Hopp til innhold

Lars (19) fekk brev i posten og blei plutseleg huseigar

Mange unge har ikkje råd til å kjøpe bustad. Lars Furnes fekk hus på ein spesiell måte.

Lars Furnes er 19 år og har einebustad i Hamnsundet i Haram

Lars Furnes har einebustad med løe og stor tomt.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Med panoramautsikt over fjord og fjell i Hamnsundet i Haram ruvar den tre etasjes einebustaden. Lars Furnes låser seg inn og viser veg opp den oransjemåla trappeoppgangen.

Han hadde aldri førestilt seg at han skulle eige eit heilt hus i så ung alder.

– Det kom plutseleg eit brev i posten, der det stod at eg og søstera mi arva nabohuset, fortel 19-åringen. Beskjeden kom totalt uventa.

Det avdøde, barnelause ekteparet var Lars si grandtante og grandonkel.

Furnes måtte bestemme seg for om han ville ha huset eller selje det. Huset må nemleg totalrenoverast og det er ein stor kostnad.

Lars Furnes sparklar i loftleilegheita i einebustaden sin i Hamnsund

Lars har sett i gang eit omfattande renoveringsprosjekt. Han skal ferdigstille loftsetasjen først, slik at han kan leige den ut.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Måtte droppe kul bil

– Eg måtte gå nokre runde med meg sjølv. Det var blanda kjensler, seier Furnes.

Han jobbar som fiskar og hadde eigentleg tenkt å kjøpe seg ein kul bil.

Det hadde han ikkje råd til dersom han skulle overta huset og kjøpe ut søstera slik at ho fekk dei 1,3 millionane hennar del var verdt.

Å få lån i banken i så ung alder var heller ikkje lett, men det ordna seg.

– Dei tok meg ikkje seriøst, for eg var så ung. Eg hadde jo ikkje jobba så lenge, seier Lars.

Lågare husprisar betyr lite

For unge, single personar kan det vere vanskeleg å kome inn på bustadmarknaden.

Banksjef for personmarknaden i DNB Ålesund, Anna Gran Berild, seier at bustadprisane gjerne er lågare på bygda enn i pressområde i byane, men likevel er det ikkje nødvendigvis lettare for unge å kjøpe seg bustad i utkanten.

Storleiken på lånet kan ofte bli det same, berre at ein får mindre leilegheiter i byane for pengane.

– Det er heller ikkje lågare prisar som skaper skilje mellom unge. Det er om du får hjelp frå foreldre eller ikkje, seier Berild.

Anna Gran Berild

Anna Gran Berild er banksjef i Ålesund.

Foto: Stig Fiksdal/DNB

Tal frå SSB viser at ein av fire som kjøper hus treng foreldrehjelp. I fjor var forskot på arv eller gåver mest vanleg.

Berild meiner det er viktig å kome tidleg inn på bustadmarknaden og rår unge til å kontakte banken for å legge ein plan. Banken har moglegheit til å vike frå kravet om eigenkapital for unge, dersom ein har fast inntekt og viser sparevilje.

Lennart Økland Tetlie er eigedomsmeklar i Notar i Ålesund.

Lennart Økland Tetlie er eigedomsmeklar i Notar i Ålesund.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Unge pussar opp

Lennart Økland Tetlie i Notar er eigedomsmeklar i området. Han seier at det på ingen måte er vanleg å ha einebustad som 19-åring, men på bygda kan det skje.

– Eg har to eksempel sjølv frå siste halvår, dei var 20 år. Men det er lengre mellom dei kjøparane, seier Tetlie.

Han opplever også at unge er meir villige til å kjøpe bustader som treng oppussing.

– Mange unge har meir pågangsmot enn dei som kanskje har hatt to og tre bustader før. Det er meir mot i dei som kjøper sitt første oppussingsobjekt, seier meklaren.

Lars Furnes står på verandaen og ser på utsikta i einebustaden i Hamnsund i Haram

Huset ligg nær sjøen og har flotte solnedgangar, som Lars gler seg til å nyte. I sommar skal han sprøytemåle heile huset.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Basseng i hagen

Det arva huset er på rundt 300 kvadrat, og i tillegg følgde det med løe og tomt på 8 mål. Berre få meter unna ligg hurtigbåtkaia.

– Eg har lyst til å bygge eit basseng på nedsida her. Å skyte ut tomta og støype, gliser 19-åringen.

Den draumen er han milevis unna å nå. Huset er nemleg eit stort oppussingsprosjekt, som det ikkje er råd å bu i. Det manglar både kjøkken og toalett.

Fiskaren bur difor på guterommet hos foreldra, på andre sida av vegen. No brukar han friperiodane frå sjøen til snikring, og han får god hjelp frå familien.

Lars Furnes på jobb på sjøen

Lars Furnes jobbar som fiskar. Han meiner at jobben er perfekt å kombinere med husprosjekt. Ikkje brukar han pengar når han er på sjøen og han har lengre friperiodar.

Foto: privat

Angrar ofte

Huset er inndelt i to separate leilegheiter med kvar sine inngangar. Målet er å gjere klart loftsetasjen først, slik at han kan leige den ut. Undervegs i rivinga dukkar det stadig opp utfordringar.

– Kvar gong eg møter motstand, angrar eg på heile greia. Eg må minne meg sjølv på kvifor eg skal gidde å fortsette, smiler Lars.

Han kunne ingenting om renovering før han sette i gang, og er glad for at han ikkje visste kor mykje arbeid det kom til å bli.

Lars Furnes arva einebustad i Hamnsund i Haram

Dette er stova i hovudetasjen. Der skal Lars bu sjølv ein gong.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Trur investeringa skal løne seg

Mange syntest Lars Furnes var sprø som tok på seg renoveringsprosjektet, men han har trua på at det skal løne seg.

– Sjølv om det er mykje arbeid, trur eg det er verdt det. Det er ikkje så mange i så ung alder som får denne moglegheita, seier Lars.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL