøre. På liten sjark. Oppdrettsanlegg i bakgrunnen.

Ola Fredriksen Orset og Nikolai Enoksen Ohr med 2/500-del av storfangsten.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Ein liten sjark freser over ein blikstille fjordarm. Om bord er to nyrike 17-åringar.

– Da me las at det hadde rømt oppdrettslaks, tilbaud me å hjelpe til, fortel Nikolai E. Ohr.

Ein liten månad seinare har dei dratt opp 500 laks og tent 400.000 kroner.

Flemma, Gjemnes. 17-åringar i sjark ved fjell og fjord.

Rett ved oppdrettsanlegget fiskar 17-åringane med garn.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Det var Tidens Krav som omtalte fangsten deira først.

Garnhalar

Dei to ungdomane i Gjemnes på Nordmøre får 10.000 kroner om dagen, pluss 350 kroner per laks.

– No har de tent mykje meir enn til konfirmasjonen?

– Ja, absolutt! No skal me investere i apparat til å hale opp garna.

17-åringane har nemleg dratt alle garna for hand til no. Det er litt av ein jobb når dei har dratt opp nær 3 tonn med fisk.

17-åring vaskar blodig oppdrettslaks i Flemma.

Nikolai E. Ohr spylar laksen.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Det er deilig å få jobba litt og bruke musklane til det dei skal brukast til. Det er betre enn å sitte på skulebenken i alle fall, seier Ohr.

Både bestefaren og broren hans er fiskarar.

– Fiskarar er ofte skeptiske til oppdrettsnæringa, både grunna konkurranse og slike rømmingar som kan true bestandane?

– Oppdrett gir oss mat, og eg synast ikkje industrien er så ille som folk skal ha det til. Men det med rømminga må dei finne nokre løysingar på etter kvart, seier 17-åringen.

Gadus group sitt oppdrettsanlegg for torsk på lokaliteten Alida i Volda. Biletet er tatt med drone og vi ser 10 merder i sjøen

Det vart funne hol i fleire merdar da 87.000 torsk rømte frå dette oppdrettsanlegget i Volda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Mykje fiskerømming

Det skulle vere nok av oppdrag for dei som vil fange fisk på rømmen.

Hausten 2022 rømte 40.000 laks i Sognefjorden. Da var det dusør på 200 kroner per laks. Til saman 8 millionar kroner å tene.

Få veker seinare rømte 87.000 oppdrettstorsk nær Volda.

Til saman rømte rundt 160.000 fisk frå oppdrett berre i 2022. Tilsvarande rundt 50 millionar kroner å tene i dusør.

Jan-Erik Indrestrand er informasjonsleder i Fiskarlaget

Jan-Erik Indrestrand (t.h.) er informasjonsleiar i Fiskarlaget.

Foto: Norges Fiskarlag /

Fiskarlaget er imponert over 17-åringane på Nordmøre.

Dette viser at det er både tak i, initiativ og kunnskap på plass hos desse ungdommane, seier Jan-Erik Indrestrand i Fiskarlaget.

Han legg til at det er mange vegar inn i fiskaryrket, og at dette verker som starten på to gode yrkesfiskarar.

Det er jo ikkje i utgangspunktet denne typen fiske ein ekte fiskar skal drive med. Men det er flott at desse gutane får erfaring og kan bygge opp fartøyet og utstyret om bord gjennom å tene pengar på å hindre spreiing av oppdrettslaksen, seier Indrestrand.

Rv 666 ved Flemma. Lerøy oppdrettsanlegg mellom bjørketre og fjell.

Den siste rømminga skjedde eit laksehopp unna riksveg 666.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Lerøy svarar (ikkje)

Det var i slutten av februar at nokon fiska oppdrettslaks i fjorden. Det gjorde at Lerøy Midt oppdaga eit hol på tre kvadratmeter i ei av merdane.

Dei fann ut at heile 5.000 storlaks hadde rømt ut i det fri.

Oppdrettsgiganten Lerøy hadde i fjor inntekter på over 30 milliardar kroner1. Dei har ikkje høve til å stille til intervju om hendinga, men svarar på e-post.

«Om årsak og kva som har skjedd, har me ikkje noko ny info å legge til», skriv John Inge Seljehaug i kommunikasjonsavdelinga.

Selskapet har tidlegare opplyst at dei skal prøve å finne ut årsaka til det store holet i merden.

Daud oppdrettslaks på båt, med fjell og fjord i bakgrunnen.

17-åringane har fanga 10 prosent av den rømte fisken.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

3.600 av dei rundt 5.000 rømte laksane er no tatt.

– Kriseplanen vår blei umiddelbart sett i verk. Det er sett ut 1.200 meter med gjenfangstgarn innanfor det området me har løyve til, har Harald Larsen, dagleg leiar i Lerøy Midt, fortalt i ei pressemelding.

Lerøy har ikkje hatt høve til å svare på korleis ein skal unngå at villaks skal gå i garna. Laksen i Tingvollfjorden er nemleg freda.

Dei har heller ikkje svara på kvifor dei ikkje sjølve oppdaga at laksen var på rømmen, eller kva dei konkret gjer for å hindre nye rømmingar.

Flemma, Gjemnes. 17-åringar med stor laks i sjark ved flytebrygge, fjell og fjord.

Den åtte meter lange båten er eigentleg ein teinebåt, som dei har lånt av storebroren (20) til Nikolai. Han får ein tredel av inntektene.

Til skuleleie

17 år gamle Nikolai E. Ohr tar såkalla praksisbrev, som gjer at han er på skulen ein dag i veka, medan resten av tida i ei bedrift. Kameraten Ola F. Orset har tatt seg eit pauseår frå skulen.

– Ungdomsskulen var terningkast to, vidaregåande er tre. Det er noko anna her ute på fjorden, seier Ohr.

– Kva vil du seie til andre som er lei av skulen?

– Du finn ikkje nødvendigvis ut kva du vil blir ved å sitte på skulebenken og tenke det. Du må oppleve korleis jobben er, seier han medan han spyler blod av dagens fangst, fem sekskilos oppdrettslaks som glitrar i sola.

Flemma, Gjemnes. 17-åringar med store blodige oppdrettslaks i sjark ved fjell og fjord.

No blir det laksefest i påska.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Les også Isaks tungeskjæring ble mattepensum

Isak Tøllefsen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga