Hopp til innhold

Aksjonistar blokkerte veg for anleggsmaskiner

Vindkraftaksjonistar prøvde i dag å sperre vegen til Haramsfjellet på Sunnmøre slik at anleggsmaskiner ikkje kunne passere.

Aksjonistar på Haramsøya.

Aksjonistar blokkerer vegen opp til Haramsfjellet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE: Torsdag ettermiddag har anleggsmaskiner kome seg opp på Haramsfjellet. Både politi og aksjonistar har følgt maskinene heile vegen opp.

Annlegsmaskinene er på fjellet.

Torsdag ettermiddag hadde nokre av maskinene kome opp på fjellet på Haramsøya.

Foto: Håkon Akselsen

I 12.00-tida blokkerte vindkraftaksjonistar vegen opp til Haramsfjellet. Dette for å prøve å hindre at maskinane skulle kome seg opp til anleggsområdet. Dette skjedde etter at ein bil som blokkerte vegen hadde blitt fjerna frå området.

Aksjonerte

Dei åtte 150 meter høge vindturbinane som etter planen skal byggast på Haramsøya har møtt sterke protestar. Motstandarane meiner bygginga må bli utsett til saka er behandla i rettssystemet.

Dei siste vekene har dei blokkert vegen opp til Haramsfjellet med ein bil. Dette har hindra utbyggaren i å transportere utstyr opp til anlegget.

Aksjon på Haramsøya for å fjerne bil som sperra veg opp til Haramsfjellet.

Bilen har blitt plassert på lasteplanet på bergingsbilen.

Foto: Eli Rogne

Torsdag var politiet på plass på øya for å fjerne denne bilen. Politistasjonssjef i Ålesund, Oddbjørn Solheim, seier til NRK at dei tek utgangspunkt i det vedtaket som er fatta om utbygginga av vindturbinane.

– No har det vore fysiske sperringar over tid for å hindre arbeidet. Vi reiser dit for å sikre at eit lovleg fatta vedtak blir gjennomført, sa Solheim til NRK torsdag morgon.

Fjerna bil

I 10-tida blei bilen taua opp på lasteplanet til ein bergingsbil. Dette blei gjort medan aksjonisten Hans Petter Thue sat i bilen. I forkant av dette las politiet opp bakgrunnen for vedtaket om å fjerne bilen.

Aksjonistar går sakte framfor bergingbil på Haramsøya.

Aksjonistane går sakte framfor bergingsbilen på Haramsøya.

Foto: Per Jarle Fjørtoft

Thue har dei siste vekene valt å flytte inn i bilen for å vise motstand mot vindkraftanlegget. Bilen har stått på tomta hans på jordbruksvegen opp til Haramsøya. Han har tidlegare sagt at han ikkje ville flytte seg før det eventuelt kjem ei rettsleg kjenning på at han må det.

– Dette er ikkje ein veg som er regulert for industri. Den er regulert til landbruk. Og eg står på mi eiga tomt. Det kan eg ikkje forstå er i strid med lova, sa Thue til NRK i slutten av mai.

Vil kjempe vidare

Aksjonistar på øya gjekk sakte framfor bergingsbilen då den i dag frakta vekk bilen frå staden. Ein av vindkraftmotstandarane, Pauline Aksnes, reagerer på politiets aksjon.

Birgit Oline Kjærstad saman med politiet.

Leiar for aksjonsgruppa, Nei til vindkraft på Haramsøya, Birgit Oline Kjærstad.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Dette er ei stor tragedie og eit gedigent overtramp mot folk og natur. Dei øydelegg øya, seier ho på telefonen til NRK.

Leiar for aksjonsgruppa, Nei til vindkraft på Haramsøya, Birgit Oline Kjærstad, seier er imponert over engasjementet som aksjonistane viser.

– Dette er eit uttrykk for kva lokalbefolkninga meiner. Du kjempar til siste slutt når det er noko som er så viktig. Folk har oppført seg eksemplarisk og eg bøyer meg i støvet for korleis dei har handtert situasjonen, seier ho.

Politistasjonssjef i Ålesund, Oddbjørn Solheim, seier at aksjonen gjekk fredeleg for seg.

Foto: Tipsar.

Her blir bilen lasta opp på bergingsbilen medan aksjonistane syng «Ja, vi elskar». Foto: Per Jarle Fjørtoft

Forventar reaksjonar

Advokaten til fleire av grunneigarane på Haramsøya sende i går eit brev til politiet der dei meiner at dei har retten på si side når dei blokkerer vegen. Utbyggaren Zephyr har tidlegare sagt at dei meiner at dei har rett til å bruke vegen.

Bil som blokkerer vegen opp til Haramsfjellet.

Denne bilen har dei siste vekene blokkert vegen opp til Haramsfjellet og det omstridde vindkraftverket som er planlagd der.

Foto: Håkon Akselsen

– Vi er trygge på vår rolle og har vurdert det som har kome inn. Vi meiner at vi har vårt på det tørre med tanke på å fjerne bilen, seier Solheim.

Han forventar at dagens aksjon vil skape reaksjonar.

– Vi veit at dette vil mobilisere til kraft der ute og det har vi respekt for. Vi har god dialog med aksjonsgruppa og det ønskjer vi å halde fram med. Vi har ikkje tatt side i saka, men dette er politiet si rolle.

– No har dei demonstrert i fleire veker og vi synest det er fint at dei har markert sitt syn, men på eitt eller anna tidspunkt må politiet ta dette vidare og sikre at utstyret kan bli frakta opp til anlegget, held Solheim fram.

Politiet fjernar ein bil på Haramsøya.
Foto: Per Jarle Fjørtoft

Håper arbeidet kan starte snart

Dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit, seier at han håper at arbeidet no kan starte opp.

Olav Rommetveit, Zephyr

Dagleg leiar i Zephyr, Olav Rommetveit.

Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Vi har i lang tid hatt alle dei løyva vi treng for å starte vindparken, og avtale med veglaget for å bruke vegen. Vi syns det er leit at det har gått så langt at ein har tydd til ulovlege aksjonar. Men er glad for at det ser ut som at vi kan få begynne på arbeidet nå, seier han.

Når vil de starte med arbeidet?

– Vi håper å starte opp når alt er trygt på plass. Vi har stor forståing for at det er delte meiningar rundt dette. Men vi må sørge for sikkerheita til arbeidarane og lokalbefolkninga er på plass. Og vi håper vi kan starte opp no i løpet av denne veka, seier Rommetveit.

Forstår at det kan verke dramatisk

Han har forståing for at nokre opplever inngrepet som dramatisk.

Oddbjørn Solheim

Politistasjonssjef i Ålesund, Oddbjørn Solheim.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Politiet er maktapparatet i sivile situasjonar som dette er. Vi vil ha ei venleg innstilling der folk skal få tid og anledning til å flytte seg.

– Kva om det kjem ein ny bil som blokkerer vegen?

– Vi er førebudd på at slike ting kan skje, og det må vi ta stilling til når det eventuelt skjer, seier Solheim.

Her fjernar politiet bilen som har blokkert vegen opp ti Haramsfjellet.

Red. anm: Nokre av bileta i artikkelen er tatt av frilansfotograf Håkon Akselsen. Vi gjer merksam på at han også har markert motstand mot vindkraftverk på Haramsøya»