Motvind vil ta åtte vindkraftverk for retten

Motvind Norge sender varsel om søksmål til åtte prosjekt langs heile kysten med krav om midlertidig stans for å stoppe prosjekta.

Stadlandet

FEM VINDMØLLER: Det er fjellområdet i bakgrunnen (midt i biletet) Okla vindkraftverk skal byggast på.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Eit av vindkraftanlegga er Okla vindkraftverk. På det forblåste Stadlandet i Vestland skal det setjast opp fem vindturbinar som er 148,5 meter høge, noko som har vekt reaksjonar.

– Stad har eit ikonisk landskap og ein fantastisk flott natur. Det er eit område med store naturverdiar, og det er ikkje den type natur vi bør ofre for å produser straum vi eigentleg ikkje har bruk, så det er heilt openbert kvifor den står på lista, seier Rune Haaland som er generalsekretær i Motvind Norge.

Også Buheia i Kvinesdal, Tysvær på Haugalandet, Haramsøya på Sunnmøre, Øyfjellet i Vefsn, Nord-Odal i Innlandet, Frøya i Trøndelag og Sørmarkafjellet i Trøndelag står på lista over dei åtte anlegga.

Det er sendt varsel i tre av sakene. Motvind seier dei andre sakene skal behandlast i løpet av veka.

Demonstrasjonar på Haramsøy

PROTESTAR: Haramsøya på Sunnmøre er ein av stadane det har vore sterk motstand mot vindkraft.

Foto: NRK Tore Ellingster

Meiner det er brot på regelverket

Motvind meiner det er gjort sakshandsamingsfeil, at naboar ikkje er er blitt høyrde og at det er feil bruk av lova.

– Regelverket blir brukt feil, mellom anna når det gjeld støy. Vi trur at om vår forståing av lova er rett, så vil vi få domstolane med på å stoppe dei åtte planlagde kraftverka, seier Haaland.

Miljøaktivist Rune Haaland

VARSLAR SØKSMÅL: Rune Haaland i Motvind Norge varslar åtte søksmål til åtte vindkraftprosjekt langs heile kysten.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Organisasjonen Motvind blei stifta i fjor og jobbar mot landbasert vindkraft i norsk natur.

– Vi vil beskytte dyre- og fugleliv og helsa til folk. Det er ein del støy frå desse turbinane og det er ikkje sunt å bu i nærleiken av desse.

Ventar på avgjerd

Motvind har allereie teke ei vindkraftutbygging til retten, og det er første gong ei slik sak blir prøvd i rettssystemet. Saka om Vardafjellet vindkraftverk i Sandnes starta i starten av mai. Haaland trur at avgjerda kjem denne veka.

– Vi tok den til retten etter at utbygginga hadde kome i gang.

Nordisk vindkraft, som står bak utbygginga av Vardafjellet vindkraftverk i Sandnes, uttalte for kort tid sidan at det ikkje er grunnlag for å stanse anleggsarbeidet.

– Vindparken er ferdig utbygd, med unntak av monteringa av turbinane. Difor er det ikkje grunnlag for midlertidig forføyning i denne saka. Både konsesjonen og dei seinare vedtaka i saka er gyldige, sa advokat Jens Naas-Bibow, som representerer Vardafjellet vindkraft.

No kan altså åtte kommande anlegg stå for tur. Haaland seier lista kan bli supplert med eit par til.

Organisasjonen får pengar frå folk som engasjerer seg mot vindkraft. Difor kan dei ta sakene for retten.

– Vi ser at kvar gong vi legg ut ei innsamling, får vi pengane inn etter eit døgn eller to. Folk har fått meir enn nok av dei ulempene det er å vere i kontakt med vindturbinar.

– Tek miljøet på alvor

Det er Falck Renewables Vind AS som skal byggje ut på Stad. Direktør Scott Gilbert seier dei tek miljøet på alvor, og at dei fremjar ein berekraftig vekst av fornybar energi.

Dei vil ikkje kommentere den siste utviklinga.

– Vi har for augneblinken ingen kommentarar til Motvind Norge sine handlingar, og vi vil vurdere det meir detaljert etter kvart.

Vindkraftutbygginga i Norge har møtt motstand fleire stader. Denne helga er det aksjonar på Haramsfjellet på Mørekysten der det skal setjast opp åtte 150 meter høge vindturbinar.

Fryktar forseinkingar

Interesseorganisasjonen til vindkraftbransjen, NORWEA, seier det mest problematiske med søksmåla er store ekstra kostnader og forseinkingar.

– Eg skal ikkje sutre over at dei tek det til retten, men det blir veldig mykje prosessar. Dette er prosjekt som er godkjende av styremaktene i fleire instansar, det vil seie både hos NVE og Olje- og energidepartementet, seier adm.dir. Øyvind Isachsen.

Øyvind Isachsen

KLAR TIL KAMP: Øyvind Isachsen, adm.dir i NORWEA, meiner utbyggarane har ei god sak.

Foto: Norwea

Han trur vindkraftutbyggarane har ei god sak, men er bekymra for konsekvensane dersom det no blir midlertidig stans i fleire av prosjekta.

Han meiner det er statens konsesjonssystem som her er under angrep, og viser til at utbyggarane har gyldige konsesjonar.

– Kven skal ta den rekninga? Det er neppe noko utbyggar har lyst til å gjere, seier Isachsen, som viser til at bransjen har tydelege tidsfristar dei må forholde seg til.